tirsdag 26. mars 2013

Påsketur til Lauvesetra


Vi har fått kjekt besøk frå Sola.
Mathias kom med flyet, og vi henta han på Torp.
Han og Inga har det kjekt i lag.


Tur til Lauvesetra i lag med Elin og jentene.
Hans og eg gjekk til fots på ein køyreveg.
Der var snøføre, men greitt å gå.
3,8 km kvar veg.
Alle dei andre gjekk på ski opp.
Vi kom fram samstundes og hadde kaffirast i hytteveggen.



søndag 24. mars 2013

India


India er eit stort land. Utruleg mange menneske og store forskjellar.
Vi budde på flotte hotell. Dette er i Delhi.
Reiseselskapet var Albatros, og reisefylgjet talde 31 personar, dei fleste opp i åra.

Vi hadde ein flink norsk gaid. Han var fødd i Stryn.
I India hadde vi i tillegg ein indisk gaid som var svært kunnskapsrik og hadde eit behageleg vesen.
Vi hadde same bussen heile tida, og bussjåføren imponerte. I tillegg hadde vi ein smilande hjelpemann
på bussen. Han forsynte oss med vatn og hjelpte oss    av og på bussen.


Her budde vi idyllisk i ein hage ute på landet. Vi var på safari og såg etter tiger. Og jammen var vi heldige og fekk sjå både tiger, leopard, hjortedyr i massevis, aper, mange påfuglar og andre fine fuglar m.m.

Hindutempel.
Vi fekk ikkje fotografere inne. Tok av oss skoa.
Som vi har høyrt, gjekk kyrne i gatene i Delhi og andre byar. Dei gjev mjølk og gjødselen blir brukt til brensel.
Opp til Amber Fort som ligg utafor Jaipur, sat vi på elefantryggen.
Høgdepunktet på turen var å sjå Taj Mahal.
Vi vart gjortkjende med historia bak av gaidane.
Kvelden før såg vi eit teaterstykke som fortalde historia om yndlingskona til stormogulen som døde då ho skulle føde det fjortande barnet hans. Sorga var stor, og han bygde det flotte gravmausoleet i kvit marmor. Det er det flottaste bygg eg har sett! Og større enn eg hadde tenkt meg.
Der var fullt av folk. Inderane valfartar dit.
Inne i mausoleet var to sarkofagar inne i ei innhegning. Der var ikkje lov å fotografere, og vi måtte ha trekk utapå skoa,

fredag 8. mars 2013

Basar i Østre Halsen

I går var eg innom Østre Halsen kirke med gevinstane mine til basaren dei skal ha no før påske.
Der var det arbeidsmøte. 8 eldre damer sydde på maskin, broderte og strikka. Dei tok med takk imot gevinstane mine: Lestar, fadervår-bilete og ein duk kjøpt på marknaden i Puerto Mogan.
Inviterte meg til å drikke kaffi med dei. Mat hadde dei med kvar til seg. Delte med meg. Vi song Gledens Herre. Ei av damene hadde funne eit morosamt stykke i ei bok - noko frå gamle dagar.
Elles fekk eg vite litt om folk og stader i nærleiken.
Dei arbeider for NMS og Madagaskar.
Ei av damene var fødd på Madagaskar.

søndag 3. mars 2013

Sundagstur og bursdag.

I dag har vi gått langs Indre havn i Iarvik.
I kulturhuset Bølgen var det mykje folk, ungdomar og ein del vaksne. Det var visst noko med Ungdommens kulturmønstring.
Der er endå mykje is der vi går, men det minkar!
For ei veke sidan låg det isklumpar i hamna der svanene låg og sumde. No var isen borte.
Svanene og.







Elin har bursdag i dag.
Vi var samla til kaffiselskap.
Johanne og Sunniva kom inn med sjølvlaga kake med lys og fyrverkeri på. Og bursdagssong.
Diverre har Inga feber og har lege på sofaen i går og i dag. Ho er litt betre i dag.