tirsdag 30. august 2016

Garden Myra som vart Furuly


Bygdevandringa under slektstreffet hadde stopp på gamlevegen for å sjå og høyre om garden som oldefar Anders dyrka opp.
Anders kom heim i 1930 etter sju år i Amerika. Kanskje hadde han drøymt om å få seg ein farm i Amerika. Men då bror hans skreiv til han at han kunne få kjøpe Kvia som var oppdyrka, bestemte han seg for å reise heimatt. Han budde heime på Plassen første par åra, hjelpte foreldra, deltok nok i båtbyggjing. No vart det ikkje kjøp av Kvia. I staden fekk han kjøpe Myra, eit stykke utmark med furuskog på ei myr. Han budde i Kvia medan han bygde og dyrka i Myra. Det første huset han bygde var vedahuset. Det trong han til å ha materialen til husa i. Han hadde bygd veg opp frå sjøen og køyrde opp med hest. I 1935 bygde han stovehuset. Då hyrte han fleire karar frå bygda og nabobygder til arbeidsfolk. Det meste av materialen var frå eigen skog. Han fekk bureisingstilskot.
No tenkte han nok på at han skulle hatt seg kone.
På nabogarden som var Kvia budde broren Abraham og kona Sofia. Broren Lars hadde teke over farsgarden Plassen, og foreldra Susanne og Bertil hadde flytta ut i Kvia der dei delte huset med Sofia og Abraham. I 1936 vart Bjørnar fødd i Kvia. Då trong dei tenestjente der. Sofia fekk kusina si frå Redalen til Steinhovden for å hjelpe til både med babyen og med dei gamle besteforeldra. Det var Anna som kom.
Mor Anna var tenestjente mange plassar i ungdomen, Våren 1938 var ho i Heggedal ved Oslo hos ei anna kusine. Men kom tilbake til Steinhovden. Mor fortalde at hausten 1938 vov ho ein golvteppevev for Susanne ute i nyehuset til Anders. Dei trulova seg våren 1939 og gifta seg om hausten. Bryllaupet vart halde i Bergen hos Ovidia og John (slekt frå Redalen). Dei hadde med kjøt til middagen og rømme til rømmegrauten frå Steinhovden. Eit lite enkelt bryllaup då mor si syster Martha, låg sjuk av tuberkulose i heimen i Redalen og i nyehuset i Steinhovden var det lite inventar.
Anna gjekk mange gonger over fjellet mellom Redalen og Steinhovden i denne tida for å hjelpe til på begge stader.
Slik vi ser huset på garden som fekk namnet Furuly av far og mor, såg det ut i min barndom. Men hadde ikkje veranda. Frode har halde ved like og skifta vindauge. Eg hugsar og at vedahuset stod til venstre for våningshuset i førstninga. Det vart flytta lenger bak.
Og mor hadde kvar vår slyngplanter som vaks opp etter kjellarmuren og dekte den.

torsdag 18. august 2016

Slektstreff i Steinhovden. Sjøavegen. Start nederst i innlegga.

Vi gjekk ned den nye sjøavegn nedover og den gamle som far bygde oppatt.
Bratt er både den nye og den gamle.
Far kom heim frå Amerika i 1929 om hausten etter 7 år i amerika.  Han fekk kjøpe eit utmarkstykke med ei myr med furuskog på av bror sin, Abraham. Der dyrka han opp ein gard på 30-talet. 
Sjøavegen trong han. Det var tilkomsten frå utomverda. Han tok material og sement i land og køyrde det opp med hest.




 Bror Arne hadde rydda i moraset så vi kunne sjå vegen som far hadde murt opp i bratta. det var tungt for hesten. Han måtte kvile mange gonger på veg opp.
Her nede ved sjøen stod naustet, Det har stått der til for nokre få år sidan. Her var verhardt og far bygde fleire bryggjer som stormen tok. Til slutt har stormane rydda heilt opp. Det er ingen ting att av naustet.
Vi gjekk opp den gamle sjøavegen.

Kvia

Eit lite stykke vidare frå hytta til Arne der Janne og Rune bur førebels, kjem vi til Kvia.
Her budde Besta og tante Sara i min barndom.
Dei delte huset med onkel Abraham, tante Sofie og fetterane Bjørnar, Jarl og Vidar.
Besta Susanne og bestefar Bertil flytta ut i Kvia då onkel Lars tok over garden Plassen. Bertil døydde før eg vart fødd, men bestemor og tante hadde eg mykje i lag med i min barndom.
Flokken stoppa og fekk forteljing på tunet i Kvia.




Huset i Kvia er no feriebustad for Bjørnar og Oddrunn som bur i Oslo.
Mathias, son til Frode, Maria, dotter til Kjell Arne, bur på Dombås, Marthea, dotter til Frode og Eline frå Dombås.
Turen gjekk vidare frå Kvia på den gamle bygdevegen. Det var skulevegen min.

Alle barnebarna mine unntatt Sunniva. Istaden er Anna frå Dombås med ( i lys genser).

Olahuset og skulen

Like ved sida av Plassen er Ola sin gard. Ein annan av far sine brør. Han og kona Olga dreiv den vesle garden. Ved sida av gardsdrifta var onkel Ola båtbyggjar. Han hadde eit stor naust og bygde
store motorbåtar med hus på.
Ola hadde som fleire av brørne lært båtbyggjarkunsten av far sin, Bertil. 

 På oppsida av vegen ligg skulen. No er der ein stor og moderne skule som bygda kjempar for å behalde. Skulehuset frå mi tid vart flytta på ein ny grunnmur tidleg på 50-talet. Der skulle vere gymsal. No bur bror Arne og Gunn i denne skulen. Dei har gjort han om til bustad. Gunn i raudt og Bjørg i kvitt fortel.

 Like ved bur dotter til Arne: Janne og Rune, Kristoffer og Nora medan dei ventar på å bygge seg hus. Dei bur i bror Arne si hytte.
Bygdevandringa hadde stopp også med Janne. Her kjem Astrid frå Sola, Anna frå Dombås og Eili frå Arendal.

Bygdevandring Plassen

Etter at vi hadde vore på gravplassen, var det bygdevandring med forteljing.
Første stopp var Plassen. Der vaks  far Anders opp. Dei var 9 sysken, 8 gutar og ei jente, tante Sara.
No stod Ann Kristin i porten og tok mot oss. Ho har nettopp kjøpt Plassen som var til sals.
Det er vi alle glade for. Ann Kristin er dotter til min bror Ottar.

 Ann Kristin fortalde om huset og garden si historie. Frå haugianaren Bertil Aa kom frå Hyen og fekk kjøpe denne plassen mange generasjonar sidan. I min oppvekst budde onkel Lars og tante Sara her, Lars var eldste bror til min far. Både Lars og min far var nokre år i Amerika. Og så Simon som fall i krigen.

 Tore, mann til Kari og Kjell Arne, son til Arne, pratar med Øystein, mannen til Ann Kristin.

Slektstreff i Steinhovden, 28. - 30. juli 2016

Laurdag den 30. juli var vi samla, 40 slektningar og etterkomarar etter Mor Anna og Far Anders-
Vi møttest klokka 10 på gravplassen og sette blomster på gravene.
Der hadde vi og litt undervisning om dei avdøde slektningane.



Onkel Simon, ein av dei eldste av far Anders sine brør, har ein fin gravstein og ei spesiell historie.
Han reiste til Amerika 16 år gamal. I slutten av første verdskrigen kom han inn i den amerikanske hæren og vart send til Frankrike.  Der fall han på slagmarka ei veke før krigen var slutt. Han vart der gravlagd på ein stor krigskyrkjegard. Etter fire år kom kista hans heim til Steinhovden svøypt i det amerikanske flagget og han fekk ei grav på kyrkjegarden heime.
Ein annan av far Anders sine brør var til Stavang i ein liten båt. Dei sigla og rodde. Det var dårleg ver. Han kom heim våt og kald, fekk lungebetennelse og døydde 19 år gamal. Dei hadde ingen medisin då.








Bjørg, Arne og Ottar fortel.
Om slektningar og slekter.
                                                                                    Til ungdomane som ikkje visste så mykje.