søndag 15. mars 2015

Tur til Darrebu


Turen i dag gjekk til Darrebuhytta.
Vi køyrde opp Lågendalen forbi  Svarstad og opp i fjellet til Omholt. Der var mykje folk på ski. Men det gjekk bra å gå utan ski.


Denne hytta er ubetent. Der var ikkje ope. Vi snakka med ein mann som sat i solveggen. Hytta kan leigast og ein ordnar seg sjølv der.


Tur til Ula og bursdagen til Elin



I går, laurdag, var vi ein liten tur til Ula i det fine veret.
Krokusen blomstrar i hagen der.
 Nydeleg på stranda i Ula
Tysdag 3.mars var bursdagen til Elin.
Dagen blei feira med festmiddag i Rekkevikløkka.
Svinesteik kjøpt på Nordby i Sverige.

Fredriksons fabrikk


Foreininga Fredriksons fabrikk i kyrkjekjellaren er i innspurten til Vårmessa  21. mars.
Vi har no møte kvar torsdag, elles annakvar.
Møta er frå klokka 10 til 13 med matpause klokka 11. Vi har med oss nistemat og kokar kaffi på staden.
No er vi 10 damer i foreininga.
Den unge nyepresten er ofte på kontoret ved sida av oss, og han hentar vi inn til kaffipause,

Aliza som er frå Chile er dyktig med symaskina. Før var det mange som sydde på maskin, men no er det berre Aliza. Ho lagar mykje fint, puter, vesker, forkle m.m.
Denne veka, fredag og laurdag, har vi selt lodd på butikken her. To tretimers skift. Vi har framleis 2 kr pr lodd.

Sundagstur til Heisetra


Sundag 8. mars, på kvinnedagen hadde Hans og eg ein fin tur til Heisetra som ligg i vestre Kodal i Andebu. Vi køyrde ei mil på skogsveg frå hovudvegen, og kom då heilt fra til hytta. Derifrå går det stiar innover i skogen, Fint om sommaren og i bærtida.
Vi kjøpte vafler og kaffi og sat litt i solvegggen.





søndag 1. mars 2015

Handletur til Sverige og besøk hos Dulka


Vi tok turen med Colorline til Strømstad sist torsdag. Køyrde eit lite stykke til Nordby Kjøpesenter. Asle var sjåfør.
Vi hadde ikkje tenkt å kjøpe så mykje, men med så mykje varer, vart det kjøpt ein del.  Billege bøker på norsk. Det kjøpte vi ikkje.

Asle  såg på sportsutstyr til sønene sine. Kjøpte ein slalåmhjelm.

Eg kjøpte bacon, ein stor rull.
Må fryse det i mindre porsjonar.

Frå Nordby køyrde vi til Fredrikstad. Der besøkte vi Dulka. Ho serverte nydeleg suppe og godt bakverk.
Ho har ein grei bustad, men dyr.
Ho seier ho angrar på at ho flytta frå Ørsta og alle venene der.