søndag 15. januar 2012

Løysing på gåta: Kvar har dei vore?

Laurdag 7.jan. gjekk vi på flyet til Puerto Rico i lag med dei to andre besteforeldra
som og bur i Larvik. Vi budde i kvar si leilegheit ved sida av kvarandre.
Eg hadde planer om å skrive på bloggen på Mc Donalds slik som eg gjorde i fjor.
Då var der gratis internett der. Men i år virka det ikkje. Og eg fekk det heller ikkje til
på hotellet. Så difor dette litt seint. I går, 14. kom vi heimatt. Litt brunfarge og i litt betre form.
Vi hadde godt ver, passe varmt til å sole seg om dagen, litt kaldt i sjøen.
I år var vi på Heliomar, og det er på solsida.
Eg sumde i bassenget kvar morgon medan Hans laga frukost. (Oppvarma basseng).

Vi leigde bil ein dag og køyrde opp i fjella til Ayacata og ned att gjennom
Mogandalen. Det liknar på Trollstigen, men er mykje verre.

Middag ein kveld på San Augustin, der ein må stå i kø for å komme inn.
Calamare (Blekksprut)

Spasertur til Amadorestranda. Fin tur i fin temperatur, eit par og tjue grader.

Bassenget på Heliomar var litt oppvarma.
Rigmor er uti, og Hans prøver å overvinne skrekk for at det skal vere kaldt.

Vi var fleire gonger på stranda i Pueto Rico.
Rigmor og Bjørg var dei ivrigaste badarane, men Jens var og i havet.

Og det var nydeleg på solsengene.


På tur i fjella med bil.


I "Dei tusen palmers dal"

Byen Santa Lucia ligg eit stykke frå hovudvegen. Der er ei stor og flott kyrkje
som vi ville sjå. I koret var det flotte blomsteroppsatsar, og
altertavla var spesiell.


Ingen kommentarer: