søndag 27. mai 2012

På stranda første pinsedag.

 Dette er Rekkevikbukta, 5 min. ned bakken frå huset vårt. Eg har vore der nokre gonger. Har bada i sjøen. Fin temperatur. Første gong sist torsdag. Laurdag var vi for opptekne med plenen til å ta badetur. I dag var Hans med Elin ein tur ut til Svenner med Asle sin båt. Eg var ned på stranda. Mykje folk i dag.

 I kveld har vi vore på Hvittensand saman med Elinfamilien, besteforeldra Rigmor og Jens og ei vennefamilie frå Kristiansand som er på besøk hos Elin og Dag, Her sit vi i kveldsola med kaffi.

                                                             Dag leikar med ungane.

Første pinsedag føremiddag

 I indre havn i Larvik by ligg Maribell, Elin og Dag sin båt som dei driv og klargjer for sommartur.
Ein fin dag for tur langs hamna.

 Tollerodden, eit fint parkområde å gå tur i. Bakom ser ein Bøkeskogen.

                                På Tollerodden er det fint å sole seg på plenen. Der er og badeplass.

 Vi var på høgtidsgudsteneste i Larvik kirke klokka 12. Der er ein flink organist og eit svært godt kor, så vi kunne nyte den flotte musikken og songen. Presten var Zakariassen. Han talte i 30 min. Det er for lenge, synest H. Der var halvfullt med folk på vår alder.

Her ligg Maribell i hamna like i nærleiken av Larvik kirke. Eigarane kan vi skimte på kaia.

lørdag 26. mai 2012

Plenen blir ferdig

 I dag har vi arbeidd med plenen. Asle og Jonas kom i går kveld. I dag reiste Jonas med Elin, 
Sunniva og Inga til Svenner. Elin har vertsoppgåver der.
Vi har arbeidd det meste av dagen med plenen. Ingen bading i dag. Eg har vore ned til stranda 
i går og i forgårs. Har bada to gonger i sjøen og sola meg på stranda.
 Hans var med ein av dagane. Men i dag var det  jobbing i lag med Asle.
Vi har først jamna utover den gamle molda, raka stein, hatt på ny mold, tromla og sådd grasfrø. 
Så no er det viktig å vatne.
Vi har og planta hekk i den andre enden av plenen.
Og i skråningen har eg planta krypmispel.


 Vi lånte ein trommel og ei grei "såmaskin" i hagesenteret. Asle og Hans har avgrensa plenen med ei rekkje med tre steinar frå trappa og heilt bort til den nyplanta hekken. Resten av steinlegginga mellom huset og garasjen blir ein gong seinare i sommar når vi får hjelp av Asle neste gong.

Til slutt i kveld hadde vi kylling middag til Dag som kom frå båten og til Elin, Jonas og Inga som kom frå Svenner og til Asle og oss. Sola skin på verandaen til klokka halv ti om kvelden.
No er det pinsehelg.                God pinse til alle som vitjar bloggen!

tirsdag 22. mai 2012

Planting i hagen

 I dag har vi vore på hagesenter og handla planter til hagen. Oppe på platået har eg planta ein brudespirea og bak den ein forsytia. Desse to står i bytet mot naboen. Så har eg planta  ein ripsbusk og ein stikkelsbærbusk og bakom desse to hageblåbærbusker.
Neste prosjekt vert å plante noko som dekkjer bakken nedafor bærhagen.

 På muren har eg planta potentilla, annakvar raud og kvit. Plenen ventar på å bli sådd. Vi vil gjere ferdig resten av området før vi sår.

                                           Trappa som vart beisa er komen på plass. Ho er god
                                           å gå i når ein skal opp på hagenivået.
Vi har hatt ein nydeleg sommardag i dag. Hans har kjøpt markise og sett den opp utafor stoveglasa.
Vi åt middag på verandaen, og det var godt med skugge.

søndag 20. mai 2012

Sandefjordspeidarane 100 år

 I dag har eg vore på hundreårsjubileum for sandefjordspeidarane. Eingong Alltid-damene var inviterte.
Det vart ein nydeleg dag på speidarhytta til jubilantspeidarane. Alt program var ute.
 Programleiaren sa ho hadde bedd om fint ver i minst ei veke. Og fint ver vart det.
I Sandefjord starta jentespeidarane 20. mai 1912.  Dei var den første jentespeidargruppa i Noreg.

 Tre av leiarane i speidargruppa her i Østre Halsen, Atle, Inger og Anita.  Eg har vore litt saman med dei i vinter. Kjekke folk.

 Sissel Grønlund var representant frå forbundet. Ho har vore landssjef for K-M speidarane. Ho kjenner mange i Ørsta og Volda: Svanhild, Turid, Wenche, Reidun, Asgerd o.fl. Ho held på med planlegging av Eingong Alltid treff i Ulsteinvik neste sommar. I år skal det vere på Hadeland. Ho førebur det og no.

 Vi har samla oss i ei patrulje og tok det flotte namnet Golden Eagle, Anita, Inger, Sissel, Atle og eg.
Og vi deltok i sporløpet i fint skogterreng. Vi høyrde gauken for første gong i år.

                                                   Gudsteneste  "Guides Own",  i naturen.

lørdag 19. mai 2012

Arbeid på uteområdet

                           Eg beiser trappa, kastanjebrun. Så ho kan gå litt meir i eitt med terrenget.

 Asle kom 17.mai om kvelden. Han hjelper oss med uteområdet fredag og laurdag. Det er nødvendig med hjelp. Det er mykje tungt arbeid. Dag kom og ein tur om fredagen for å hjelpe Asle med høgdemålingar der det skal leggjast stein.
 Asle og Hans henta fleire lass med mold, sand og beleggingsstein.

                                              Grunnarbeidet er gjort og steinlegging begynt.

Til slutt i dag hadde Asle molda utover, og vi raka så godt vi kunne. No står att tromling og såing av plenen. Det var halve plenen som blei ferdig i dag. Vi gjorde og ferdig grunnarbeidet for beleggingssteinen mellom huset og garasjen, Ferdig til å ha på settesand. Asle vil komme att og hjelpe oss med det.
Det vart og mold bak muren, så der er det no klart for å plante. Eg må finne ut kva planter vi skal ha der. Dei må ikkje vere for høge.

Syttande mai 2012

 Så er vi  klar for feiring.  Elin henta oss klokka halv ti for å sjå på syttandemaitoget inne i sentrum av Larvik.

 Vi møtte Sunniva, Johanne og Inga i Bøkeskogen. Då hadde regnet kome. Dei hadde gått vel 4 km frå Østre Halsen, og var trøytte og litt kalde. Så vi fekk med oss talen for dagen og litt til før vi reiste heim att. Det var Langestrand skule som stod for programmet i år.

                                        Den tette lysegrøne fargen i Bøkeskogen er heilt spesiell.

 Vi hadde spleisefest hos oss i Rekkevikløkka. Neste år kan vi vere hos dei, seier Rigmor..
Maten var kabaret og spekemat med salat. Bløtekake til kaffien.

 Så stilte vi opp på det lokale programmet ved Østre Halsen skule. Mykje folk samla. Fjerde trinn hadde eit flott progam. Dei song litt av alle dei gamle vårsongane. Tale og mange dikt.
Østre Halsen har eit utruleg flott korps miljø. Tre store korps spelte. Alt folket gjekk i tog rundt i området.

mandag 14. mai 2012

Besøk på hytta

 Turid og Leif kom innom på sundag på veg frå Ålesund til Måløy. Dei åt middag med oss, karbonader og kaffi med eplekake. Koseleg. Leif demonstrerte den siste plata si. Han har dikta ein song på engelsk.

 Elin har vore i lag med oss her frå torsdag kveld. Då kom ho frå Sandane der ho har vore i samband med jobben. Ho handla ein del på billegsal i Ulsteinvik. Det blir gaver når ho kjem heim.
Ho reiste frå Hovden til Oslo på sundag. Så då fekk vi oss ein ørstatur.

Ulven og flytebryggja blir flytta bort til Svein si bryggje og fortøyd der. Vår bryggje må reparerast.
Det blir til sommaren.

søndag 13. mai 2012

Bryllaup i Ålesund


 Flott brudepar og nydelege brudepiker og brudesvennar. Den minste brudepika er eitt og eit halvt år og blei boren innover kyrkjegolvet av ei av dei store. Ho er ikkje med på dette biletet. Ho og dei to gutane er brudeparet sine barn.
                   Eit flott brudepar. Begge hadde rørande taler til kvarandre og til heimane sine.

                 Nokre av bryllaupgjestane. Det var 130 gjestar. Maten var svært fin og svært god. Tre rettar.
                                          Gode taler. Svanhild var forlover og talte godt!

torsdag 10. mai 2012

Aktivitet og kos på hytta

                                                            Kampen mot skvallerkålen.

 I dag kom fetter Pål på besøk. Vi har hatt besøk kvar dag så nær som i går. Det er hyggjeleg!



onsdag 9. mai 2012

Kveldsmat hos Annfrid og Per

I går kveld var vi inviterte til kveldsmat hos Annfrid og Per i Ulsteinvik. Det regna litt ute, så koseleg å komme inn til dei. Det brann i omnen og var lunt og godt inne.
Dei hadde laga mykje godt pålegg. Der var kabaret, reker, egg og laks, ost, syltety, veit ikkje om eg har med alt. Godt brød, kaffi og brus.
Til kaffien fekk vi sviske-aprikoskompott med fløte pluss gjærbakst.  Så vi blei skikkeleg gode og mette.
Tusen takk for ein hyggjeleg kveld!

tirsdag 8. mai 2012

Rydding på 8. mai

 I dag har eg rydda langs sjøvegen. Der var mykje gamle bregner og det er ikkje så fint. No kjem det nye.
                Opplysningane om arbeid som blir gjort på hytta er tenkt først og fremst for hytteeigarane.

 Hans har fått ut Ulven. Det gjekk greitt. Motoren starta fint, og han for på ein fisketur etter middag,
Eg har raka marka nede med sjøen. Floa har gått fram til bakken.
Vi brende eit stort bål i går, og no er det klart for ny brenning.

                                    "Eg er blitt for sterk", seier Hans. Hammaren brotna tvers av.

                                       Alle naboane flagga på frigjeringsdagen. Vi flagga med.

mandag 7. mai 2012

Hans jekkar gangvegen på plass.


                  I vinter vart det skade på bryggja. Litt bal å få det til att. Hans brukar jekketalje.