søndag 23. januar 2011

Besøk på Lepsøya

Her er vi til kaffi i det nyoppussa storkjøkkenet til Guttorm og Ingunn.
Dei har fått det veldig fint, og det var spennande å sjå kva løysingar dei har valt.
Ingunn var på bedehuset der dei hadde Lys vaken- arrangement for ei gruppe born.

Guttorm hadde vore på sjøen og fått fleire fine torskar. Der er mykje fisk for tida, seier han.
Kirsti laga eit nydeleg fiskemåltid om laurdagskvelden med fersk torsk, kams, rogn og reker.
Vi fekk endå til med oss heim ein fiskemiddag då vi reiste om sundagen.
Det skal smake godt i morgon til middag.

Synne og Mari er blitt store. Andreas er ein kjekk kar og.

fredag 21. januar 2011

Bøker til Gjenbruk

Her er Grimberg: Menneskenes liv og historie i 22 bind kome ned frå bokhylla
og er på veg til Gjenbruk.Der tek dei mot alt.

Julepynten er komen i flyttekassar og skal vere med til Larvik.
Ei kasse inneheld og noko gamle papir, så vi ikkje skal vere historielause.

Desse sakene skal til Gjenbruk.
Vi har og levert eit skoskap og eit anna skap i dag. Så "løp og kjøp".

Jorunn 70 år. Gratulerer!


I går 20. januar var det fest i Volda for Jorunn som fylte 70 år.
Veninnene som sit for bordenden, hadde laga i stand festen. Og alle veninnene
i gata hennar møtte opp pluss eit par til. Der var
store mengder nydelege smørbrød, kvit dame, heimelaga karamellpudding
og marengskake.
Og masse blomster. Trur jubilanten var godt nøgd.

Til sommaren blir det stort familie- og naboselskap i Høyvika, har vi høyrt.


onsdag 12. januar 2011

Mindre snø på hytta.

I dag har vi vore innom hytta. Det stod bra til der.
Vatnet som dryp i kjellaren, vert fint leia ut gjennom ein slange,
Det var fire varmegrader i kjellaren og 0 grader oppe.
Hans let omnen i kjellaren stå på det same, 400 watt.

Vi var inviterte til middag hos Annfrid og Per i Ulsteinvik.
Koseleg å komme dit og bli oppvarta.
Dei serverte nydelege kjøtkaker med tilbehør, og gele med vaniljesaus til dessert.
Kaffi og julekaker vart det og.
Vi beundra julekrybbene som Annfrid har kjøpt i Sør-Afrika, i Betlehem
og no sist i Moskva. Alle er spesielle, den frå Russland mest. Den er inni ein
romstasjon, og kan opnast og latast att.

Kva tid skal våren komme?

Snøhaugane veks rundt huset.
Alt som kom ned frå taket ligg i store dungar.
Men sola er komen att, så det lysnar vel etterkvart.

mandag 10. januar 2011

I dag kom sola att.

I dag skein sola inn glaset frå skaret i minst 10 minutt. Det gjev von om lysare tider.
Eg har gått til fots ned til Rådhuset til det siste møtet i Overformynderiet. Eg fekk til og med gåve hos dei to medarbeidarane, to glas til t-lys og ein engel i glas, ein heilårsengel, sa dei. Veldig kjekt!

Og så gratulerer vi svigerson Tore i Sola med 44-årsdagen i dag!

søndag 9. januar 2011

Gamle ting

Dette er barndomsheimen min slik han var då eg vaks opp.
I vedahuset bygde far færingar.
Biletet er måla av kunstnaren Magne Steinhovden.

Dette skapet stod på hytta då farmor og farfar styrte der.
Farmor Karen har måla rosene.
Vi får nok ikkje plass til dette i nyehuset.

lørdag 8. januar 2011

Snøen frå taket

I det siste har dørene i huset gått så tregt at vi har vore
bekymra for taket der snøen har vore våt og så fått nytt snøfall.
Det er no nær ein meter snø på flat mark.
I dag har Geir, leigebuar, vore på taket, og haugar med tung snø låg både nedafor
og på oppsida av huset. Heldigvis har nabo Rune ståande ein grei traktor utfor huset deira.
Han har no fjerna snøen frå plassen nedafor.
Hans har hatt utbetaling til dei to unge karane. Det var verdt det, seier han.

onsdag 5. januar 2011

Mykje snø igjen!


Vi kom heim frå Sola på sundag. Det er langt å køyre. 13 timar brukte vi
på glatt føre og fordi vi var uheldig med alle ferjer. Så det var travelt!
Det har snødd ein del i det siste. I dag var naboen på taket og måka.
No går dørene i huset tregt. Så no må det vel straks gjerast her og.
Det ville vere gale om taket skulle dette ned siste vinteren vi er her.
Hans er likevel mest bekymra for dokkehuset. Det har ikkje sperrer.
No er det 75 cm snø, og det har vore regn i han, så det er tungt.


Nyttår i Sola

Nyttårsafta var vi i Sola med Kari og familien. Det var dårleg ver med regn og vind.
Tore og Mathias hadde kjøpt rakettar som blei sendt opp i gata ved huset deira.
Det var godt å komme inn etter ei stund.
Seinare, då klokka vart midnatt, såg vi mange flotte rakettar frå der vi stod på trappa.
Før på kvelden hadde vi eit nydeleg måltid med pinnekjøt med løksaus m.m.