tirsdag 12. april 2011

Churros i Malaga

Vi hadde mange fine opplevingar den dagen vi var i Malaga.
God gaid var Anne Bjørdal som bur i Spania. Ho tok oss med til den beste
churroskafeen i Malaga. Ho fekk endå til ordna det slik at vi fekk sjå inn i bakeriet.
Der blei churroskokinga demonstret for oss.

Deigen blei sprøytt ned i oljen i ein stor ring. Kokken snudde ringen.
Så tok han ringen opp og la han over på eit bord.

Med ei saks klipte han opp ringen i passe stykke.
Så var det klart for kaffi og churros som vi dyppa i varm sjokolade.
Det smakte nydeleg!

2 kommentarer:

Annfrid sa...

Dametur til Spania må vere berre topp.Det ser spanande ut med churros dyppa i varm sjokolade,men det er vel ikkje noko du kjem til å lage heime, eller kva?

Bjørg sa...

Nei, trur ikkje det.