søndag 25. september 2011

Sundagstur til Vardeåsen

I fint ver hadde vi tur til Kjerringvik og derifrå til fots gjennom skogen til ein ås
der vi kunne sjå 360 grader rundt. Flott utsikt over Tjølling og Sandefjorden.
Med på turen var Elin og Dag, Sunniva, Inga, veninna Mina, fire besteforeldre og ein onkel.



Inga og Mina hadde mange ekstraomvegar, mykje leik og moro.

Besøk av Kirsten og Ottar.

I nydeleg solskinn kom svigerinne Kirsten og bror Ottar på besøk om fredagen.
Det var regn på Vestlandet, sa dei. Dei kom frå Bergen.
Det første vi viste dei var badestranda vår i Rekkevikbukta, 5 min å gå.
Laurdagen hadde vi omvisning i Larvik med Sunniva som gaid.

Dag jobbar i båten sin Maribell som ligg i trebåthamna i Larvik sentrum.
Og vi var sjølvsagt på besøk der då vi spaserte i Larvik.

Dei er stolte av det flotte spahotellet som er kåra til det beste spahotellet i Noreg,
Farris bad. Det er heilt nytt.


Spasertur på Tollerodden med monument over Thor Heyerdahl og Collin Archer.
Det var der dei bygde mange redningsskøyter for 100 år sidan.
Sunniva var flink gaid.

Kulturhuset Bølgen er eit kjempeflott anlegg med mange kinosalar, restaurant og kunstutstillingar. Vi spaserte litt der innadørs. Eit kor hadde gratiskonsert.

Og så var vi ein tur til Stavern, spaserte i gatene og i Karl Johansvern.


Laurdagkveld med kylling i Rekkevikløkka. Sundag etter frukost reiste
gjestane. Mykje takk for besøket.

søndag 18. september 2011

Dugnad og kaffilatte.

På laurdag hadde vi to polske arbeidarar som kutta eit hjørne av verandaen.
Det vart mykje opnare og betre utfor garasjen.
At der var så trangt, kom nok av at vi hadde flytta garasjen lenger bak
No skal vi snart til med steinlegging på uteområdet.
Og så står det føre å male huset. Det er no berre grunna.


På laurdag frå klokka ni til elleve var det dugnad på Rekkevikløkka. Bra ver.
Vi hadde fått brev med innkalling frå styret i velforeininga.
På fellesområdet skulle gjerast kantslått, lukast rundt leikeapparata og rakast.
Det var flest menn som stilte opp, men nokre damer og.
Der stod ingenting om kaffi i innkallinga, så eg steikte nokre sveler og kokte kaffi og hadde med.
Svelene fall i god smak, og det blei ei hyggjeleg kaffistund etter dugnaden.
Kjekt å treffe naboane. Det er flest unge folk, men og nokre eldre. Vi er kanskje dei eldste.
Hans stilte med tilhengaren og køyrde til søppelplassen (Grinda) med hageavfallet.
Etterpå kalla vi inn Elin og jentene, besteveninna til Inga og, for å ete opp resten av svelene.
Dag jobba i båten.


I dag sundag, har vi vore i kyrkja til høgmesse. Der var eitt barn til dåpen. Ein gut som heiter Linus. Det har regna heile dagen. Sunniva og Johanne kom hit for å gjere skulearbeid. Heime hos dei var det for uroleg, for der var det rydding og utskifting av sommar-, vinterty og ditto sengety. Så dermed fekk vi to gjestar til middag. Kjekt! Til kaffi hadde vi invitert dei andre besteforeldra. Sunniva laga kaffelatte til oss, med karamellsmak. Eg er ikkje så god på slikt, så greitt å få det servert.

mandag 12. september 2011

Malehjelp

Vi fekk to dagar med fint ver i forrige veke. Då fekk vi måla garasjeporten. Johanne tok jobben.
Det har vore mykje regn og storm i siste del av august og no i september her i Larvik. Dag har fleire gonger måtta sjå til Maribell ved nattetid. Vi har fått eit godt hus og merkar ikkje så mykje til stormen når vi er innadørs. Men vi synest ikkje reklamen for det gode klimaet her held seg heilt opp att. I kveld har eg vore på speidar i lag med Inga. Dei hadde planlagt grilling ute, men vi måtte berre bruke kyrkjekjøkkenet og varme pølsene der. Stemninga var god for det.
I går var Hans og Asle på ein ekspedisjon til Oslo. Asle kjøpte ein bil som han hadde funne på internett. Hans er framleis i Arendal og kjem heimatt i morgon.
I dag er det val. Vi har førehandsstemt i Ørsta, for det var der vi hadde adr. 30 juni.
Så no fylgjer eg med i Mørenytt på Nett.

fredag 9. september 2011

Besøk i Arendal

Sundag var vi ein tur til Arendal. Nydeleg fårikålmiddag vart servert.
I underetasjen der Eili bur, kom vår gamle oppvaskmaskin inn,
men er endå ikkje kome på plass i benken.

Og vertsfolket som tok godt i mot oss.

Asle sagar ned store tre i nabohagen. Dei står for nær gjerdet.
Han må klatre opp og sage greinene ei for ei. Og så heise dei ned,
så dei ikkje skadar uthuset til naboen.
Eg syntest det såg ut til å vere ein farleg jobb. Men han sikrar seg godt, seier han.

torsdag 8. september 2011

På pizzarestaurant


Sist laurdag kveld var vi saman på pizzarestaurant i Larvik sentrum.
Alle fire besteforeldra var med.
Gode pizzaer og hyggjeleg selskap!
Og ikkje minst lettvindt for Elin og Sunniva som var klar til å reise
til Frankrike neste dag. Dei er på ei vekes ridetur i Loiredalen denne veka.
Johanne ser fram til at når ho er konfirmant, er det hennar tur å komme på ein liknande tur.