tirsdag 25. august 2015

Årets gleder


Til bursdagen min sist vår fekk eg ei  veldig koseleg gåve,  - eller samling av gåver.
Noko å gle seg til kvar månad i eit heilt år.
No er gåvene begynt å komme inn.
I juli på hytta fekk eg ein CD med bilete og film frå bursdagsfeiringa mi på Gloppesenteret frå Mathias.Der var m.a. film av alle 10 barnebarna som syng tostemt Jeg gikk en tur på stien og  Alle fugler små de er. Det var veldig morsomt!




I går fekk eg invitasjon til kaffi og nysteikt eplekake hos Synniva.
Ho reiser no og blir borte lenge, på reiser og skular.
Tusen takk til Sunniva.!

Tur til Andebu


Det var sol og varmt ver, så vi burde ha vore på badestranda. Men det har vi vore mykje i det siste.

Vi køyrde då ein tur oppover langs Lågen.
Kom til Andebu. Det er ei namn som vekkjer minne. For der er Hjemmet for døve. No heiter det Signo. Eg  minnest at då eg var barn rett etter krigen hjelpte eg bestemor Susanne med å samle inn pengar til Hjemmet for døve i Andebu. Eg gjekk rundt i bygda med eit kort med prikkar på. For kvar ti-øring folk ga, stakk eg eit hol i ein prikk. Hans seier det var den tids data.


På området til Signo står ein stor larvikittstein.
Der såg vi og dei største solsikkene eg har sett.
Der var mange slike kassar med grønsaker og blomster.
Grillplass og ei stor grillhytte.
I nærleiken av Andebu er Vestfold si einaste stavkyrkje, Høyjord kirke.

Den var ikkje open.  Ein kan bestille omvisning, står det på oppslaget. Ein flokk unge damer dreiv og tok bilete framfor kyrkja. Då dei såg oss, fekk dei Hans til å ta biletet.
Plutseleg peika ei av dei på lua hans. Det stod det New Zealand. Då var fleire av dei frå NZ. Dei arbeidde saman i Danmark og var frå fleire land. Ei var norsk.



Vi får komme att ein annan gong her.
Skulle vore interessant å sjå inn i kyrkja.

Nytt arbeidsår i Fredriksons Fabrikk


Torsdag 20.august var første møtet etter ferien.
Kyrkjetenar Pam hadde lunsj med oss.

Vi feira Berit som sit i midten framme. Ho har nettopp fylt 85 år.







Alle var til stades og Pam tok bilete av oss utafor kyrkja.

Den 11. juni avslutta vi arbeidsåret med utflukt til Rekkevikløkka. Der hadde vi rømmegraut.
Det var og markering av Berit til høgre i biletet sin 90-årsdag og min 75årsdag. Med pengegave og dikt og masse gratulasjonar.

Grillfest på Gloppesenteret


Ein tysdag no i august var det grillfest på Gloppe Eldresenter. Det heiter no Gloppesenteret og er for alle på slike tilstellingar.

 Musikken underheldt med kjende songar, og vi hadde songbøker og kunne synge med.

  Gloppesenteret har veldig mange frivillege hjelparar som stiller opp i slike høve.

Grillmaten var godt sponsa av nærbutikken.

Besøk i Langesund


Tysdag 4.aug. var vi inviterte til Liv og Even i Langesund. Veldig hyggjeleg.
Dei har eit flott hus, men for stort, seier dei no.
Så neste gong vi besøkjer dei, vert det truleg i ny bustad.

tirsdag 18. august 2015

Besøk frå USA. Corlie and Keith.



Elinfamilien fekk besøk av USA-foreldra til Elin frå då ho var utvekslingsstudent i Michigan i 1986 til !987.

Omvisning i Larvik.
Thor Heyerdahlmonumentet på Tolleroden.








Maribell ved bryggja i Skotta.
Dei hadde tur med overnatting til Svenner fyr med gjestene. Det  oppleving for dei som bur i Michigan.

 På kafe i Stavern. Sunniva og Johanne er gaidar.












Tur i Bøkeskogen høyrer med i omvisningsrunden

Tresjektene i Stavern.


Mormor stilte opp med tunnekaker.
Grillmiddag i Løkkegaten hos Elin og Dag.

torsdag 13. august 2015

Dagstur til Halden


Onsdag 5.august tok vi tur til Halden, Hans, Rigmor og eg. Rigmor som har budd i Halden heile sitt liv borsett frå siste tre åra då ho har budd i Lavik, syntest det var kjekt å vere gaid for oss der.
Vi var på kyrkjegarden der Rigmor såg til grava til foreldra sine.

Flott å komme opp på Fredriksten festning og få utsyn over heile byen.



På besøk hos Rigmor si syster der også broren hennar kom til kaffi.
På denne garden i Eskeviken  vaks bestefar Jens opp. No var det framande eigarar.

God kjøtkakemiddag kjøpte vi oss i kjøpesenteret.

Sommarbåten i Larvik



I kjølvatnet etter Sommarbåten inn Larviksfjorden.
Det var utruleg mange småbåtar som fylgde.


Ny skipper Elin til rors.


Johanne skal snart reise til Canada for å vere utvekslingsstudent komande år.




Skipper Dag


Mykje folk sat på berga langs fjorden og hamna.

Lunsj ombord. To bestemødre er med. Og ein bestefar.


Inga og veninnene var med.

Den lille seglbåten, kalla Knarren, fekk seg ein liten tur ut med Dag og ein kar til.

Hans på veg til Sommarbåten.
 Mange kosa seg med piknik på plenen.
 
Det var mykje folk på bryggja heile dagen. Vi var i lag med dei som fekk omvisning ombord.



Og om kvelden  kunne folk følgje med på programmet på to storskjermar.


 Tordenskjolds  soldatar gjer klar for salutten.

Ein einsleg kano.

Og vi fekk sjå brudeparet dei hadde fått ombord.