søndag 15. mars 2015

Fredriksons fabrikk


Foreininga Fredriksons fabrikk i kyrkjekjellaren er i innspurten til Vårmessa  21. mars.
Vi har no møte kvar torsdag, elles annakvar.
Møta er frå klokka 10 til 13 med matpause klokka 11. Vi har med oss nistemat og kokar kaffi på staden.
No er vi 10 damer i foreininga.
Den unge nyepresten er ofte på kontoret ved sida av oss, og han hentar vi inn til kaffipause,

Aliza som er frå Chile er dyktig med symaskina. Før var det mange som sydde på maskin, men no er det berre Aliza. Ho lagar mykje fint, puter, vesker, forkle m.m.
Denne veka, fredag og laurdag, har vi selt lodd på butikken her. To tretimers skift. Vi har framleis 2 kr pr lodd.

Ingen kommentarer: