søndag 25. januar 2015

Belgiske vafler


 Hans har investert i eit jern for belgiske vafler. Det skal vere Inga sitt.
I dag har vi teke det i bruk og funne ei oppskrift på nettet, Der er mange. Så vi kan prøve ei ny neste gong. Denne oppskrifta var med gjær. Kakene blei tjukke og litt mjuke.
Ganske gode.

Til dei som ser ei vinflaske i biletet kan eg forklare at den vann eg på utlodninga vi har på Stamina (trening) kvar onsdag.
Den er alkoholfri. Ventar på ein god anledning.
Vi inviterte bestemor Rigmor og bestefar Jens, men berre bestefar kom. Vi kosa oss skikkeleg med kaffi, te og vafler.

Sundagstur til Eikedalshytta


Vi held fram med å gjere oss kjende med turmåla i området vårt. 
Eikedalshytta er og ei turistforeningshytte. 
Der er og kiosk med kaffi, vafler og meir.
Folk tek matpausen ute eller inne.



Vegen hit var fint brøyta, men nokså glatt. Veret var stilt og fint med sol. Nokre få 
kuldegrader. Og ikkje langt å gå.
Det går ei skiløype dit, og den er 3,8 km. Vegen vi gjekk var kortare.



søndag 18. januar 2015

Tur til Lauvesetra


I dag har vi gått turen til Lauvesetra. Det er ein lang tur, 4 km kvar veg frå parkeringsplassen.

Men vegen er fin. Litt motbakkar er det,
men med roleg tempo gjekk det greit på ein god time opp og litt mindre ned att.

,
 

Her er Lauvesetra, ei hytte med mange frivillege som har kaffi og vafler klar til dei som kjem innom.

Vi hadde termos med kaffi og brødskiver med.
Tok rast i sola ute.


Så kom Elin, Johanne og Inga også.
Då sat vi ei stund inne i hytta. Der var bål på peisen og varmt og godt. Vi fekk kjøpt kakao, men vaflene var det slutt på. så det blei kvikklunsj til.






Juleselskap hos Jenny


Sist torsdag var heile Fredriksons Fabrikk inviterte til Jenny 93 år. Ho sit for bordenden.
Mykje restar av alle sju sortar, minst. Og fruktfat og is. Jenny hadde ikkje bakt sjølv, men kjøpt og fått. No trong ho hjelp til å få slutt på julekakene. Og vi gjorde vårt beste.
Det var ei triveleg stund!