fredag 17. mai 2013

17. mai i Larvik


Toget i Østre Halsen om ettermiddagen.
Speidarleiar Anita var med til Berlin.


Inga si klasse, trinn fire, hadde underhaldninga på skuleplassen i ein diger trailer som var henta inn for å vere scene.
Dei framførde mange gamle songar: Se Norges blomsterdal, Norge i rødt hvitt og blått, Vi ere en nasjon vi med,  Mellom bakkar og berg og fl. Så det er håp for framtida.


Johanne, mormor, Inga, Sunniva og Elin i Bøkeskogen.

Hans og Elin på veg til  festprogrammet i Bøkeskogen etter barnetoget.
Hans og eg hadde vore i Larvik kykje til festgudsteneste klokka 9.30. På grunn av at barnetoget stilte opp der vi skulle køyre, vart det ein bra lang gåtur til Bøkeskogen der det var program for dei som gjekk i skuletoget.

Klokka 14 kom gjestane til rømmegraut.
Eg lagar den fort. Kokar først ein semuljegrynsgraut, og blandar i ei pakke ferdigkjøpt rømmegraut frå Fjordland. Då blir han sånn passe sterk. Dei skrytte av grauten.

For første gong i år kunne vi drikke kaffi på verandaen i nydeleg sommarver.

Ingen kommentarer: