søndag 31. oktober 2010

Wenche og Pål på besøk.

I dag har Wenche og Pål vore på besøk. Vi hadde sosakjøt til middag.
Plommer frå i fjor til dessert.
Til kveldsmaten opna vi syltaflesket som vi fekk av Annfrid og Per.
Det smakte nydeleg.
Hans fekk vist bilete av gamle slektningar.

fredag 29. oktober 2010

Middagsgjester

I dag var Annfrid og Per til middag hos oss.
På menyen var nuggets med remuladesaus,
grønsaker, salat og sjøldyrka mandelpoteter.
God mat! sa dei.
Rips og is til dessert.
Og så såg vi på bileta frå russlandsturen.
Hans har laga DVD med kommentarar. Han er flink til det.

Klart for vinter på hytta.

Vi var på hytta onsdag og torsdag og gjorde klart for vinteren.
Der var heldigvis ikkje snø. Der hadde vore snø. Det låg ein liten flekk
attmed naustet. Det hadde nok rasa frå taket.
Hans tok flytebryggja inn i naustet. Det var stor flo som hjelpte til.
Eg har strødd kalk i bakken for å få vekk einestapen.
Det virka i fjor, syntest eg.


Frostvakten!

fredag 22. oktober 2010

Den første snøen kom 20. oktober

Bilen min ventar på å få vinterdekk på.
Hans jobbar hardt med å skifte dekk på begge bilane.
Bilen min må på verkstad i Volda for å få reparert eksosanlegget.
Eg får nesten ikkje puste når eg køyrer. Det er no vel farleg, trur eg.
Og det er ein stygg lyd i han.
Så trass i snøveret må vi til Volda med begge bilane.


Då fekk vi med oss Jorunn tilbake på ei utflukt til Ørsta.
Ho besøkte oss til neste dag då vi henta bilen min på verkstaden.
Vi prata mykje om gamle dagar. Og Hans fekk vist fleire DVDar.
Vi hadde oss også ein handletur på Amfi.

Sundag middag hos Dulka

Det er alltid kjekt å bli invitert til middag hos Dulka. Sist sundag var vi der.
Ho er flink å lage mat. Har hatt arbeid på restaurant.
MidtstillDet er mat frå Balkan ho lagar, og det smakar alltid godt.
Denne gongen fekk vi ein gryterett med lammekjøt, kål, poteter og gulrøter.
Salat og brød til.

Til forrett var det nydeleg suppe med kylling.

Kaffi med dessert av ulike frukter og kaker som i smaken
minte om bakklava.

tirsdag 19. oktober 2010

Obs! Bokprogram på TV.

Eg såg nettopp eit interessant program på TV. NRK2: Bokprogrammet. Stille bestselgere.
Intervju med forfattarar og om bøkene. Trur programmet skal komme igen i morgon kl, 17.10.
Veldig bra!

lørdag 16. oktober 2010

Endeleg kom det solsikkeblomst

Vi var spente på om solsikkene rakk å få blomst.
Det gjekk så vidt.

Til Miljøstasjonen

Og det var slutten for hengebjørka til farmor Karen. Ho var nesten dekt
av eføy, og ho fekk skulda for mose på taket.
Så no får ho varme hytta til vinteren.

Arbeid på hytta i haustferien

Hausten er komen på hytta.
Lauvet dekkjer sjøvegen.

Dei nye hytteeigarane fjerner mosen på hyttetaket.
Alle i arbeid.

Her er mormor som ryddar i rundt rhododendronen.

Og Mathias han kosta verandaen.
Så no er alt i fin orden.

Haustferie med mykje besøk

Johanne, Enya, Marlene, Jakob og Jonas
gjekk på tur opp i Skåla i det fine haustveret.

Aslefamilien kom på besøk i 3 dagar etter å ha vore i Trondheim hos Oda.
Middag med omnsteikt makrell og fisk med grønsaker i folie.
Kjekt at Susanne som går på skule i Volda og var i lag med oss.

Besøk frå Larvik og Sola.

Kari fylte 45 den 10. oktober. Vi feira dagen i Ørsta.
Solafamilien hadde ein fin fjelltur til Molladalen.
Fårikålmiddag og bursdagskaffi i Ørsta.

Johanne hadde med seg to veninner til Ørsta og hytta.
Dei likte godt å få sveler til kaffien.

onsdag 6. oktober 2010

Rundtur til barn og barnebarn.

Inga går i andre klasse og gjer lekser på verandaen.
Veldig kjekt å få vere med på det og høyre på leseleksa.
Det går fint!

Blåbærpaien vart godt moteken.

Og så var det godt med årets første fårikål.

Nytt og oppussa kjøkkenmøblement i Arendal.
Dei har mange slike prosjekt på gang.
Vi var på tur i Arendal. Fint kulturhus har dei fått seg.
Det var fint ver, men kald vind.
Mathias har fått lue frå Russland.

Morfar har hjelpt Helene med å kjøpe datamaskin.
Veldig spennande!

Vi hadde nydeleg haustver på heimturen Stavanger - Ørsta.
Kaffirast ved Sognefjorden.

Jølstravatnet smilande i haustsola.

søndag 3. oktober 2010

Kreml

Kreml tyder borg. Her ligg området flott til ved Moskvafloden.
Med murar rundt.


Vi hadde omvisning av ein lokal gaid. Ho fortalde om bygningane.
Her peikar ho på bygningen der Medvedev og dei andre i statsmakta
sit og styrer landet.

Her går vi inn i Kreml. Vi gjekk gjennom ein port, men ikkje
spesielt med kontroll av oss. Gaiden gjekk føre.
Rundt ein stor plass ligg fleire kyrkjer. Det var i ei at tsaren vart døypt,
i ei at han vart krynt, i ei vart han gift og i ei vart han gravlagd.
Flott med gull på kuplane.

Tsarklokka vart støypt i eit stort hol i jorda.
Men ho sprakk då dei skulle få henne opp.
Så ho har berre gjort teneste som turistattraksjon.

Og kanonen har aldri vore brukt. Kulene var visst for tunge.
Dei passa visst heller ikkje i løpet.
Men flott å sjå på er den jo.