tirsdag 8. mai 2012

Rydding på 8. mai

 I dag har eg rydda langs sjøvegen. Der var mykje gamle bregner og det er ikkje så fint. No kjem det nye.
                Opplysningane om arbeid som blir gjort på hytta er tenkt først og fremst for hytteeigarane.

 Hans har fått ut Ulven. Det gjekk greitt. Motoren starta fint, og han for på ein fisketur etter middag,
Eg har raka marka nede med sjøen. Floa har gått fram til bakken.
Vi brende eit stort bål i går, og no er det klart for ny brenning.

                                    "Eg er blitt for sterk", seier Hans. Hammaren brotna tvers av.

                                       Alle naboane flagga på frigjeringsdagen. Vi flagga med.

2 kommentarer:

Besta sa...

De får mykje god mosjon-og mykje godt arbeid blir gjort. Vi skal ut og klippe plen no, her er ikkje mykje gras, men det gjeld å få tatt ugraset.

Anonym sa...

Hei.
Mathias og eg synest de er flinke å jobbe. Du må ikkje gje morfar meir tran, seier Mathias.
Ser ut som de har fint arbeidsver. På Sola regnar og bles det i dag.

Helsing Mathias og Kari