onsdag 12. januar 2011

Mindre snø på hytta.

I dag har vi vore innom hytta. Det stod bra til der.
Vatnet som dryp i kjellaren, vert fint leia ut gjennom ein slange,
Det var fire varmegrader i kjellaren og 0 grader oppe.
Hans let omnen i kjellaren stå på det same, 400 watt.

Vi var inviterte til middag hos Annfrid og Per i Ulsteinvik.
Koseleg å komme dit og bli oppvarta.
Dei serverte nydelege kjøtkaker med tilbehør, og gele med vaniljesaus til dessert.
Kaffi og julekaker vart det og.
Vi beundra julekrybbene som Annfrid har kjøpt i Sør-Afrika, i Betlehem
og no sist i Moskva. Alle er spesielle, den frå Russland mest. Den er inni ein
romstasjon, og kan opnast og latast att.

1 kommentar:

Besta sa...

Ein skal ikkje lenger enn ut på Rjåneset før det er nesten bert. Det var no vår i fjor ogsp til slutt og då var det minst dobbelt så mykje snø som no.Men vi er berre i midten av januar.........