onsdag 29. desember 2010

Romjul i Arendal

Vi får her nydeleg fiskesuppe laga av Anne,

Jonas og Oda har laga taco. Vi får mykje god mat når vi reiser slik rundt.
Og kjekt å sjå dei alle!

lørdag 25. desember 2010

God Jul
til alle som ser innom bloggen!

Første juledags tur.

Det var 17 kuldegrader, men fint med ein tur likevel. Først gjekk Hans og eg ein
passeleg tur. Så gjekk eg med Elin og Inga bort til skulen der Inga leika litt i akebakken.
Her skin sola så flott ei lang stund.

Julafta i Larvik

Lesebrett av fleire slag vekkjer stor interesse.
Det er utruleg kva dei inneheld desse nye bretta.
Elin får kjøpe på jobben.
Sunniva forstår å vise oss andre, og Inga 7 år finn mange kjekke spel.

Frå julemiddagen med austlandmat (svineribbe)
og vestlandsmat (pinnekjøt).


To sett besteforeldre og ein onkel var gjestar, tilsaman 10 til bords.
Sunniva las juleevangeliet. Nokre få songar kring juletreet vart det og før
vi tok til på pakkehaugen som var så stor at noko måtte vente til neste morgen.

onsdag 22. desember 2010

Kaldt i Larvik

Det var 20 minus i dag tidleg, 18 resten av dagen.
Her fyrer dei i vedomnen, så vi må passe på at det ikkje sloknar ut.
Vi husbyggjarane fer rundt i butikkar og ser på baderomsinneiing, flis, vedomn m.m.
I dag har vi vore i Sandefjord og sett på bad. Det er ganske kjekt. Eg trudde ikkje vi skulle få
vere med og bestemme så mykje.
I dag har vi og skrive under kjøpekontrakten.
Huset vårt er ikkje kome så langt. Det snøar framleis inn gjennom vindaugene.
I dei fire andre bustadane er det stor aktivitet. Nokre flyttar inn og i nokre av bustadane
er det i innspurten med røyrleggjarar, elektrikarar og snikkarar.
Dørene er opne, så vi kan gå inn og sjå korleis vårt hus også skal bli.
Vi fer rundt og ser og måler med måleband og lurer på kva vi får plass til av eigne møblar.
Vi får bra mykje plass.


tirsdag 21. desember 2010

Bursdagsfeiring for Inga

Tidleg morgon. Presangar på senga. Slik er skikken her.
Så er det frukost og alle må vere ferdige å gå til skulen klokka åtte.
Her begynner skulen kvart over åtte, men skulevegen tek berre to minutt.

Mormor har laga bløtekake, og mamma har laga brownie-kake.

Dei store søstrene ordnar og tenner lys.

Hurra for deg som fyller ditt år.......

Inga bles ut lysa.

Alle besteforeldra er møtt opp i bursdagsfeiringa.

søndag 19. desember 2010

Skjeltesundag

Her blir skjeltemiddagen førebudd.

Gjester til skjeltemiddagen var bestefar Jens og veninna til Sunniva, Rikke.
Ingen av dei hadde ete sauehove før. Særleg Jens frå Halden likte maten godt.
Synd at bestemor Rigmor var sjuk og var heime.
I dag kom kofferten til Sunniva til Torp. Hans og Sunniva henta han der.
Vi var veldig glade for at Sunniva kom heim frå Hellas seint torsdag, ein dag forseinka rett nok,
men måtte ikkje sitte på eit hotellrom som mange andre i desse dagar på grunn av snøveret.
Sunniva og tre andre elevar pluss to lærarar har vore ei veke i Aten på besøk i regi av EU.
Der var ungdomar frå mange land. Dei budde i kvar si familie (litt skummelt, måtte snakke engelsk), Dei var på skulebesøk og hadde presentasjon av heimstaden sin.
I dag fekk Sunniva opna kofferten sin og gåvene kom fram.
Elles har vi hatt Asle på besøk. Han kom innom på veg heim frå Trondheim der han hadde
henta Oda sitt flyttelass. Så fekk han med seg julegåvene herifrå og.


lørdag 18. desember 2010

Laurdagskveld i Larvik


Sunniva har laga ein rett ho har prøvd på skulekjøkkenet.
Oppskrifta fann ho på internett.

Det er grønsaker og svinekotelettar.
Ovnsteikte poteter til.

onsdag 15. desember 2010

Huset vårt

Arbeidet på huset vårt skrid fram.
Det er kome tak og vegger. Vår del av tomannsbustaden er til høgre.
Her står Johanne framfor stove- og kjøken glasa.
Inngongen er på baksida.

Vår ende av huset. På høgre sida skal det komme
inngongsparti med utebod.
Dag teiknar endring av garasjen med plassering og storleik.
Det er kjempekjekt å ha ein fagmann til hjelp.
Det er mange ting å planlegge. Vi kan forandre det meste inne, om vi vil.


Johanne har teke bilete av kveldstemning ved Oterøya like ved her vi bur.

Inga Louise 7 år


Inga feira bursdagen sin med alle gjentene i klassen, 19 i alt.
Festen var i bovlinghallen med bowling og pizza.
Dei har bursdagspakke der. Mamma, pappa og begge storesystrene var
vertar saman med Inga.
Inga til venstre.

Mormor og Inga pratar om Lucia på Luciadagen.

I går kveld var det samling på skulen for alle i andre klasse, ca. 60 elevar.
Vi fekk vere med på det, avgrensa til 2-3 frå kvar familie.
Først fekk vi graut, så var det framføring av julespel og til slutt
gjekk vi rundt juletreet.
Nissar md godteposar kom og innom.

Frå julespelet. Mange vikingskip i bakgrunnen i Betlehem.

mandag 13. desember 2010

Samarbeid i Larvik

God hjelp med middagen.
Det vat nydeleg brennsnut.

Og her er lussekattane ferdige.

fredag 10. desember 2010

Heider til Bjørg

Det var ikkje berre fredsprisen som vart utdelt i dag.
Eg vart innkalla til ordføraren sitt kontor. Fekk blomster og boka Ørstaminne.
med"takk for godt utført arbeid gjennom mange år"!
Underskrive av ordførar Gudny Fagerhol.
Overformyndar Arnstein og sekretær Inger var og til stades.
Slikt er jo veldig kjekt.
Litt rart å slutte, at andre skal overta.
Eg har vore med i Overformynderiet i 20 år.
Fem overformyndarar har eg jobba i lag med.
Så no er det på tide å slutte, men spørs om eg ikkje hadde stilt til val igjen
om ikkje det var for at vi flyttar frå bygda.
Vi har hatt det triveleg i lag, og ekstra hyggjeleg var det i dag.

Julebord for Condimentos

Johanne, Kari, Norveig og Svanhild,

Damene som lærer seg spansk i lag hadde koseleg juleavslutning
i Rekkedal Gjestehus sist tysdag.
Også i år song vi (på eige rom) Arrullo Navideno
som er Julekveldsvisa på spansk.
Mykje god mat og triveleg prat.
Vi hadde og dåp på spanskgruppa som no heiter
Condimentos. Det betyr krydder og kan utleggast på fleire måtar.

Karen, Bjørg og Kari.

tirsdag 7. desember 2010

Juleførebuing

Julebaksten er ferdig. To sortar. Det får halde.
Kanskje blir det litt baking når vi kjem til Larvik.
Hans er fast steikjar. I år la vi dei på rist over vokpanna.
Då rann dei godt av seg og vart finare.

Skjeltesundag nærmar seg. No heng dei klar i garasjen.
Dei er av villsau frå Lepsøya, så fint slag.
Nokre av dei skal til Måløy, visst no dei greier å få henta dei.

Er snart ferdig med gåvene. Pakken til Sola vart send
i dag. Så no er det spennande å følgje han på nettet.
Resten skal vi ha med når vi reiser til Larvik.
Hans har skrive julebrevet og fått avgarde til dei fleste på e-post.
Så får mottakarane skrive dei ut sjølve.

tirsdag 30. november 2010

Regndråpen hos Bjørg

Dette var truleg det siste møtet eg hadde hos meg i Ørsta.
Veldig kjekt å ha alle her.
Reidun, Jorunn, Henriette, Janne, Torbjørg, Ellen og Kirsten.
Vi evaluerte misjonsmessa der det kom inn over 50 000 kr til
Ørsta kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt i Thailand.
Der var vi med i arrangementet. Det neste er Trettandagsbasaren i januar.
Elles arbeidde vi med studieheftet. Denne gongen handla det om
Kampen mot omskjæring i Mali. Det nyttar. No er det 62
landsbyar der som ikkje praktiserer omskjæring.
Men mykje står att.

Mat høyrer med på foreining.
Eg serverte kveldsmat med kaffi og kake etterpå.


Dei sette pris på ripsrullen. (Oppskrift frå Kari)
Oppskrifta er med her etter ynskje frå damene.



RIPSRULL

5 eggekviter

3 dl. sukker Pisk egg og sukker stivt – ha i sukkeret litt om gongen.

1 pose vaniljesauspulver ( koke type) blandes i.

1 pakke ( ca. ½ dl) skiva mandlar

3 dl. kremfløyte

Ca. 3 dl rips

Kle ei langpanne med eit smurt bakepapir.

Bre marengsen utover.

Strø på mandlane.

Steik kaka på 180 grader i ca. 20 til 25 min. like nedom midten i omnen ( Følg med på fargen – det er betre med litt for lite enn litt for mykje steikt ).

Ta kaka ut av omnen og snu den på rist med bakepapir på .Ta av bakepapiret som var i botnen av langpanna. Dekk til med eit reint tørkehandkle vridd i varmt vatn. Vent til kaka er kald. Pisk 3 dl kremfløyte med 3 ts sukker, bland inn ca. 3 dl rips blanda med litt sukker. ( Det går fint med frosne rips som ein tiner berre litt slik at ein kan skilje dei frå kvarandre). Bre fyllet over kaka. Rull saman kaka ved hjelp av bakepapiret som ligg under. Kaka kan godt frysast. Tining 1 dag i kjøleskap ev. 2 timar i romtemp., er god halvfrosen også.

tirsdag 23. november 2010

Krabbane frå Løfsøyna

Guttorm og Andreas har fiska krabbane.
No er dei klar for å komme i frysaren i Ørsta.
Skal tru kven som skal kose seg med dei.

søndag 21. november 2010

Heimatt frå Lepsøya

Her er dei som lagar middag på sundag.
Vi fekk nydeleg hjortesteik med erter, surkål, tyttebær,
poteter og god saus.

Til kaffien spanderte Kirsti kaka som ho hadde fått i premie
for kryssord.



Vi hadde med fire datamaskiner til ettersyn. Så no virkar alle fint.
Takk til Kristian!
Og takk til vertskapet for ei kjekk vitjing!

Sundag ettermiddag køyrde vi heimatt. Fint ver med raude skyer
ute i havet. I Tennfjorden sprang to fine rådyr over vegen
framfor bilen. Dei kvite bakendane lyste inn i skogen.

lørdag 20. november 2010

Pizzakokkar



Julemesse på Lepsøya

I stabburet på Set var det julemesse i dag.
Kirsti og eg møtte opp for å sjå og kanskje handle.
Ute og inne var det fint pynta med levande lys og massevis av flotte handarbeid
var utstilte inne. Der var og servering av pepperkaker og gløgg.
Og stappfullt av folk i det vesle stabburet!



Eg kjøpte eit tova sitteunderlag av dei med striper
og to filthjarte.

Damene her lagar mykje fint. Kirsti kjøpte Bukkane Bruse og fleire andre
julegåver.

Kongekappe til Andreas.