søndag 20. desember 2015

I juletreskogen

Det er tradisjon at vener og kjenningar får bli med til juletreskogen og hente seg juletre siste sundagen før jul.
Hans og eg har no fått vere med Elin og Dag på det i tre år. Det er far til Inga si veninne som er bonden.
Frå garden på Istre køyrer bonden med traktor med alle ungane inn i skogen.
Bålet var tent opp. Så det var berre å finne fram pølsene og alt tilbehøret , og kaffien på termos.

Dei som ville ha juletre, kunne hente det i skogen.
Elin og Dag henta seg juletre. I år var det Inga som saga det.
Inga har bursdag i dag og fyller 12 år.

Inga i midten med to veninner på kvar side.
 Her kjem nissen ut av skogen med sekk med kaker og frukt i.
Det viste seg at det var Dag som var nissen i år.
Men det visste vi ikkje for etterpå.

søndag 22. november 2015

Julemarknad i Østre Halsen Kyrkje



Her sel dei lodd på nærbutikken vår.
 

Litt utstilte gevinstar ved loddsalet.
Dulka har hekla ein løpar. (I midten)
Eg har strikka det grøne sjalet.


Jenny, 94 år, stryk forklea som seljarane skal ha på seg til å ha pengane i.

Berit (90) og Berit (85)

Sydama vår er no den einaste ved symaskina.
Før var det mange som sydde på maskin.
Vi har mykje ty i skapet.

Menighetssalen klar til julemarked.

Dukke med mykje fint strikketøy.
 Sal av handarbeid.

Det kom mykje folk. Dei kjøpte kaffi og kaker, vafler og/eller rømmegraut .

Rømmegrauten fekk vi ferdig.

Kor uten grenser kom og song for oss.

Inntekta går halvparten til arbeid i kyrkjelyden og halvparten til barneheimen Akanisoa på Madagaskar.
Vi har fått innført dåpsklutar frå Madagaskar.


onsdag 28. oktober 2015

Hekledukar frå Dulka


Dulka har vore i Bar på sommarferie i 2 månader
i sommar.
Ho hadde ein varm sommar, opp i 40 grader. Men fekk gjort mykje handarbeid likevel.
Desse serviettane har ei veninne der laga. Det vart gåve til meg.
Dei større dukane betalar eg for til Dulka.
Eg har jo ikkje bruk for dei, men samlar no når eg har Dulka. Til barnebarn kanskje.
Noko går også til basaren.





Vi hadde eit koseleg besøk hos Dulka. Ho hadde besøk av barnebarnet.
Ho laga god suppe og pai på bosnisk vis til oss.

onsdag 21. oktober 2015

Kari 50 år!



Kari heldt selskap for både familien sin og familien til Tore på femtiårsdagen.

Middag med fårikål og dessert til 22 personar rundt bordet.
Mange hjelparar (ungdomar) hadde ære av kakebordet.

Helene heldt ein nydeleg tale til mamma.

Og lillesyster Elin hadde og god tale.

Nydeleg blomst var komen frå onkel Ottar og tante Kirsten i Bergen. Der var elles mange fine blomster og gåver.

Langedrag og stavkyrkjer


Første veka i oktober tok vi tur til Langedrag for å sjå på ulven med meir.
Med på turen var Elin, Dag og Inga, farmor Rigmor, Hans og eg.
Mest spennande var å sjå ulvane. Dei vart mata med kjøttstykke.
Elles var der mange ulike dyr.
Vi kom fram til Langedrag fredag i 12-tida.
Det var sterk vind og kaldt, så det var bra med gensar og vindklede.

Gaupa fekk vi sjå gjennom gjerdet.
Elles var der mange dyr vi kunne komme nær og klappe på.

Vi overnatta til laurdag og fekk god mat i spisesalen.

Laurdag var det strålandet ver og ganske stilt.
Vi gjekk ein fin tur innover på turvegen.
Elin og Inga køyrde med hundespann den
same turvegen.


Det hadde vore frost om natta og det var fine isroser i vegkanten.



På heimveg om laurdagen stoppa vi og såg på fleire stavkyrkjer.
Nore stavkyrkje var under restaurering.
Men Rollag stavkyrkje var i bruk.
Hans og eg hadde med Rigmor i vår bil.



Vi hadde stopp i Kongsberg. Eg hadde aldri gått i gatene der, så eg hadde lyst å sjå litt på byen.
Vi gjekk ein runde i gata og i parken. Såg Utøya-
monumentet. Der var fine haustfargar, og fossen var flott.

lørdag 12. september 2015

Tur til Oslo


Fredag 11. september
var Hans og eg på tur til Oslo saman med Pensjonistuniversitetet. Vi var ei gruppe på 25 og hadde buss frå Larvik.

Det var matfestival med mange telt og mykje å smake på utover heile Råfhusplassen.
Fint ver var det og.

Vi fann oss også eit bord å ete attmed endå det myldra med folk.


Det vart for mykje mat på tallerkenen. For vi hadde fått så mange smaksprøver.


Fint å gå tur utover Tjuvholmen.

Vi besøkte og 22.juli- utstillinga .
Den er fin og viktig. Så vi ikkje gløymer.

Her skal mykje endrast og byggjast nytt.
Picasso - Nesjar biletet skal visstnok fjernast.
Håper dei ikkje øydelegg det. Det er fint.

Om kvelden var vi i Operaen. Det var og ei stor oppleving. Både å sjå bygget, gå på taket, få omvisning innvendig og så operaforestilling.
Det var stykket Don Giovanni. Og det var flott!

søndag 6. september 2015

Kom-deg-ut-dagen

I dag har vi vore på tur i Bøkeskogen. Vi gjekk 6 km på stiar og grusvegar.
Elinfamilien som no er tre: Dag, Elin og Inga.  Med var også bestemor Rigmor, onkel Jens og fire veninner av Inga.

Turen gjekk til Padlehytta og til turistforeininga si hytte ved Farrisvatnet.
Det var sal av pølser og av vafler og kaffi. Men det det var så mykje folk og lange køar at det var vanskeleg å få mat. Vi burde hatt med oss.
Men nydeleg tur likevel.


Rigmor fann ein hund som likna på den ho hadde ein gong, og dei fekk god kontakt.
Dag og Jens Erik.

 Eg og Elin.
Eg og Elin.