onsdag 28. oktober 2015

Hekledukar frå Dulka


Dulka har vore i Bar på sommarferie i 2 månader
i sommar.
Ho hadde ein varm sommar, opp i 40 grader. Men fekk gjort mykje handarbeid likevel.
Desse serviettane har ei veninne der laga. Det vart gåve til meg.
Dei større dukane betalar eg for til Dulka.
Eg har jo ikkje bruk for dei, men samlar no når eg har Dulka. Til barnebarn kanskje.
Noko går også til basaren.





Vi hadde eit koseleg besøk hos Dulka. Ho hadde besøk av barnebarnet.
Ho laga god suppe og pai på bosnisk vis til oss.

onsdag 21. oktober 2015

Kari 50 år!



Kari heldt selskap for både familien sin og familien til Tore på femtiårsdagen.

Middag med fårikål og dessert til 22 personar rundt bordet.
Mange hjelparar (ungdomar) hadde ære av kakebordet.

Helene heldt ein nydeleg tale til mamma.

Og lillesyster Elin hadde og god tale.

Nydeleg blomst var komen frå onkel Ottar og tante Kirsten i Bergen. Der var elles mange fine blomster og gåver.

Langedrag og stavkyrkjer


Første veka i oktober tok vi tur til Langedrag for å sjå på ulven med meir.
Med på turen var Elin, Dag og Inga, farmor Rigmor, Hans og eg.
Mest spennande var å sjå ulvane. Dei vart mata med kjøttstykke.
Elles var der mange ulike dyr.
Vi kom fram til Langedrag fredag i 12-tida.
Det var sterk vind og kaldt, så det var bra med gensar og vindklede.

Gaupa fekk vi sjå gjennom gjerdet.
Elles var der mange dyr vi kunne komme nær og klappe på.

Vi overnatta til laurdag og fekk god mat i spisesalen.

Laurdag var det strålandet ver og ganske stilt.
Vi gjekk ein fin tur innover på turvegen.
Elin og Inga køyrde med hundespann den
same turvegen.


Det hadde vore frost om natta og det var fine isroser i vegkanten.



På heimveg om laurdagen stoppa vi og såg på fleire stavkyrkjer.
Nore stavkyrkje var under restaurering.
Men Rollag stavkyrkje var i bruk.
Hans og eg hadde med Rigmor i vår bil.



Vi hadde stopp i Kongsberg. Eg hadde aldri gått i gatene der, så eg hadde lyst å sjå litt på byen.
Vi gjekk ein runde i gata og i parken. Såg Utøya-
monumentet. Der var fine haustfargar, og fossen var flott.