søndag 30. oktober 2011
fredag 28. oktober 2011
onsdag 26. oktober 2011
Strikk
Det er lenge sidan eg har strikka lubbar. No fekk eg lære ein god kilehæl med Turid. Kjekt!
Published with Blogger-droid v1.7.4
Oppussing i prestegarden
Det var vi hjarteleg velkomne til. Men ta med dynetrekk, sa ho. Det syntest eg var veldig
greitt. Jorid har det travelt. Prestegarden blir pussa opp, og ho er ubetalt arbeidsleiar.
Mykje arbeidsfolk går ut og inn.
Brannmuren skal også vekk. Der skal vere kvit brannmur, ikkje murstein.
Jorid viser at dei kopla vindauga er svært arbeidskrevande å vaske.
fredag 21. oktober 2011
Ny snøfresar
mandag 17. oktober 2011
Småspeiderdagen i Bøkeskogen
Småspeidardagen, som i gamle dagar heitte Ulvungedagen,
vart halden sist laurdag i Kilen ved Farrisvatnet.
Småspeidarar frå heile Vestfold var samla.
Først ei fin opningsandakt.
vart halden sist laurdag i Kilen ved Farrisvatnet.
Småspeidarar frå heile Vestfold var samla.
Først ei fin opningsandakt.
Elles var det livline, stylter, knutar, tårnbygging, pil og boge og fleire .
Vi hadde nistemat med, og sola skein heile dagen.
fredag 14. oktober 2011
To klaffar i bordet
Sist onsdag sette vi to klaffar i bordet, og det gjekk fint.
Vi henta Aslefamilien på Torp med to bilar. Dei var seks personar. Sunniva passa middagen
medan Hans og eg henta. Det var den største middagen vi har hatt.
Dei hadde hatt ein fin haustferie i Italia.
tirsdag 11. oktober 2011
Tur til Rekkevikbukta
Vi gjekk ned til Rekkevikbukta. Det tek berre 3 minutt. Der er badestrand og
minnesmerke over polfararskuta Fram.
Vi tok ein runde på stien langs fjøra.
Etterpå gjekk vi oppover bak huset vårt og over haugen til
Bergslihallen idrettsområde.
mandag 10. oktober 2011
lørdag 8. oktober 2011
Huset blir måla og besøk frå Sola
Sørveggen er ganske stor, så godt å sleppe å klatre der.
Vi spaserer på strandpromenaden og besøkjer Dag som jobbar i Maribell.
No i helga ligg det er sivbåt ved Fritsø Brygge.
Det er Heyerdahlfamilien som har hatt feiring av bursdagar.
To monument har vorte avduka i byen.
torsdag 6. oktober 2011
Kirsti og Turid på besøk
Dei kom til middag og eg hadde laga fårefrikasse.
Men noke kulturhus kom ikkje på tale før butikkrunden var unnagjort.
Etter besøk i ein veldig kjekk klesbutikk, bokhandel og garnbutikk,
var gjestane klare for kulturen og byen.
Her ved kulturhuset med Superspeed i bakgrunnen.
Og lunsjen var nydeleg både for auge og gane.
Då skjedde det at dei vart inspirerte til å strikke dei og.
Og vi måtte besøkje ein garnbutikk.
Kirsti sa ho hadde ikkje strikka på 30 år.
Turid kunne lære oss å strikke ein type kilehæl.
"Så kjekt å strikke", sa dei alle.
vart invitert til oss neste formiddag. Han og kona bur i gåavstand frå oss.
lørdag 1. oktober 2011
Lunsj i hamna
Elin og Dag arbeider i båten med maling og innreiing.
Vi besteforeldra ordna med formiddagsmat til dei og oss.
Her er vi på kaia der Maribell ligg.
Inga kosa seg med å teikne paradis.
Johanne hadde med ei veninne, og Sunniva var på byen med sine venner.
No er det haustferie!
I morgon ventar vi tante Turid og tante Kirsti.
Abonner på:
Innlegg (Atom)