mandag 26. august 2013

Sundagstur med Maribell


Maribell er båten til Elin og Dag. Han ligg i
hamna rett nedafor jernbanestasjonen.
Det store kvite huset er rådhuset.

Hans fekk styre ut fjorden. Det likte han godt.
Vi hadde segl oppe. Lite vind. Det passa meg godt. Vi sigla fint framover og kryssa oss ut fjorden.

Det gjekk i passeleg dorgefart.  Inga og Elin prøvde fiskelykka. Men fisk fekk dei ikkje.





Vi ser Svenner fyr ute i horisonten.

På andre sida av Malmøya, i Skutevika, låg det mange båtar ankra opp.
Der var og familien til Inga si veninne. så der la vi oss i lag med dei.
Det vart leik og bading.

Så kom Johanne og med ribben sin.
To veninner av Johanne kom og der  i ein  slik ribb som dei kallar det. Så dei var to ribbar i fylgje.

Elin hadde med reker og tilbehør.
Vi hadde lunsj der.
Vi starta klokka 10 om føremiddagen og kom ikkje heim att før i åttetida om kvelden.

                                                                                     Ein flott dag på sjøen!




onsdag 21. august 2013

Grillfest på Gloppesenteret



Den frivillege gjengen som arbeider med trivselstiltak på eldresenteret inviterte til grillfest sist tysdag klokka 16.
Då tok vi middagen der, vi og. Betalte 100 kr pr pers.
Dei hadde satsa på der skulle komme ca. 50, og så kom det 110.
Heldigvis hadde dei god kontakt med  Menybutikken som også var sponsor.
Grillmesterane klarte jobben fint. Litt venting, men det gjorde ingenting. Fint og passe varmt å sitte ute.
 

Bordet der vi sat. Hans til høgre.



Her er mange av damene i kyrkjeforeininga, så dei kjenner eg.
Ei av speidardamene var der og.

 Den nybygde boulebana vart teken i bruk.
Mest karar var med der. Men og nokre damer.
Inne hadde dei rigga til med teppecurling, men folk ville helst vere ute.


Det var eit svært vellukka arrangement.
Og leiaren for dei frivillege orienterte om aktivitetane som det er tilbod om framover:
seniortrim, turgruppe, strikkeklubb, litteraturgruppe, kulturprogram og kafe med middagsservering.


lørdag 17. august 2013

Trebåtfestival i Ulsteinvik



I dag var veret fint og bra for festivalen i Ulsteinvik.
Vi  for ein tur ut om føremiddagen. Ikkje så mykje folk, men kom meir etter kvart.
Hans pratar med mannskapet på Heland, og vi såg film nede i lasterommet.
Båten var bygd i 1937 og dreiv med illegal shetlandsfart under krigen.
I gatene var det stands og etterkvart mykje folkeliv. Vi trefte kjende frå Ørsta: Eli Berit og Arnfinn Strande, og på nynorskstanden prata vi med Terje Kjøde.




Vi kjøpte vårrullar og grillspidd med ris og grønsaker hos thaidamene, så det vart middagen i dag.
No pakkar vi for Larvik i morgon.

torsdag 15. august 2013

Ferieslutt på hytta.




Eg har spadd opp jordbæråkeren.
Og vi har kjøpt to sekker jord og hatt over dei få jordbærplantene eg fann i alt ugraset.
Til våren bør vi plante nokre fleire.




Hans har drive mest heile dagen med å ta opp Ulven. No er han fint på plass i naustet for vinteren.
Vi har hatt nydeleg sommarver i dag. 



Til middag hadde vi lettsalta torsk.
Det smakte nydeleg.
I morgon blir det torskehaud.

mandag 12. august 2013

Besøk i Vedelda

I dag har vi vore i Vedelda. Ruth ringde og inviterte oss til middag. Ho serverte nydeleg fjellørret frå Myrkevatnet med godt tilbehør. Kjekt å prate med dei. Og Hans fekk reklamere for sine interesser.






søndag 11. august 2013

På Kong Arthurspelet på Sandsøya

Vi såg oss om på Sandsøya før spelet skulle ta til.
Attmed Sande kyrkje såg vi etter Mannaukjen.
Magne demonstrerer korleis
 opplysningar til folket vart gitt.

Tribunen til spelet vart fyllt godt opp.
Eg tok bilete ein time før spelet tok til.

Mange born var med i spelet. Og dei var veldig flinke.

Ei avdeling med ÅFK-folk kom og inn i handlinga.

Og kampen for stemmerett for kvinner vart markert.

Dramatikk med kongen.

Spretne nonner som både bad og dansa.








Fint på fjorden.
Vi ser rett inn til Skåratinden.

Sundagsmiddag på Lanternen


I dag tok vi sundagsmiddagen på Lanternen.
Der er alltid god mat og stappfullt med folk.
Vi greidde å få oss eit bord.
Kirsti og Magne har besøkt oss på hytta sidan fredag. Dei to andre karane har vore i Måløy på
Fiskefestivalen. Dei vann ikkje i år.
Dama er au pair på Leikong.
Vi har vore på ein liten biltur til Kvalsund og Kvalsvikja. Det har vore småregn i dag.






I går kveld fekk vi besøk av Pål som kom med seglbåt og la til ved bryggja vår. Triveleg!
Før på dagen var vi på Kong Arthurspelet på Sandsøya. Veret var fint, ein strålande dag!
Og eit morosamt og kjempeflott spel som varde i to timar. Vi for med bil og fekk sjå oss om på Sandsøya.

fredag 2. august 2013

Vedlikehaldsarbeid på hytta


Både naustet og hytta har vorte beisa.
Mykje vedlikehaldsarbeid har vorte gjort.
Det er ikkje berre ferie å vere hytteeigarar.
Heldigvis var nokre gjestar villige til å delta.