torsdag 31. august 2017

Hans 80 år. feiring på Gloppesenteret, Larvik

Hans feira dagen sin først på hytta på Leikong på Sunnmøre midt i juli. Då hadde vi besøk av slekt og naboar der,
I Larvik hadde vi ny feiring på eldresenteret nær der vi bur. Det var laurdag 12. august.

Her lagar Inga bordkort til den store dagen.



Vi var ein tur opp i Lågendalen og fann blomster langs vegen. Kvelden før selskapet laga vi pynt til festbordet utafor Gloppesenteret.

Inga. Johanne og Bjørg


På den store dagen kom gjestane til klokka 15.
Vi hadde bestilt koldtbord frå John Hansen med mykje god mat.

Gjestane var barn og barnebarn pluss tante Wencke og onkel Pål som kom med bobil sørfrå Porsgrunn.
Alle barnebarna var der unntatt Sunniva som måtte vere i Trondheim og vere leiar for Fadderveka.


Vertsfolket ved bordenden.

Etter middagen og bilete om Hans og familien, laga til med musikk av Elin,
reiste heile selskapet ut til Gon for å fotografere.

Kari og co. hadde seinare ein morosam Kviss om Hans sitt liv.


Besteforeldra og barnebarn ( unntatt sunniva).

Fremst: Helene, Eili og Oda
Mathias, Hans, Bjørg, Johanne og Astrid
Inga, Jakob og Jonas
 
Same folka pluss Elin og Dag (bak til venstre)
Asle og Anne bak til høgre og  Kari og Tore framme til høgre.
Heile selskapet. Wencke og Pål til høgre.
Sebastian, Oda sin kjærast framme.




Kjekt at Wenche og Pål kom.
Turid og Kirsti hadde og planlagt å komme, men Turid ramla ned steintrappa og skada seg for mykje.
Helene, Mathias,Inga, Astrid, Eili, Oda, Johanne, Jonas og Jakob.
                                       


Hans bles ut lysa med handa, til stor jubel!
Mange kaker frå Arendal, Sola og Løkkegata her.
                                         

Pål heldt ei flott tale.
                                         
Johanne var festleiar. Her framfører ho eit fint dikt som ho hadde laga.

Diktet vekte stor jubel.


Dagen etterpå, sundag, hadde vi lunsj for alle før Karifamilien reiste tilbake til Sola.
Asle, Anne, Jakob og Jonas var reiste laurdag til bake til Arendal, men Oda og Eili var der til lunsj på sundag.
Det vart nok mat då og.

Veret var fint. Og selskapet hadde vore vellukka.

Stor takk til alle !