tirsdag 29. januar 2013

Sosialt i Puerto Rico

 På besøk hos ørstingar .




Middag med søskenbarn.
Bjørg, Magnhild, Åse, Helge og Knut.

søndag 13. januar 2013

Genserprosjektet fullført.


I dag vart Eili sin genser ferdig, den sjuande,
Då Asle plutseleg ringde fredag om at han ville komme på besøk, vart det fortgang i strikkinga.
Vi var i Sverige på handletur laurdag.
Eg strikka i bilen begge vegar.
Og i dag, sundag monterte eg, vart ferdig før kyrkjetid.
Så no kjem eg vel til å sakne strikkearbeidet. Må finne på noko.
I dag har eg laga middag, først til Dag, Asle og oss sjølve.
Så kom Elin og jentene i halv sjutida og fekk middag. Dei kom rett frå Oslo der dei har vore på shopping og i museum sidan fredag.
Elin skal vere mykje vekke komande veke, så er vel difor dei reiser på tur i lag.

torsdag 3. januar 2013

Genser nr. 6


Oda kom til oss for å ta flyet frå Torp neste dag tidleg om morgonen den 2. jan.
Då var genseren hennar ferdig, så ho fekk han med seg til Trondheim.
Kjekt å ha besøk av Oda.
No studerer ho medisin. Ho og farfar har mykje å diskutere.

Besøk i romjula



Asle med familie unntatt Oda kom på besøk i to dagar i romjula.







Søskenbarna kosa seg i lag.
Sunniva, Eili, Inga og Jakob.

I-pad var populær julegåve.

Besøk første juledag


Første juledag fekk vi koseleg besøk av niesa mi, Janne, Rune og Kristoffer.
Dei feira jul hos familien til Rune i Sandefjord.
Var komne med toget frå Vestlandet.
Kristoffer er ein svært triveleg og grei gut.
Han likte godt å teikne i lag med Inga.