tirsdag 31. mars 2009

To veker på tur.















Og så kom vi heimatt til vinteren.
Men med mange gode minne og nokre souvenirar
i kofferten.
Forteljinga tek til i andre enden.














Vår venn Muhammed kom og sa farvel.
Han vil gjerne ha fleire turistar frå Norge.














Det var lett å få kontakt med folk i Jordan.
På hotellet der vi budde var det ein konferanse
om menneskerettar og miljø. Eg prata med
kona og dottera til kurshaldaren.














Denne dama var advokat. Ho hadde vore i USA
saman med kongen og dronninga.
Dei driv utviklingsarbeid.














Det lokale badelivet var i fulle klede. Endå til i
boblekåpe. Men det var jentene. Gutane hadde
det friare.

mandag 30. mars 2009















Vi fekk besøkje ei gresk-romersk kyrkje, ei
evangelisk og ei gresk-katolsk, men ingen
moske tok inn turistar. Her katolsk.














Her er vi på tur med sjåfør Ahmed til grensa
til Israel (Eilat). Og han køyrde oss og
rundt i Aqaba.














På veg tilbake gjennom ørkenen fekk vi sandstorm
og regn. Det var litt uhyggjeleg. Men Muhammed
fekk oss trygt gjennom.
















Den romerske provinsbyen Jerash har
mykje å vise fram. Vi gjekk der i ein og
ein halv time.














Sjåfør Muhammed og eg på verandaen i huset hans.














Syster til drosjesjåføren inviterte oss til middag
i storfamilien. Utruleg oppleving!














Her får Bjørg frukost servert ved senga.
Vi fekk overnatte hos drosjesjåføren
langt nord i landet. Nesten ved grensa til Syria.

















På veg ned til Jordanelva.














Jordanelva er ikkje brei her. det er kort over
til Israel. Det var her Jesus vart døypt av
Johannes. På denne sida av elva.














Her kan ein ta med reinsa vatn frå Jordanelva.
I elva er vatnet svært forureina. Her tok dei
døypevatn og hadde med til Noreg.














Minnesteinen over Moses på Nebofjellet.














Utsikta som Moses hadde mot Kanaans land
som han ikkje kom inn i.
















Hans har tilbod om å bli smurd med mudder.
Det skal vere godt for huda. Han avslo.

Eg flyt i Dødehavet.



















Petra er på verdsarvlista. Vi leigde ein drosje og køyrde dit
i lag med to andre. Petra er storslått. Her har folk levd
i holene i fjella. Og bygd utrulege byggverk. Det var
bortimot ei mil å gå der fram og tilbake.















Wadi Rum er eit ørkenområde ein time med buss frå Aqaba der vi budde. Vi køyrde vidare med jeepar inn i ørkenen. Dei som ville, kunne sitte på kamelar. I ørkenen besøkte vi beduinane og fekk sjå korleis dei lever. Vi fekk og oppleve solnedgongen i ørkenen. Vakkert!

tirsdag 10. mars 2009

Kvinnedagen 8. mars

I år var Kvinnedagen på ein sundag. Difor hadde vi solidaritetsgudstenesta klokka 11 i vanleg kyrkjetid. Det kom mykje folk. Liturgien var spesiell, og mange, både norske og utanlandske deltok med tekstlesing, forbøn, tale og song. Ei kjempefin gudsteneste!
Om kvelden var det fest. Omkring 80 - 90 kvinner og eit par menn var samla.
Fleire appellar av norske og utanlandske damer. Musikk, dansegruppe, utlodning og ikkje minst all den gode maten. Offer i kyrkja og det som utlodninga gav, går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i Gaza.














Ei ung dama frå Burundi heldt ein interessant tale og fortalde om forholda ho vaks opp i.
Flott song av ei gruppe frå Kenya, studentar i Volda.















Kyrkjekaffi etter gudstenesta 8. mars.



















Utanlandsk og norsk underhaldning på festen om kvelden.

















Mykje spennande mat frå mange land.

lørdag 7. mars 2009

Bowling















I går prøvde vi bowlingbana. Noko må vi finne på.
Det er ganske kjekt!
I dag, laurdag, køyrer dei til Arendal.

torsdag 5. mars 2009

Tur opp til Tredje Bråkehus






















Her er vi ved tredje Bråkehus. Det var mange andre og som gjekk tur.
















I dag gjekk gutane og eg opp Skålavegen. Sjå kven som sit på taket.
Ved Kulpen møtte vi to tvillingjenter på 8 år. Dei fortalde at i går
hadde dei bada her, - heilt under! J og J har og lyst å bade. Kanskje i morgon?

onsdag 4. mars 2009

I Aasentunet

















I dag har vi sett filmen om Ivar Aasen, utstillinga og vi har prøvd dialektspelet.
Jentene prøvde gamle skrivereiskap.

Data til nytte og glede.

Oda held på med eit skulearbeid om
aztekarane. Ho er gruppeleiar og får inn tekstar frå medelevar som ho redigerer.

Eili har visst funne noko til underhaldning.

Dataalderen

















Aldri kjedeleg når ein har datamaskin?
Desse karane likar også å halde på med Superblink.
Farmor har b etalt, og må nok betale for eitt år til.

tirsdag 3. mars 2009

Elin 40 år. Gratulerer!

Posted by Picasa

Tur på Setrevegen
















Vi har gått tur på Setrevegen. Der var litt snø og is, men fint å få seg ein tur ut.














Attmed vegen der vi gjekk, var det to fine hestar å klappe.

søndag 1. mars 2009

Besøk frå Arendal















Laurdagskvelden kom familien Asle på vinterferie.
Mamma er heime og jobbar med oppgåva si.
I dag, sundag, kom også Kristian innom.
Det er heile tida noko han hjelper oss med på data.
I dag fiksa han på kommentarsida mi. Så no er det enklare
for alle å skrive kommentar.