onsdag 22. juni 2011

Gåve frå KrF

Vi har jobba i hagen i dag. Pakka gjorde vi i går.
Det var trong for å slå graset og for å fare over å rydde i bedda igjen.

Og så kom KrF-leiar Hjørdis på besøk med gåve og takk til meg.
Eg fekk eit Rolf Vatn-krus med namnet mitt på. Og Hans fekk også eitt.
Kjekt!

Gjester til risgraut.

Om laurdagen den 18. inviterte vi dei andre besteforeldra til risgraut.
Elin og Dag var attkomne frå Færderseilasen og Inga har med ei veninne.
Dei to andre jentene var på handball og eitkvart anna.
Kjekt å sjå at vi har plass til klaff i bordet. Det ser ut som Ørsta, sa Elin.

Dei første middagsgjestane.

Inga og Johanne kom til oss til middag på fredag 17.juni.
Det var siste skuledagen. Foreldra og Sunniva sigla Færderseilasen.
Til middag var det kjøttbolar, og det fall i smak.


Sidan desse to var åleine heime, overnatta dei hos oss og var
såleis dei første overnattingsgjestane.
Senger har vi ikkje så mykje av endå, men madrasser på golvet gjekk bra.
Kveldsmat med te.
Johanne skulle reise klokka ti på sju laurdag morgon til handballcup.

Første middagen i nyehuset.

Andre pinsedag reiste vi til Larvik med eit tilhengarlass.
Då hadde vi med spisebordet og fire stolar. Det passa bra inn i kjøkkenet.
Då kunne vi med skikk ha den første middagen i nyehuset. Vi hadde omnsteikt laks.
Kjøkkenet er lyst og fint. Trur det vil fungere bra.

onsdag 15. juni 2011

Vi flyttar inn.

Hans sine DVDar er komne på plass i det nye biblioteket.
Vi har utryleg mykje bøker. Noko må nok til bokbyen.

Vi kom med to hengarlass. Asle tok med det eine. Her er det
som vi drog ned. Der er tre skap, så no kan vi plassere ting.

Vi overnatta i det nye huset.
Elin kom på besøk og hjelpte oss med å laste av tilhengaren.
Første frukosten.

Så kom det riktige kjøkkenbordet på plass.
Sunniva får mat før ho startar med å bere bøker opp til andre etasjen.

torsdag 9. juni 2011

Innvandrarkvinnetreffet

Kvar torsdag er det invandrarkvinnetreff i lokalet til kyrkjekontoret.
Norske og innvandrarkvinner møtest. I dag gjekk praten høglytt. Mykje god mat og.
Kvinner frå 5 - 6 nasjonar møttest og snakka norsk.
Neste gong er det utflukt, og vi håper på godt ver.

tirsdag 7. juni 2011

Regndråpen på utflukt.

Rhododendronen ved hytta er no på det finaste.

Klart for å ta mot gjester i naustet.
Det vart ein dag med regn. Einast ein halv time med opplett ver.
Då fekk eg grilla kotelettane utfor naustdøra.
Gjestene var godt kledde så det gjekk bra trass i berre 9 grader.



Det var likevel godt å ta kaffien i varm hytte.
Bjørg, Bodil, Reidun, Henriette, Kirsten, Anne og Torbjørg
rundt kaffibordet med ripsrullen.

Vaskerommet er teke i bruk

Inga og Mina har teke i bruk vaskerommet.
Vi hadde med benk med underskap. Og vaskemaskin og tørketrommel
er på plass. Det er og toalett på vaskeromet.