mandag 30. januar 2012

Besøk frå Arendal

Sundagstur til Seilerhytta. Overskya og grått ver. 4 - 5 minusgrader.
Vi har ikkje fått meir snø siste veka.
Asle og Jonas kom på besøk til oss på fredag.
Laurdag køyrde vi tur til Sverige med den nye bilen.
Det var fullt av folk på ferja frå Sandefjord til Strømstad. Ein annan gong
reiser vi nok ein dag elles i veka. To timar gjekk likevel bra fort.
Tilbake køyrde vi over Moss - Horten.
Der er store matvarebutikkar der borte og mykje god og rimeleg mat,
så det blei til at vi handla litt
sjølv om vi ikkje hadde så store planer om det.
Det var interessant å sjå butikkane vi har høyrt om. Vi rakk berre over nokre få,
så det blir vel fleire turar.

Om fredagen laga eg aniskringler etter Annfrid si oppskrift. Dei er populære.

torsdag 26. januar 2012

Den første snøen

Laurdag for snart ei veke sidan fekk vi snø her. Så lenge har det vore berr mark.
Rett nok frost, men ingen snø.
Så sist sundag var alle i nabolaget ute og moka.
Hans fekk prøve den nye snøfresaren. Han er mindre enn den vi hadde i Ørsta, men er visst stor nok til det området vi har no.

Mellom huset og garasjen og på baksida moka eg for hand. Ingen problem!
Det var jo rimeleg med snø
Denne veka har det vore 2 - 6 kuldegrader. Det har ikkje kome meir snø.
Inne har vi det godt og varmt. Huset er godt isolert. Det har og eit godt
ventilasjonsanlegg, så vi har frisk luft heile tida. Slepp å lufte.

mandag 16. januar 2012

Ny bil

Det var vemodig å ta avskjed med Seat-bilen som har tent oss godt i over 13 år.
Men no var det mykje som måtte reparerast.
Her er han klar for siste turen frå vår bustad.

Den nye bilen, Toyota Verso S, skal syne godt i trafikken.
Her er han nettopp komen ut av butikken. Han har automatgir og ryggekamera.
Det er mykje nytt å sette seg inn i. Vi får hjelp av Sunniva som var med og henta han
og fekk høyre seljaren forklare om alle finessane.

søndag 15. januar 2012

Løysing på gåta: Kvar har dei vore?

Laurdag 7.jan. gjekk vi på flyet til Puerto Rico i lag med dei to andre besteforeldra
som og bur i Larvik. Vi budde i kvar si leilegheit ved sida av kvarandre.
Eg hadde planer om å skrive på bloggen på Mc Donalds slik som eg gjorde i fjor.
Då var der gratis internett der. Men i år virka det ikkje. Og eg fekk det heller ikkje til
på hotellet. Så difor dette litt seint. I går, 14. kom vi heimatt. Litt brunfarge og i litt betre form.
Vi hadde godt ver, passe varmt til å sole seg om dagen, litt kaldt i sjøen.
I år var vi på Heliomar, og det er på solsida.
Eg sumde i bassenget kvar morgon medan Hans laga frukost. (Oppvarma basseng).

Vi leigde bil ein dag og køyrde opp i fjella til Ayacata og ned att gjennom
Mogandalen. Det liknar på Trollstigen, men er mykje verre.

Middag ein kveld på San Augustin, der ein må stå i kø for å komme inn.
Calamare (Blekksprut)

Spasertur til Amadorestranda. Fin tur i fin temperatur, eit par og tjue grader.

Bassenget på Heliomar var litt oppvarma.
Rigmor er uti, og Hans prøver å overvinne skrekk for at det skal vere kaldt.

Vi var fleire gonger på stranda i Pueto Rico.
Rigmor og Bjørg var dei ivrigaste badarane, men Jens var og i havet.

Og det var nydeleg på solsengene.


På tur i fjella med bil.


I "Dei tusen palmers dal"

Byen Santa Lucia ligg eit stykke frå hovudvegen. Der er ei stor og flott kyrkje
som vi ville sjå. I koret var det flotte blomsteroppsatsar, og
altertavla var spesiell.


søndag 8. januar 2012

Her er det sommar! Friskt å bade.

Published with Blogger-droid v1.7.4

torsdag 5. januar 2012

Årets julegåve

Årets julegåve i år vart den nyomsette bibelen. Dei to konfirmantane hadde ikkje fått bibel
til konfirmasjonen i påvente av den nye omsettinga. Elin, som av og til er tekstlesar i kyrkja her, ønskte seg ein ny. Då måtte Kari som speidarleiar få, og dei to jentene i Arendal. Det vart to til kvar familie og så ein til meg sjølv.
Biblane vart kjøpte i Larvik(bokmål), i Volda (nynorsk) og frå Haugen bok (bokmål og nynorsk).

mandag 2. januar 2012

Nyttår i Arendal

Nyttårsafta med fint dekka bord. Pinnekjøtet er servert.

Jakob og Jonas synest det er kjekt å ha storesyster Oda heime.
Ho studerer no medisin i Trondheim.





Ei sur nyttårsnatt med snø og skodde.
Mange flotte rakettar i Nedenes.

Jakob og Jonas. Ungdomsskulen neste år.

Nyttårsdag fekk vi nydeleg gratinert fisk.
Eili, Anne og Hans.