søndag 29. april 2012

Båttur til Sitadelløya

 Sitadelløya ligg utafor Stavern. Der er eit fort og mange kanoner. Fint i stand.
 Hans og Asle med øya i bakgrunnen. Vi reiste ut med Asle sin båt som no ligg i Hølen nær oss.

                                                      Bjørg, Jakob og Asle framfor sitadellet.

Asle sin båt ligg ved brygga. Vi gjekk ein tur og såg oss om på land. Møtte tre jenter som hadde overnatta der i telt. Vi såg og ei svane som låg på reir like ved moloen og vi gjekk forsiktig forbi.

Fundament for mur



 Asle og Hans har lagt ned drenrøyr og hatt singel under og småstein oppå. Oppå dette har dei lagt ei trefjøl etter råd frå dei som sel mursteinar. Det er slik anleggsgartnarane gjer det, sa dei. Litt vanskeleg å få det i vater.I morgon, måndag, skal det murast.



fredag 27. april 2012

Arbeid med mur

Vi har hatt eit par dagar med dårleg ver. Det har regna heile dagane. I dag var det grått frå morgonen, men heldigvis så letta veret til Asle og Jakob kom frå Arendal. Då fekk vi begynne med muren bak huset. Asle grev grøft og Hans går til hånde. I morgon skal vi hente stein,
Eg ryddar vekk ugraset der eg vil plante eit par bærbusker. Vi har og ei skråning som må gjerast noko med.

tirsdag 24. april 2012

Sommar i Rekkevikløkka


 I dag har vi hatt flott ver, 17 gr. i skuggen. Eg har sola meg litt på verandaen i tillegg til klesvask, støvsuging og rydding i uteboda. Og så har eg avisa frysaren. Fisken frå sist sommar er oppeten, men frukt og bær har vi for mange år. Litt bra når vi ikkje har hage.

Sola skin inn i kjøkkenet klokka åtte om kvelden.

mandag 23. april 2012

Vi har fått rekkverk på verandaen.

Bror Arne som er bygningsmann og som for 40 år sidan bygde huset vårt i Ørsta, kom på besøk for å vere bortreist på dagen sin. Då vart det rekkverk på verandaen, og vi er veldig fornøgde.
Det var kaldt i veret, berre 4 - 5 grader, men vi måtte prøve med kaffi ute. Dei nye møblane er bra bortsett frå at glasplata er for stor. Vi må reklamere . Karane hadde bra ver under bygginga. Siste dagane har vi hatt ein del regn. Det gjorde nok godt, for her var veldig tørt. I dag reiste Arne og Gunn med tog frå Larvik og buss frå Drammen til Eikefjord. Mykje takk til dei for kjekt besøk!



Bloggen min var forandra i dag. Så eg fekk ikkje kontroll med bileta. Eg likar ikkje at dei forandrar, men det er vel til det betre, og då må eg vel venje meg.
No har eg funne ut korleis regulere bileta. Det er no fleire finessar. Så det er nok ei forbetring. Takk for kommentarar!

torsdag 19. april 2012

Bror Arne 70 år. GRATULERER!

Arne og Gunn kom til oss i går for å feire Arne sin 70-årsdag her.
Han skal ha selskapet sitt seinare i sommar og ynskte no å vere bortreist på dagen.
Han fekk mange telefonar frå slekt og bygdefolk.
Programmet for dagen var først kulturtime i Larvik kyrkje klokka 12.
Der fortalde prosten om kunsten i kyrkja. Dei er stolte av den gamle kyrkja frå 1600-talet.
Og fleire bilete som heng på veggane er like gamle.
Innimellom var det fin orgelmusikk.
Etterpå var vi i byen og fann oss ein kafe der vi åt pizza og salat.
Deretter var det SPA med masasje i Farris Bad for jubilanten og frua.
Dei skrytte etterpå at det hadde vore nydeleg.
I Rekkevikløkka hadde vi førebudd bløtekake og kveldsmat.
Elin og Dag var gjester. Johanne og Sunniva kom også innom.
Inga var på forballkamp i Sandefjord med ei veninne.
Så dagen var vellukka i fylgje jubilanten.


søndag 15. april 2012

Hundreårsmarkering

Det er verken Titanic eller Kim Sung vi tenkjer på.
Vi minnest mor Anna som ville fylt 100 år i dag.
Kari har laga ei nydeleg kake til markeringa.
Vi gratulerer og onkel Magne som fyller 65 år i dag!

KIRSEBÆRKAKE
3 eggekviter, 2 1/2 dl sukker, 20 Ritzkjeks, 100 gr. valnøtter,
1 ts vaniljesukker, 1 ts bakepulver.
200 gr. 30 min.
Kirsebærfyll på toppen av eit lag med krem.

lørdag 14. april 2012

Vi minnest mor Anna

I morgon, 15. april, er det 100 år sidan mor vår, Anna, vart fødd. Ho levde eit langt liv og opplevde store endringar. Ho døydde i august 2007, 95 år gamal.
I 1946 då dette familiebiletet vart teke, var vi tre sysken. Seinare kom det to til og vi vart fem.
Far og mor laga ein god heim i Myra, garden som far dyrka opp frå å vere ei myr med skog til eit småbruk med 5 kyr, sauer, gris, hest og høns, Vi hadde alt vi trong.

Med tida kom det 15 barnebarn og over 20 oldebarn. Her er familien til Kari på besøk i Steinhovden i 2005.
Dei er på tunet utafor gamlehuset der mor framleis budde.

Eit bilete av mor Anna i 1930. Ho gjekk på fjellet på stølen og mjølka. Dei gjekk opp om kvelden, mjølka, låg der om natta, mjølka om morgonen og gjekk ned att med mjølka.


28. juli 2007. I bryllaupet til barnebarn Bjarte og Camilla.

Mor Anna om våren i 2007 saman med den andre bestemora på Stranda.

Mange er dei tynnekakene mor har laga gjennom livet.
Her gjer ho klart til 95-årsdagen sin på Stranda hos Solrunn der ho budde dei siste fem åra.

fredag 13. april 2012

Drenering

Jakob fyller igjen grøfta. Vi har sjekka røyret.

No har vi hatt fint ver så lenge eg kan hugse, men akkurat den dagen då Asle kom frå Arendal for å hjelpe oss med dreneringa, då blei det eit fælt ver med regn og vind. Men vi gjennomførte planene. Neste prosjekt er å lage mur i bakkant. Då kjem Asle igjen. Kjekt og nødvendig å få hjelp.

torsdag 5. april 2012

Skjærtorsdag i Rekkevikløkka

Vi hadde middag hos oss i dag, og på menyen var kylling med tilbehør. Oda laga
potetsalaten, Elin laga grøn salat.
Jentene kosar seg med å spele Alias. I går var Asle-familien her og jobba med saging av ei stor eik hos naboen. Asle tok på seg jobben. Oda og Eili vart her til i dag og tok bussen tilbake til Arendal.
Tidlegare i dag gjekk Hans og eg ein tur i Larvik sentrum. Det gjorde jentene og.
Fint ver, men kaldt.

søndag 1. april 2012

Påskeprogram


I dag har vi vore i Stavern. Der er det tradisjon med utstillingar i påska.
Barnehagane har laga masse påskepynt og hengt opp i trea.
Inne i mange utstillingsrom er det utstilling av kunst av mange slag.
Det er bilete, tekstil, glas, tre og mykje meir.
Der var levande jazzmusikk.
Og sjølvsagt sal av vafler, is og anna mat.
På torget var det ein stor loppemarkanad/av bøker, handarbeid m.m.
Og mykje folk.
Fint ver, men bitande kaldt. Det var berre 2 - 3 grader i dag tidleg.



Asle og Jonas kom på besøk i går. Dei hadde med båten deira. Han skal vere litt i Larvik.
Elin skaffa plass til han i Hølen båthamn som er i nærleiken her.
Og i dag for Elin, Sunniva og ein flokk med veninner til Svenner ute i havet.
Dei overnattar til i morgon, Her har vi hatt middag til dei som er heime.


Sist tysdag hadde trinn 3 på Østre Halsen skule påskespel i kyrka.
Kyrkja var ganske fullsett av foreldre og besteforeldre.
Inga hadde rollen som Pontius Pilatus (biletet).