torsdag 18. august 2016

Olahuset og skulen

Like ved sida av Plassen er Ola sin gard. Ein annan av far sine brør. Han og kona Olga dreiv den vesle garden. Ved sida av gardsdrifta var onkel Ola båtbyggjar. Han hadde eit stor naust og bygde
store motorbåtar med hus på.
Ola hadde som fleire av brørne lært båtbyggjarkunsten av far sin, Bertil. 

 På oppsida av vegen ligg skulen. No er der ein stor og moderne skule som bygda kjempar for å behalde. Skulehuset frå mi tid vart flytta på ein ny grunnmur tidleg på 50-talet. Der skulle vere gymsal. No bur bror Arne og Gunn i denne skulen. Dei har gjort han om til bustad. Gunn i raudt og Bjørg i kvitt fortel.

 Like ved bur dotter til Arne: Janne og Rune, Kristoffer og Nora medan dei ventar på å bygge seg hus. Dei bur i bror Arne si hytte.
Bygdevandringa hadde stopp også med Janne. Her kjem Astrid frå Sola, Anna frå Dombås og Eili frå Arendal.

Ingen kommentarer: