søndag 27. november 2011

Speidaropptaking og juleverkstad


I dag har vi vore på speidargudseneste med opptaking av nye speidarar. Inga vart oppterken som oppdagar. Det var fint og høgtidleg. Alle sa fram fint:
"I tru på Guds hjelp lovar eg å hjelpe andre og alltid gjere mitt beste."
Og så fekk dei gult skjerf. Knute har dei laga av tre med innsvidd namn på.


Vi brukar å ha juleverkstad om onsdagane i Rekkevikløkka.
Inga og Mina er veldig kreative og lagar både mine modellar og sine eigne.
Det er hemmeleg kva dei lagar.

Elles har vi hatt besøk av Asle og gutane frå Arendal denne helga.
Vi har sterk vind om dagen, men merkar vinden berre når vi er ute.
Huset er tett og godt.

søndag 20. november 2011

Bursdag for Sunniva

På bursdagen til Sunniva kom familien frå Sola på overaskingsbesøk. Det vil seie:
alle viste om det unntatt Sunniva. Ho kom frå jobben sin som barnevakt på Spenst,
og då var selskapet klart.
Gratulerer som 15-åring, Sunniva!


torsdag 17. november 2011

Engang Alltid - møte

I går kveld var eg med på møte i Engang Alltid her.
Møtet var i Bugården kirke i Sandefjord, og eg vart henta med bil av to speidardamer som bur nær meg. 15 damer var samla. Nokre av dei framleis aktive i speidararbeid. Ei ung dame, dotter til leiaren, hadde andakt. Ho dramatiserte Marta som fekk besøk av Jesus og læresveinar. Veldig fint! Hovedprogramposten var ved ei av damene som arbeider i bokhandel. Ho hadde med mange nye bøker og fortalde om dei. Eg vart spurd om å fortelje om min speidarbakgrunn, og det gjorde eg. Maten var ostar, frukt, kjeks og brød på buffet. Te og kaffi. Vi betalte 30 kr kvar.
Kjekke speidardamer som eg trur eg kjem til å trivast i lag med.
Eg fekk eit kjøleskapsmerke med påskrift:
"Gode venner er som stjerner. Det er ikke alltid du kan se dem, men du vet at de er der."

tirsdag 15. november 2011

Kulturbyen Larvik

I dag har vi vore på foredrag i Pensjonistuniversitetet som det heiter her. Mykje folk i Storsalen i kulturhuset Bølgen. Kultursjefen i Larvik hadde eit flott og interessant foredrag: Treng vi kultur? Han bygde godt under at vi gjer det.
Etter foredraget var det kaffi og eit påsmurt rundstykke (vi betalte 50 kr). Og vi kunne sitte i lag med nokre andre og prate med dei.
Her i Larvik er det mykje kulturtilbod. Ei stor oppleving hadde eg sist fredag. Då var eg på konsert med Oslo - filharmonien. Kulturhuset her er den einaste staden dei spelar utanom Oslo. Ei stor oppleving! Hans ville ikkje vere med, Elin kunne ikkje heller. Så ho skaffa meg ei av sine kjenningar, Ellen.
Sist laurdag hadde dei noko dei kalla Kulturnatt. Over hundre arrangement i Larvik og omegn. Det er ein årviss presentasjon av kulturmangfaldet her.
Vi har også fått eit pass, Larvikpasset. Det får alle nye innflyttarar, og det kan vi bruke på fleire ulike tilbod gratis eller til redusert pris. Vi skal prøve Farris Bad til helga er planen. Passet varer i eit heilt år. Og eg har også lyst å sjå ein handballkamp. Det er og med i passet.

fredag 11. november 2011

Gravearbeid ferdig framfor huset

Så fekk vi mange lass med stein og deretter grus på plassen framfor huset.
Så no skulle underlaget for å legge beleggingsstein oppå vere godt nok.
Det vil ikkje bli gjort før til våren.
Hans er redd det vil bli dyrt. Men er glad for at det blir skikkeleg gjort.
Karane for over med ein maskin og pressa sanden godt ned.
Så no kan vi køyre på det.
Og det er greitt å kunne snu bilen oppe ved verandaen og sleppe å rygge ned til veien.



onsdag 9. november 2011

Gravearbeid

I dag har vi hatt gravearbeid framfor huset. Det er kome mur mellom oss
og naboen til venstre. Vi skal ha stein på området. Men det var feil sort masse der.
Så no tok dei vekk alt og skal legge på ny og betre grus og sand.
Det kostar nok pengar, men må gjerast.
Så fann Dag nokre merkelege runde mørke flekkar, 60 - 70 cm i diameter.
Kan det vere kokegroper frå gammal til, lurer han på. Ja kanskje vi må til med
utgravingar?

Gratulerer Johanne!

I går fylte Johanne 13 år. Då vart det feiring i Løkkegata.
På fredag skal ho feire med venene.
Inga og Johanne ber inn kakene, laga av bestemor og mormor.


søndag 6. november 2011

Sundagstur på Mølen

I dag har vi hatt ein fin tur til Vestfoldraet sin ytterste spiss.
Der er ei lang rullesteinstrand med mange gravhaugar som skal vere frå
jarnalderen. Her skal visst vestfoldkongen Øystein Halvdanson vere gravlagd.
Og det var her i bukta bak Mølen at det viktigaste sjøslaget i vikingtida
gjekk føre seg i 1016. Slaget ved Nesjar. Då Olav Haraldson rydda av vegen dei fremste fiendane,
Einar Tambarskjelve, Erling Skjalgson og Svein Jarl. Noko som førte til at Noreg vart samla og kristna og at Olav vart Olav den Heilage.

Bjørg, Elin og Rigmor på turstien.

Kaffi- og varm saftrast.
Rigmor hadde med nysteikte vafler til alle. Ymse andre godsaker vart og fordelte.

Vi var der det står eit firetal på kartet. (Forstørr biletet).

Dag viser og forklarer om korleis Det store Raet oppsto.
Iskappa som låg over Skandinavia pressa landmasse ut.
Frå Mølen går Raet undersjøisk over til Østfold. Det kjem opp litt lenger ute i fjorden her.
Det er Jomfruland som vi kunne sjå ut til.