mandag 31. august 2009

Mat frå Montenegro






























Dulka laga sarma sist fredag på hytta. Det er ein bosnisk rett og det smakte nydeleg.
Vi fekk blitvasalat med naboen. Han hadde forresten fått frøa med Dulka. Sarma kan også lagast i kålblad eller i paprika.
Ingrediensane er: løk, kvitløk, gulrot, tomat, ris, krydder og kjøtdeig. Serverast med rømme til.

tirsdag 25. august 2009

Plommedessert
















No er opalplommene straks ekspedert. Eg har avslutta produksjonen. Ikkje meir plass i frysaren. Ingen fleire sylteglas. Det er nokre plommer att i toppen av treet. Vi treng no nokon som klatrar, skal dei takast ned. Det spørs om vi kan finne nokon som vil ha dei.

lørdag 22. august 2009

Valkamp

















I dag gjekk det meste av dagen med til å stå på stand i gågata. Eg steikte vafler heile tida. Der var ikkje så mykje folk, men heldigvis fint ver. Det er tradisjon å vise seg fram slik.

fredag 21. august 2009

Plommehaust






























I dag har vi plukka plommer, cirka halvparten av dei som er på opaltreet. Det gav 15 liter plommesyltety pluss 9 boksar med plommer i sukkerlake til dessert. Desserten går i frysaren.
Det blir vel å fortsette etter helga. Tre bøtter vart ikkje sylta i dag. Og meir må vel plukkast.
For første gong er det ganske mykje på reine claude-treet og. Viktoriaplommene blir modne seinare. Ein må spørje seg: Kven skal ete alt?

tirsdag 18. august 2009

Loftrydding
















I dag har eg rydda litt på loftet, i ei hylle med gamle permar. Dei fleste kan nok kastast. Lite truleg eg les meir på gamle notatar i norsk eller biologi. Handarbeidspermane frå lærarskulen vil eg likevel spare endå litt. Dei har visst vore lite brukte. Tinga er like fine som då dei vart lagt inn for snart 50 år sidan. Kanskje dei kan illustrere ei anna tid.





























To permar frå handarbeidsundervisninga på lærarskulen og ein bunke skrivebøker frå barneskulen og folkehøgskulen må eg nok ta vare på endå ei tid. Dei kan kanskje brukast når barnebarna vil ha forteljing frå gamle dagar. Stil om Den gongen eg var uheldig, eller Ein dag då eg var på leir.

mandag 17. august 2009

Ny grill på hytta.
















Nyinnkjøpt grill, kjøpt på Pekas, halv pris. Det virka fint å grille laksefiletar. Det var ikkje grillver, men ved å stå under taket og parasollen gjekk det fint. Det regna heile dagen (sundag).

lørdag 8. august 2009

Blåbær
















Det har vore plukka fleire bøtter med blåbær i år. Her blir bæra reinska med hand og med "teppemetoden" som er brukt i Halden.

Syskenbarntreff
















Ni av tolv syskenbarn med familier var samla til treff i Prestegarden på Lepsøya sist onsdag. Mange av dei treffest ikkje så ofte, og kjekt for borna å leike i lag og bli kjende.
















Den gamle prestegarden på Lepsøya som no er leirstad var fin samlingsstad for syskenbarntreffet. Borna kosa seg i hagen med mange leikeapparat.
Dei "gamle" heldt seg litt for seg sjølve.