onsdag 31. mars 2010

Leik i snøen

Ved sjøen på hytta vart Neptunille laga. Det snødde.
Måndag 29. mars.

Snømann i hagen i Ørsta. Han er vist på skitur.
Med noko upraktisk hovudpynt. Prins Snø vart han kalla.







Måndag var vi på tur til hytta.
Det snødde og var litt surt, men ein flott snømann
vart laga ved sjøen.
Og ein liten rotur vart det og.

Palmesundag

Påskegjestane er komne. Vi var i kyrkja på palmesundag.
Der vart fire barn borne til dåpen.
På kyrkjebakken møter vi kjentfolk.


Svinesteik til middag.
Påskedekorasjonen kom frå Sola.


Kaffi hos Dulka på bursdagen hennar.
Vi hadde med kake.

torsdag 25. mars 2010

Vårteikn i hagen

I dag såg eg at jammen var snøklokkene komne opp.
Attmed veggen. Opp gjennom snøen.
Lengst borte i beddet.

tirsdag 23. mars 2010

Litt vår på hytta.

I dag slo vi av varmeomnen som har stått på for å halde
frosten borte.
Sist vi var der, 3. mars, vassa vi i djup snø.
No var snøen nesten vekk på parkeringsplassen,
og heilt vekk i sjøvegen.

Ei snøhaug framfor naustdøra gjorde at vi brukte vinterdøra.
Ved naustet ligg endå mykje snø. Mykje frå taket.

Her kjem liljene opp. Og nede i bakken held
krokusane på å sprette ut.


mandag 22. mars 2010

Spansk

Vi vekslar mellom tre pauserom i bedrifter. Der er det fredeleg om kvelden.
I dag mangla vi den sjuande av damene. Ho har vore uheldig og brote ankelen.
God betring til deg! Og god påske til alle spanskdamene!

søndag 21. mars 2010

Besøk frå Lepsøya

Kirsti og Magne har besøkt oss denne helga.
Vi var og på besøk hos Kristian i Volda, og han var her til middag.

Hans og Kirsti ser på gamle måløybilete.
Hans er glad for at Kirsti er interessert og vil ha nokre.

Ferdige og uferdige handarbeid

Pulsvarmarane til påskegjestane er ferdige.

Sjal strikka i Kitten Mohair

Sjalet av englemaskar er under arbeid.

Dette sjalet med picot kan og bli bra.



fredag 19. mars 2010

Snøen minkar

Det er godt å kunne gå på asfalten att!
Snøen har minka mykje i dag.
Bak huset ligg eit lite fjell. Også det har minka.
Målestaven på plenen viser 65 cm. For få dagar sidan var det 110.
Eg har gått tur rundt Grepalia og høyrt kor fuglane syng.

torsdag 18. mars 2010

Englemauskar




I dag har eg fått friska opp lærdomen om englemoskar.
Annfrid kan å lage mykje fint i strikking og hekling,
og ho er god til å lære vekk.
Vi var ein tur innom strikkekafeen i gågata, og der vart og interessa for
englemoskane vekt, og fleire fekk lære.


mandag 15. mars 2010

Det snør endå meir.

Det har snødd i heile dag. Temperatur rundt 0 grader.
Merkjestaven i hagen viser no 90 cm. For eit par dagar sidan var det 60 cm.
No er det visst stor rasfare og.
Vi får berre halde oss inne.
Ein gong vil vel våren komme.

søndag 14. mars 2010

Sundagsbesøk

I dag har det snødd heile dagen. Ingen sundagstur i dag.
Råsa mi var ikkje open meir enn ein dag. Så kom det mykje snø igjen.
Wencke og Pål frå Ålesund har vore her på sundagsbesøk.
Så det har likevel vore ein kjekk dag.

fredag 12. mars 2010

Rås til postkassen

Det var livsfarleg glatt å gå etter posten. Eg vurderte å bruke bilen.
Men no har eg laga ei rås, så no er det sommarføre også i oppkøyrsla vår.
I dag har det vore snø i lufta heile dagen, men det har ikkje lagt seg.
Det er null grader.
Vi har gått til sentrum og opp att. For mosjonen.

tirsdag 9. mars 2010

8. marsfeiring

Åttande mars vart feira med solidaritetsgudsteneste i kyrkja og
fest på Røde korslokalet.
Marit Gaustad (i midten) var talar i kyrkja og hadde appell på festen.
Det var fleire appellar på festen.

Dyktig festleiar var Diva.
Og Brynhild stilte som vanleg med ei gruppe musikkskuleelevar.
Bente hadde appell om Haiti og viste bilete.
På utlodninga til Haiti kom det inn 3000,- kr.
I kyrkja kom det og inn 3000,- i kollekt.

Sirka 60 kom på festen. Like mange innvandrarar som norske.


Mat var det både nok og formykje.
Då er det greitt at den som har gitt maten tek med resten heimatt.

søndag 7. mars 2010

Sundagstur med uventa oppleving.

Vi hadde vore på tur og gått langs bilvegen på Mork,
fordi vi trudde der var snøbert der på solsida.
Men det var der ikkje. Vi måtte snu etter eit kvarter. Då vart vegen berre is.
Så tok vi ein sving til Volda.
Der såg vi at det nye ankerhandteringsfartyet Havila Jupiter
låg ved kaia, og ein straum av folk gjekk opp leideren og ombord.
Det har vore dåp på skipet og no var det framvisning til alt folket.
Litt vanskeleg å finne p-plass i Volda i dag. Mykje folk frå øyane.

All trimmen i dag forgjeves!
Her forsyner Hans seg godt av dåpskaka på båten.
Messa var full av besøkjande.
Spennande å sjå ein slik båt innvendig!
På dekket er det plass til mykje ankerkjetting og wirar.
Det er store greier!
Men mest imponerande er det på brua med alle dei elektroninske
styreinnretningane.
Flotte lugarar, trimrom og vaskeri m.m.m.
Eg tok bilete frå brua ned på ferjekaia i Volda.

Mykje snø

Vi kjem så vidt fram til postkassen.
Brøytekantane er høgare enn nokon gong før
medan vi har budd i Ørsta.
Men når veret er så stabilt og det er så bra brøyta,
er det i grunnen veldig fint her.


Hans er utafor døra i tøflene. Ikkje ufarleg!
Vi har ei snøhytte der. Nokon har laga ho medan vi var i Rauland.

Gjestar i mars.

Turid kom på besøk i 3 dagar for å få hjelp med
forkjølelsen. Ho blei ikkje heilt bra, så håper ho held fram med å bli betre.
Ho har mykje ho skal hjelpe til med når barnebarna er sjuke.

Kristian intervjuar Dulka og skriv ei spennande oppgåve
i studiet sitt på sosionom.