tirsdag 30. oktober 2012

Turar på Lanzarote

 Vi har vore ein tur til Playa Blanca. Då kom vi forbi desse vinmarkene i La Geria.
Det er utruleg alt arbeid som er lagt i å dyrke her.
Druene skal visst plantast tre meter djupt. Så har dei livd frå vinden og det samlar seg litt dogg.

Det er ikkje ofte det regner her.
Men i går natt kom det kraftig regn.

 Vi var på stranda Playa Grande i går. Der er solstolar i eine enden. Ikkje høgsesong no. Det er i juli og august, seier dei her.
Det kom nokre dropar regn då vi var på stranda, så pass vi trekte inn under parasollen. Men det gjekk over. Temperaturen er god, 25 - 28 grader.
 I dag har vi vore til Timanfaya, nasjonalparken. Vi køyrde med leigebilen opp på fjellet. Såg på korleis dei "terga" vulkanen til å sette fyr på gras og til å sprute oppatt vatn som dei tømde ned i eit røyr.
Og dei grilla kylling på vulkanvarmen. Det var skikkeleg varmt!

I ein liten by på nordsida, La Santa, åt vi gulrotsuppe med nydeleg heimebakt brød til.
Det var like ved sportssenteret der Dag har vore og trent to gonger.
Vi hadde litt problem med å finne heimatt. For her er alle husa kvite, og gatene er mykje einvegskøyrde. Men vi kom heim til slutt. Og har vore i byen og ete pizza som hadde namnet Devil. Vi syntest det passa bra.

lørdag 27. oktober 2012

Lanzarote

                                                                                  Her er symjebassenget vårt.
                                                                                  28 grader i lufta. Fint og varmt!

                                                   Engelsk frokost klokka 13. (Vi har ete frokost tidlegare).


                                                 Vi bur i den næraste leilegheita. Vi er omgitt av berre nordmenn.
                                                  Litt kjedeleg når vi er i Spania.

torsdag 25. oktober 2012

Potethaust



Så er potetopptakinga over for i år.
Det er snart november og kan komme snø.
Temperaturen er ned på 0 grader om morgonane.
Men potetene var seint sette, så dei måtte stå lengst mogeleg, og lauvet var grønt.

Av dei 9 potetene eg sette i kassen, fekk eg meir enn ei halvbøtte att. Så er fornøgd med det.

Neste år vil eg prøve med tomatar.


søndag 21. oktober 2012

Besøk frå Porsgrunn


I går, laurdag, kom Wenche og Pål på besøk. Dei er for tida i Porsgrunn hos dottera.
Dei har nettopp vore i Italia og delteke i verdensmesterskap i segling med einmannsbåtar. Pål er verdensleiar, El Presidente. Han fortalde og viste video frå konkuransen. Han hadde halde tale på engelsk til mykje folk og gjort lykke. Han er god til å tale. Men den talen kunne han ikkje ha halde i Norge, sa han. Italienarane tek mot meir blomstrande formuleringar.

Redningsaksjon for brød.


Asle skulle komme på besøk og eg bakte eit brød til han. Sidan han ikkje toler kveitemjøl, mjølk, sukker eller gjær er det spesialbrød med mange ingrediensar. Linfrøa skal vatnast i eit par timar. Brødet skal steikjast i 70 min. Så det tek litt tid.
Eg laga brødet om fredagen og serverte det til kvelds. Men det smakte veldig salt. Det var ikkje etande. Eg kom til at eg hadde teke ei og ei halv matskei med salt, istadenfor teskei. Eg trudde eg måtte kaste det. Men til frukost neste dag trong vi brød til Asle. Klokka var 11 om kvelden og Asle meinte han kunne ete cornflakes med rismjølk til frukost.
Midt på natta kom eg på at eg ville prøve å vatne ut brødet. Stod opp og skar brødet i passe stykkje, la det i vatn i ein balje. Var spent på om det vart suppe. Om morgonen var brødbitane framleis heile. Dei smakte ikkje salt. Dei vart så sett i omnen med varmluft og tørka til dei vart normale brød. Og då var dei etande! Likevel bakte eg eit nytt brød om føremiddagen. Men frukosten var redda.

mandag 15. oktober 2012

Besøk frå Sunnmøre


Og så på sundag kom det kjekt besøk frå Ulsteinvik. Annfrid og Per som vi har vore på mange kjekke turar i lag med.
Dei kom frå besøk til sonen deira som no byggjer hus i Froland. Der hadde dei hjelpt til med tapetsering. Her med oss vart det berre ei overnatting. Men vi håper på fleire besøk i framtida.

Bursdag for Kari


I veka som gjekk hadde vi besøk av familien frå Sola.  Vi feira Kari sin bursdag om laurdagen med kyllingmiddag for alle 12 som då var samla.

Inga og Johanne hadde pynta bløtkaka.
Og eg hadde laga ei eplekake.
Elles viser nokre av dei 6 koppane eg kjøpte på
Gjenbruk i Larvik og asjettane frå Gjenbruk i Volda.


torsdag 11. oktober 2012

På Kvalfangstmuseet


Med gjestar frå Sola måtte vi vise dei rundt.
Ein dag tok vi tur til Sandefjord for å sjå på
Kvalfangstmuseet.
Og sjølvsagt måtte vi ta litt tid til shopping.
Sandefjord har det nestbeste kjøpesenteret i landet såg eg nettopp i avisa, etter Sortland
Storsenter. Det heiter Hvaltorvet.
Det hender ofte at nokon her MÅ ein tur til
Sandefjord. Då kan morfar få seg ein biltur.

Her ligg beina dei har funne etter ein grønlandskval som har kome i land i Rekkevikbukta, der vi bur. Det er ganske lenge sidan.



På shopping i gina.
Der er kleda som fell i smak.

mandag 8. oktober 2012

Skulen til Sunniva


I dag fekk vi omvisning av Sunniva på skulen hennar.
Han er ganske ny og er for alle elevane på vidaregåande i Larvik. Der er 1650 elevar.
Der er og Arena Larvik der dei spelar handball med plass til 4000 tilskodarar. Den store salen kan delast opp i fire mindre.
Kantina er og imponerande.
Dei runde siloane har sitteplassar inni og utapå er det låsbare skap.
Rundt på skulen finn vi mange visdomsord, t.d.
"Lær ikkje dei unge kva dei skal tenkje, men korleis dei skal tenkje."
Romma har namn frå Thor Heyerdahl sine bøker,    t. d.     Fatu Hiva.                                                                   




søndag 7. oktober 2012

Sundagstur til Eftang

 Fire besteforeldre, ein onkel, Elinfamilien på fem, ei veninne og to gjestande barnebarn hadde ein nydeleg tur i det fine haustveret.
Bålbrenning med pølser i brød eller lompe.
Kaffi på termos og kaker i boks.
Leik i fjøra.
Fine haustfargar langs stien.






lørdag 6. oktober 2012

Besøk frå Sola

I går fekk vi kjekt besøk av jentene frå Sola.
Dei kom med flyet og skal vere her til foreldra og broren kjem med bil i neste veke.
Oda var her og på gjennomreis frå Trondheim.
Dei som bur her  kom sjølvsagt innom for å vere i lag. Vi kosar oss med ein kopp te på kjøkkenet.
I kveld på laurdagskvelden var det taco i Løkkegata
for oss alle.
Jentene har vore i symjehallen og på kino. Gjestane må underhaldast.
Vi har hatt eit strålande ver i dag. Eg har sett nokre løkar i hagen. Det er kaldt om natta, rim på marka om morgonen, men fint i sola om dagen.
Til dei som strevar med dei rare bokstavane for å skrive kommentar: Prøv med lupe. Det hjelper litt.

tirsdag 2. oktober 2012

Haustferie på Mallorca

                                                     

 Så er vi heime att etter ei veke på Mallorca. Vi reiste saman med Asle, Jakob og Jonas. Lettvindt og godt med Asle som reiseleiar.
Vi budde i Cala Ferrera i ei grei leilegheit med kjøkken krok. Matbutikk like ved. Men middag åt vi ute. Her er vi i Porto Cristo og ventar på middagen.
Tapas er så mangt. Her er min tapas.

Vi sola oss ofte ved symjebassenget ved hotellet vårt.


På tur til Ses Salines litt lenger sør såg vi desse enorme saltfjella.

Vi køyrde ein smal kronglete veg og kom ned til ei lang strand. Vi sola oss der, men den dagen var der mykje farlege manneter, så mest ingen var uti og bada.


 
 Her er vi på ei strand på nordkysten, nær Alcudia.
Veldig fin strand og fint å bade.
 
                                                     Empanadas på marknaden. Gode med forskjellig fyll.

                                                           Dekorative pepperfrukter.

                                                    Jakob kjøper kaker som likna på smultringar.
                                                    Vi prøvde og "churros" som er typisk spansk.
                                                 
                                                         Ei typisk gate i ein by på Malloca midt på dagen.
                                                         Det er siesta.