torsdag 30. mai 2013

Besøk hos Bergljot


I dag har eg besøkt Bergljot på Larsnes. Ho gjekk i klassen min på lærarskulen i Bergen og var ei av mine næraste veninner.
Ho har ein utruleg flott hage. No hadde ho vore i Bergen ei veke på festspela, og kom heim i går kveld. Ho såg mangt som må gjerast i hagen, men det var ikkje så godt å sjå for meg.
På tomta si har ho epletre, pæretre og plommetre.
Rips og solbærbusker er der og.
Jordbæråkeren såg fin ut.
 Bergljot køyrer eigen bil når ho er i Bergen. Ho viste meg den nye sykkelen som ho hadde kjøpt for nokre dagar sidan.

Ho har mange planer for oppussing av huset sitt.
Og reiser på tur til Island om eit par veker saman med ei kusine.
Neste år fyller ho 80 år!










Ho hadde laga gryterett til lunsj, og vi kosa oss
på verandaen i sola.
Tusen takk frå meg for eit koseleg besøk!

b


b

mandag 27. mai 2013

Maitur til Sunnmøre


Vi køyrde sundag over fjella. Tok ei rute lenger vest enn der flaumen herjar.
Lågendalen og Numedalen til Geilo.
Og så ein veg vi kanskje ikkje har fare før: Aurlandsdalen ned til Aurland og den lange tunnelen til Lærdal.
Mykje vatn såg vi langs vegen der og.
Kongsbergelva var ganske stor.

Veret var fint med sol og snø på toppane.

Det var mykje opp og ned.
Flott utsyn ned mot Aurland.

 Bøyabreen har visst minka litt.

Vi hadde koseleg "rast" i Honndalen
hos fetter Knut og Magnhild.
Morosamt var det at Magnhild også  hadde fått iPad, same sort som eg. Vi hjelptest åt å finne ut av bruken. Vi lærte oss å ta bilete og sende dei på e-post.
Vi fekk overnatte der og etter fin frukost, reiste vi vidare til Leikong.

Så var det oppleving å køyre Kvivsvegen for første gong. Skikkeleg fine tunnelar!
Men det gjenstår mykje arbeid endå utover til Volda.

På hytta var det sommar. Fint ver, 21 gr.
Graset var langt, og Hans sette i gong med klipping. Eg har reinska ugras i bedda.
Rhododendronen ved trappa har klart seg fint. Og rabarbraen kan vi hauste før vi reiser om ei veke.
Problemet med vasslekasjen var ikkje så stort. Reparasjonen kan vente til Tore kjem på torsdag.
Vi har vatn i hytta som vanleg.

fredag 24. mai 2013

Livet i larvik


Middag i Løkkegaten med mange gjester første pinsedag.
Dei hadde steikt ein stor kalkun, så det var
rikeleg mat.



Andre pinsedag hadde vi lutefisk som var att i frysaren frå jul.
Steikt i omnen vart det god middag.

I Løkkegaten var det desse fire som i dag var i sving med å lage middag. Mamma kom til mat på bordet. Ho har lengst å køyre og kjem oftast sist. Då er det kjekt med Godt Levert-middag. Ingrediensane er i kjøleskapet, og det er berre å følgje oppskrifta. Den er ofte nokså arbeidskrevjande.
I dag var det kyllingfilet med ein risstuing og diverse grønsaker.



Inga er klar til å gå i mexicansk bursdag.


Maribell har stått på land i Sandefjord eit par veker
og blitt pussa utvendig.
I dag kom den tilbake til Larvik, og sundag blir det tilbod om tur til alle som vil på fjorden.

Sunniva har fått seg moped og er uavhengig.
Det er ein veldig fin moped som ho var heldig og fekk kjøpt brukt.

fredag 17. mai 2013

17. mai i Larvik


Toget i Østre Halsen om ettermiddagen.
Speidarleiar Anita var med til Berlin.


Inga si klasse, trinn fire, hadde underhaldninga på skuleplassen i ein diger trailer som var henta inn for å vere scene.
Dei framførde mange gamle songar: Se Norges blomsterdal, Norge i rødt hvitt og blått, Vi ere en nasjon vi med,  Mellom bakkar og berg og fl. Så det er håp for framtida.


Johanne, mormor, Inga, Sunniva og Elin i Bøkeskogen.

Hans og Elin på veg til  festprogrammet i Bøkeskogen etter barnetoget.
Hans og eg hadde vore i Larvik kykje til festgudsteneste klokka 9.30. På grunn av at barnetoget stilte opp der vi skulle køyre, vart det ein bra lang gåtur til Bøkeskogen der det var program for dei som gjekk i skuletoget.

Klokka 14 kom gjestane til rømmegraut.
Eg lagar den fort. Kokar først ein semuljegrynsgraut, og blandar i ei pakke ferdigkjøpt rømmegraut frå Fjordland. Då blir han sånn passe sterk. Dei skrytte av grauten.

For første gong i år kunne vi drikke kaffi på verandaen i nydeleg sommarver.

torsdag 16. mai 2013

Besøk frå Fredrikstad


Vi fekk triveleg besøk av Emilia,  Elma og sambuaren. Dei kom på besøk med Dulka som no reiser til Montenegro for å vere der til oktober.
Kjekt å treffe Dulka før ho skal vere så lenge borte.

Eg prøver å gje bort av "skattane" eg har på loftet.
Det går ikkje så veldig bra.
Men vasen på golvet er kjøpt i Jugoslavia, så den gjekk dei med på å ta med seg.

søndag 5. mai 2013

Konfirmasjon Johanne



Alle barnebarna pluss to andre gjester i bakerste rekkje.
Jakob og Jonas og konfirmant Johanne i bakerste rekkje.

Stort og fint lokale på pappa Dag sin jobb.

Klar for konfirmasjon
utfor huset vårt.



Østre Halsen kirke.





Konfirmasjonsfest