fredag 24. mai 2013

Livet i larvik


Middag i Løkkegaten med mange gjester første pinsedag.
Dei hadde steikt ein stor kalkun, så det var
rikeleg mat.



Andre pinsedag hadde vi lutefisk som var att i frysaren frå jul.
Steikt i omnen vart det god middag.

I Løkkegaten var det desse fire som i dag var i sving med å lage middag. Mamma kom til mat på bordet. Ho har lengst å køyre og kjem oftast sist. Då er det kjekt med Godt Levert-middag. Ingrediensane er i kjøleskapet, og det er berre å følgje oppskrifta. Den er ofte nokså arbeidskrevjande.
I dag var det kyllingfilet med ein risstuing og diverse grønsaker.



Inga er klar til å gå i mexicansk bursdag.


Maribell har stått på land i Sandefjord eit par veker
og blitt pussa utvendig.
I dag kom den tilbake til Larvik, og sundag blir det tilbod om tur til alle som vil på fjorden.

Sunniva har fått seg moped og er uavhengig.
Det er ein veldig fin moped som ho var heldig og fekk kjøpt brukt.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg les alle blogginnlegga dine, sjølv om eg ikkje kommenterer kvar gong. Ser at de har eit sosialt liv, men mykje besøk av barn og barnebarn. Her i Ørsta har det vanlige "sommarvêret" stabilisert seg- skodde til langt på dag, sol på ettermiddag og kveld.