mandag 10. januar 2011

I dag kom sola att.

I dag skein sola inn glaset frå skaret i minst 10 minutt. Det gjev von om lysare tider.
Eg har gått til fots ned til Rådhuset til det siste møtet i Overformynderiet. Eg fekk til og med gåve hos dei to medarbeidarane, to glas til t-lys og ein engel i glas, ein heilårsengel, sa dei. Veldig kjekt!

Og så gratulerer vi svigerson Tore i Sola med 44-årsdagen i dag!

2 kommentarer:

Besta sa...

Då får de sola 8 dagar før oss, vi ser den her den 18.januar, så framt det er klårt,då.

Anonym sa...

Gratulerer til Tore. Og velkommen etter ifht sola. Her hos oss ser vi den hele året, om det er klarvær og opplett.
Æ kan ikkje anna enn å beundre dere , bjørg. Tenk at dere er igang med nyetablering. Mykje arbeid, men ka betyr no det for ungdommer som dere, med mykje tiltakslyst og initiativ.
Lykke til med oppgaveve foran, og godt og velgjort arbeid i det som ligger bak. Hilsen frå oss i Gamleskulen