søndag 31. januar 2010

Sundagstur til hytta

Sol i Ørsta ikring klokka 15.
No har vi sol frå klokka 10 til 11 og frå klokka 12 til minst kl.15 .
Femten kuldegrader ved flyplassen.
Her heime med oss var det 14 kuldegrader i dag tidleg.

På hytta var det ikkje SÅ mykje snø.
Eit tynt islag på vika.
Det har ikkje vore kuldegrader i kjellaren.
Oppe i hytta har det vore ned i 7 minusgrader.
I dag var der 3 minus inne i hytta og cirka det same ute.

Vi gjekk ein liten tur ved Kjeldsund i fin sol.
Over brua og bort til Røykjeriet.
Ikkje mykje snø på taka der.

Mykje snø i Ørsta





torsdag 28. januar 2010

Strikkekafé

I dag har eg vore på strikkekafe i Garnkroken i Gågata.
Vi kan komme der kvar torsdag frå klokka seks til åtte om kvelden.
Det er plass til mange rundt eit stort bord, kaffi og mykje fint å bli
inspirert av. Strikkebøker, modellar og mykje nytt både i
garn og pinnar. I dag vart eg ferdig med pulsvarmarane strikka i Brisgarn.
Dulka har bruk for noko å gå ut på, og i dag fekk eg med ei dame frå Eritrea og.
Og så kom jammen Møre Nytt og tok bilete av oss.

søndag 24. januar 2010

Sundagsturen i dag.

Etter at vi hadde vore i kyrkja
gjekk vi på tur i Hovdebygda.
Vi parkerte ved Helgehorntunnelen og gjekk eit stykke
på vegen derifrå, bort til badeplassen.
Og vi trefte fleire som vi hadde ein prat med.
Det var fint ver sjølv om det ikkje var sol, rundt 0 grader.

Viktige bøker

Eg har nettopp lese desse to bøkene. Det tok ikkje lang tid å lese dei.
Dei gir innsyn i eit system i Noreg som ikkje fungerer godt nok.
Det er rystande lesnad.
Denne jenta har skrive tre bøker. Den første heiter Se oss.

torsdag 21. januar 2010

Pensjonisttreff på Velle skule

Sist tysdag var det pensjonisttreff på Velle skule.
Kvart år i januar vert pensjonistane innbodne.
Alle synest det er svært hyggjeleg og det vert mykje prat om gamle dagar.
Fleire av dei aktive lærarane var i lag med oss, og det er nokre av dei som lagar til.
Vi fekk omvisning i skulen som er mykje påbygd og fornya.
Her er vi i det nye personalrommet som er eit klasserom
som er lagt inn i det gamle pauserommet.

søndag 17. januar 2010

Vinter i Ørsta

Vår store diktar, han Anders Hovden
har teke vinterlua på.
Eller likar han ikkje utsikta?
Mykje bensinstasjonar rundt.

Rikeleg med snø i Ørsta.
Men på fjellet er det lite, seier dei som har vore der.
Det er også mildare oppe i høgda. Ørsta er ei snøhole.

lørdag 16. januar 2010

Trettandagsbasaren 2010

Det er klart for å ta mot bygdefolket på basar.
Solveig med grautgryta, Jorunn lagar smørbrød
og kokar kaffi og Eli har brennsnutgryta ferdig.

Jorunn syter for at kulene ligg rett i bura sine til trekkinga.

Ellen sel lodd til Anne Elisabeth og Henriette.

Sylvia er tombolasjef og har fått kundar.

Håkon tek mot pengane for maten.

Mange gode kaker, smørbrød med karbonader eller egg og laks.
Risengrynsgraut med saft og brennsnut med brød til.

På ei loddbok var der barneting.
Hovudgevinsten der var dukkeseng med dukke, tova berebag
og mykje fine klede.


Gevinstar til loddboka og til åresal.

Elles var der andaktsamling og song av Kyrkjekoret.

fredag 15. januar 2010

Førebuing til basar

I kveld har vi gjort klart til 13. dagsbasaren på Bedehuset.
Poteter, gulrøter og purre til brennsnut er skrelte og oppskorne, står i vatn.
Borda er dekka og gevinstane er utstilte på bord og på snor.
Biletet er frå standen vår på Coop Mega der vi selde ut ei heil loddbok
med 1000 lodd frå måndag til torsdag.
I morgon er det basar.

onsdag 13. januar 2010

Datahjelp

Endeleg kom Kristian att frå praksisen i Hemsedal.
Vi hadde liste med problem han skulle ordne opp i.
Og ikkje fritt for at våre venner og får hjelp.
Utruleg godt å få slik hjelp!

søndag 10. januar 2010

Så kom sola att.

Vi gjekk tur på Sætre. Vi trudde der var sol men det var det ikkje.
Ho skin lenger oppe i lia.
Seinare på dag ville ho komme der, sa dei vi møtte.

Det har vore mykje frostrøyk på Ørstafjorden, men der er ikkje is.
Folk snakkar om at det er austaver som gjer det ??

Då klokka var halv to, var Hans klar med fotoapparatet
for å dokumentere at sola skin inn til oss igjen etter å ha vore bak fjellet sidan 1. des.
No får vi hjelp med oppvarminga.

fredag 8. januar 2010

Fuglemat

Ja, dette vart fangsten etter ein runde i butikkane
for å spørje etter brød til fuglane.
Det var det som var under brødskjeremaskinene.
Alle beklaga at dei ikkje hadde meir i dag.
Eg må berre komme att ein annan dag.
Han Harald på Spar ville sette fram ei kasse der dei kan
legge brød som kundane kan ta med til fuglemat.

torsdag 7. januar 2010

Innekos med bok

Dette var den siste boka eg las i 2009.
Eg har lånt henne av Elin.
Ho handlar om to kvinner, ei gamal og ei ung
og eit vennskap som utvikla seg mellom dei.
Ei fin bok!

No like etter jul las eg Oddgeir Bruaset si bok om
korleis nokre av dei mest kjende julesongane våre vart til.
Han skriv veldig godt og interessant.
Og sjølv om noko var kjent stoff, så var der mykje nytt og.

Og så er eg begynt på den første boka i 2010.
Førebels les eg om oppveksten hans.
Eg visste ikkje at han vaks opp på Hawaii og i Indonesia.
Samveret med mora, morfaren og mormora har gitt han mykje ballast.
Ikkje alle gode haldningar blir skapt berre av gode føredøme heller.
Ein kan få forstand også av dei dårlege.
Det er spennande å lese vidare.

tirsdag 5. januar 2010

Tur i 20 minus

I dag har vi gått ein liten tur i Strandgata. Det var kaldt!
Her oppe i lia er det 14 minusgrader, og då er det kanskje 20 nede i Vik.
Det kjendest i alle fall ut til det.
Frostrøyken låg over fjorden og stengde utsynet til Hovdebygda.

Bitande kaldt å gå utover i Strandgata.

Vi ville sjå kva som var att av det gamle stabburet
som brann på nyttårsafta.

Her under stabburet stod benken der gamlekarane samla
seg til børs. Eg har sjølv sett dei sitte der når vi gjekk forbi på tur.

Ein nyttårsrakett sette fyr i det verneverdige huset.
Det må rivast. Og blir det bygd opp att, vert det ikkje det same.

Kaldt for fuglane

Vi kan så vidt ane kvar bukkane over rosebuskene står.
Morgonsola skin på Saudehonnet ( klokka 11).
No må det vere kaldt for fuglane.
I går var vi på Europris og kjøpte meisebollar og solsikkefrø.
Og så har vi mykje brød etter jula. Det likar trasten.

Fuglebrettet er rett utafor kjøkkenglaset, og det er kjekt å sjå på dei.
Meisene er flittige å ete.

Når svartetrasten kjem, fer meisene bort i tujaen.

I ei fuglebok står det at ein skal sette ut ei skål med lunka vatn
på fuglebrettet. Her er skåla koma ut. Men drikke vatn var dei ikkje
interesserte i. Svartetrasten derimot sette seg med stjerten over skåla,
og der sat han lenge. Meisene fekk ikkje komme der å ete.

Er du ikkje ferdig å varme deg no snart?, seier kjøtmeisa.
No er det min tur!

lørdag 2. januar 2010

Nyttårsafta 2009

Dulka og Jorunn er i lag med oss og ventar på
rakettoppskytinga.

Klokka nærmar seg 24. Hans og eg står ute på verandaen,

men gjestane ville sjå gjennom vindauga.
Det var for kaldt ute.

Like mange og like flotte rakettar som før om åra.
Det var fint med snødekte tre og hus.
Og tryggare også med snø på taket.

Nyttårsdag 2010.
Vi har kalkunfilet til middag, og Jorunn er gjest.