søndag 23. november 2014

Strikk og salmebok


Inga, Mina og Frida er blitt så ivrige med strikking.
Her strikkar dei panneband etter dei er ferdige med leksene.
Det var sist tysdag.

I går vart Inga ferdig med pannebandet sitt. Ho strikkar veldig jamt og fint. Det er det første plagget ho har strikka.






Eg har investert i salmebok.
Og er no klar for salmemaraton.

lørdag 15. november 2014

Førebuing til julemesse


No er vi i innspurten til julemessa. Til inntekt for Norsk Misjonsselskap sin barneheim på Madagaskar.
Fredriksons fabrikk går for fullt.
Vi møtest kvar tordag denne månaden. Elles er det annakvar veke. Her er eitt av lappeteppa,

Eg har laga tova tøfler og pulsvarmarar.

Larvikvotten er komponert og strikka av 
Karin. Ho har vore lærar på vidaregåande i
forming.
Motivet er bøketre ogbøkeblad.

I går og i dag har vi selt lodd på Blinken. Det er nærbutikken vår.
Her er eg og Berit D.
  Vi hadde to skift for dag.
I går frå kl. 12 til 15 og 15 til 18.
I dag frå kl. 10 til 13 og 
13 til 16.

Eg laga dette antrekket til dokka.  Karin laga skidress 
og Berit F laga buksedrakt. 

Julemessa skal vere laurdag den 29. november.