onsdag 27. april 2011

Treff med gamle kollegaer

I dag har eg vore på treff med fleire av dei gamle kollegaene frå Velle skule. Det var veldig hyggjeleg! Dei fleste er pensjonistar, men ikkje alle. Vi var 8 damer og møttest på ein kafe. Det er moderne no. Somme har flytta frå huset sitt og i leilegheit.
Eg tok bilete med mobilen, og då har eg problem med å få dei ut derifrå.

søndag 24. april 2011

Middag med påskegjestane.

Vi deler desse gjestane med mormor og morfar på Opsal. Dei bur der denne gongen. Langfredag var dei hos oss, og då serverte vi lammesteik etter oppskrift frå Spar. Poteter og grønsaker i langpanna i lag med steika. Det vart bra. Karamellpudding til dessert. Dei hadde elles ein fin dag på Bondalseidet med tur til Åmskaret.

Kistefornøyelse


Eili prøver mine gamle klede. Ho er like fin i drakta frå 1980-talet som i den gamle kjolen frå 1800-talet. (Den er ikkje min). Det er kanskje ein brudekjole. Det er slikt vi no finn på loftet.
Eili går på dramalinje og treng mykje forskjellige klede til kostymer. For tida spelar dei inn Ronja Røverdatter og Eili spelar hovedrolla (Ronja).

På kinarestaurant i Ørsta

Skjærtorsdag hadde vi ingen påskegjester. Då gjekk vi ein tur ute på Sætre.
Der møtte vi fleire kjekke folk å prate med.
Middagen tok vi på kinarestauranten her i Ørsta. Det er ein veldig fin plass,
og god mat. Vi har ikkje vore der sidan det kom nye drivarar.
Det er kjekke folk!

onsdag 20. april 2011

Plenen vår i Ørsta

I 1972 bygde vi huset vårt i Ørsta.
Far min, Anders Steinhovden, sådde plenen i 1973. Det var han godt kvalifisert for;
han hadde sådd ein heil gard.
Her rakar Oda som er oldebarnet hans, den siste våren vi eig dette huset.
Det er mykje mose. Hans likar mose. Då blir det ikkje så mykje gras å slå, seier han.
Men det er ganske vanskeleg å rake, seier Oda.

Vi har teke den første vårpussen i hagen. No gror det fort, så det var på høg tid
å få vekk dei visne greinene.
Asle hjelper Hans med dekka, skifter, vaskar og stablar.
Godt å få hjelp!


tirsdag 12. april 2011

Churros i Malaga

Vi hadde mange fine opplevingar den dagen vi var i Malaga.
God gaid var Anne Bjørdal som bur i Spania. Ho tok oss med til den beste
churroskafeen i Malaga. Ho fekk endå til ordna det slik at vi fekk sjå inn i bakeriet.
Der blei churroskokinga demonstret for oss.

Deigen blei sprøytt ned i oljen i ein stor ring. Kokken snudde ringen.
Så tok han ringen opp og la han over på eit bord.

Med ei saks klipte han opp ringen i passe stykke.
Så var det klart for kaffi og churros som vi dyppa i varm sjokolade.
Det smakte nydeleg!

mandag 11. april 2011

Dametur i Spania

Lunsj i Mijas.

Mykje fine blomar å vatne i Mijas.

Vi hadde ein heil dag i Alhambra med guide.
Mykje interessant og fint dei har å vise fram der.