fredag 19. august 2011

Vi kjenner oss heime.

Oppkøyrsla til oss og til naboen.
Vi har no fått søppelspann og postkasse.
Med tida skal det bli asfalt og steinsetting, og litt gras.
Og eit lite blomsterbedd.

Den polske snikkaren set inn dør på sida av garasjen.
Dei er flinke desse karane.



På baksida av huset. Naboen har trilla ut ferdigplen.
Han har alt klipt fleire gonger. Vi ventar på endeleg oppmåling,
så vi kan vite kva vi eig.

Skap frå Ikea på soverommet. Asle hjelpte oss å kjøpe og montere.

Sofaen som vi hadde i Ørsta gjekk bra inn.

Souvenirane har fått eit skap åleine. Inga likar musikkinstrumenta.

Og ny ampe over kjøkkenbordet, det same bordet som vi hadde i Ørsta.

På loftstova er sofaen frå biblioteket i Ørsta pluss stolen og skjenken.
Av nye møblar har vi stort sett kjøpt berre skap.


Hans har og fått med seg datakroken sin.
Så kan han lage fleire DVDar.
Eg har og min krok med skrivebord.

Utsikt frå verandaen i andre etasjen. Der er usjenert å sole seg.
Om kveldane er det ofte ein heilt nydeleg kveldshimmel her mot vest.



lørdag 6. august 2011

Kva er no dette for eit hus ?



Fredag køyrde vi til Larvik med det siste lasset, det tiande. Så no skal alt vere flytta.
Vi hekta på lasset som sto i Ørsta. Køyrde over Hemsedal.
Fekk teke eit bilete av huset i Farkvamen 10. Det såg ikkje ut som vårt.
I dag har vi hatt Asle her i Rekkevikløkka. Han har hjelpt oss med å henge opp bilete og gardinstenger. No er det blitt bra i orden i huset. Vi har rett nok endå 20 kassar ståande i garasjen. Dei skal pakkast ut litt om senn.

Jordbær på hytta.

Astrid hadde med jordbærplanter frå Sola i sommar.
Dei vart planta i ein liten åker mellom mine mandelpoteter og
rhododendronen.

Plantene står fint. Det var blomst på dei då dei kom.

Og her er den første avlinga. Det vart eitt bær på kvar for Hans, Asle og meg.
Med litt rips i tillegg vart det fin dessert med vaniljesaus.
Asle fekk det største sidan han var gjesten.

Hans og Asle syntest det var for gale at ikkje stikkelsbæra vart plukka.
Men etter sirka ein liter. ærklærte dei at bæra var for sure; det ville gå med for mykje sukker.
Så dei avslutta plukkinga, så no blir dei til fuglane eller til jord.

torsdag 4. august 2011

Fisk til vinteren

Hans har fått 28 seiar, bra store, og ein fin torsk. Eg laga kams av levra.
Hans flekkjer og tek ut ryggen. Eg vaskar.


Så blir filetane frosne enkeltvis. Etter dei er frosne, plukkar vi dei opp i ein plastpose.
Då er det greitt å ta opp passe mykje frå frysaren. Vi har nok med ein sei til middag.

Så kom Asle til hytta. Då vart det ny fisketur, og fangsten vart 32 seiar og ein torsk.
Han vil ha "nuggets". Dei må ha noko som er fort å lage til middag når dei kjem frå skulen. "Nuggets" er reinskoren fisk, utan skinn og bein.


Lurer han på om han kan fordøye dette? Alt forsvant!

Vi legg fiskestykka utover ei rist og frys dei. Då kan ein ta opp passe mange til middag.

tirsdag 2. august 2011

Ny eigar i Farkvamen 10

Det var på olsokdag, 29. juli at vi overlet nøklane til huset til den nye eigaren.
Ho tok mot åleine, for sambuaren er på Grønland.
Ho er elles i full gong med å pusse opp i kjellarbustaden.
Og no vaskar ho huset utvendig. Det skal målast i ny farge, ein lys. Det blir nok fint.

Meglaren var med og passa på at dei naudsynte papira vart underteikna.
Vi gjekk gjennom heile huset så den nye eigaren kunne sjå at huset var fint vaska.
Det syntest ho det var.

Vi besøkte så naboane ovafor, Bjarne og Borghild Opsal.
Ho har nett hatt 80-årsdag, så vi hadde med ein blomst.
Og så fekk vi gåve: fine lys med namna våre på, laga i Lysfjøset.
Gode naboar som vi tenkjer å vitje seinare og når vi er i Ørsta.
God nabo har og Frode Urke vore. Han bur nedafor. Der har vi fått kaffi og is
mange gonger i sommar.

mandag 1. august 2011

Sommar på hytta

Eigarane av hytta pluss Hans på siste laurdagskvelden av ferien.
Kari hadde laga 3 flotte pizzaer. (Omnen er ikkje så stor.)

Elinfamilien budde i naustet. Denne dagen var det Elin som var
middagsansvarleg. Ho steikte både på grillen og på gassen i naustet.
Der var heile tida gjestar som ville sjå hytta til Kari og Tore. Dei overnatta og.
Fem familer overnatta 1-3 netter etter tur, utanom Karifam., Elinfam. og Hans og eg.
Denne dagen var det 16 til bords.

Grillen nede med sjøen var mykje brukt. Denne dagen var det fisk og anna sjømat.
Endå til blåskjel frå Mega.



Langbord ute på marka var praktisk.

Pål og Wenche kom på besøk frå Ålesund den 13. juli på Hans sin bursdag.
Fint ver og kaffi på verandaen.

Teltplassen nede med sjøen var i år brukt til Volleyballbane.

Alle stod på vannski, endå til Inga prøvde .

søndag 31. juli 2011

På Svenner

Ute på den ytterste nakne ø.
Her ser vi Superspeed komme forbi på veg frå Danmark til Larvik.

Ombord i Maribell, Elin og Dag sin store seglbåt, nærmar vi oss Svenner fyr.
Det er ein fin sundag føremiddag. Men då vi runda Svenner for å komme inn til hamna,
bles det friskt.

Middag i naustet. Kotelettane vart grilla utafor. Elin kokte poteter,
erterstuing og surkål i huset dei bur i der.
Elinfamilien er vertsfolk i ei veke for turistane som kjem til Svenner fyr.
Hans og eg skulle vere med på dagstur.

Huset der Elinfamilien bur er det rett ovcer skiltet, nedafor fyret.
Vi gjekk tur på øyane. Flott natur.
Om kvelden då vi skulle tilbake til Larvik, var vinden så sterk at Dag ville ikkje gå
med Maribell tilbake til Larvik.
Dermed vart vi turistar med overnatting. Vi fekk eit fint rom og vart ei oppleving rikare.


Neste dag lånte Dag ein liten passbåt og vi hoppa på bylgjene innover til byen.
Kom oss velberga tilbake og vi kunne køyre til Ørsta.


I Larvik

Desse flyttekassane har stått i Inga sitt dokkehus sidan i april.
No er dei flytta over til garasjen vår.
Vi har gløymt kva som er i dei. Ikkje sakna noko heller.

Asle og Eili var med oss til Ikea på Slependen for å kjøpe garderobeskap.
Det var godt å få hjelp!
Seks flatpakka skap med hyller og korger opp til taket.
Masse arbeid å få i hop.


No er møblane frå Ørsta på plass. Frå biblioteket i Ørsta til loftstova i Larvik.
I stova nede er møblane komne, men bilete og gardiner ventar på opphenging.

tirsdag 5. juli 2011

Flyttelass i tilhengar.

I dag reiste Hans og bror Arne til Larvik med det meste som var att i Ørsta.
Vi treng å fare med eit slutt-lass seinare.
No for sofaer og stolar, store bilete og mykje anna.
Dei reiste over Hemsedalsfjellet og er komne vel fram. I morgon kjem dei tilbake.
Så blir det eit lass til Steinhovden. Godt at nokon vil ha ting når vi ikkje får plass.

Straks dei var reiste starta vi nedvasken. Eg har Eili til hjelp, og det er veldig kjekt.
Ho har sommarjobb her.
I dag har vi vaska ned to rom, så vi er godt i gang.
Biblioteket var veldig stygt etter alle hyllene med bøker.
Men det blei ganske fint etter mykje jiff og dampvask.
I går vaska vi heile loftet.

Besøk på hytta.

Dulka og Emilie var med på hytta. Emilie likte seg godt der.
Ho klatra utstanseleg opp på hemsen. Vi var i denvesle kvite båten og rodde.
Dessverre vart det regn om sundagen og lite kjekt å vere ute.
Men laurdag var det fint å ete grauten på verandaen.