Onsdag 5.august tok vi tur til Halden, Hans, Rigmor og eg. Rigmor som har budd i Halden heile sitt liv borsett frå siste tre åra då ho har budd i Lavik, syntest det var kjekt å vere gaid for oss der.
Vi var på kyrkjegarden der Rigmor såg til grava til foreldra sine.
Flott å komme opp på Fredriksten festning og få utsyn over heile byen.
På besøk hos Rigmor si syster der også broren hennar kom til kaffi.
På denne garden i Eskeviken vaks bestefar Jens opp. No var det framande eigarar.
God kjøtkakemiddag kjøpte vi oss i kjøpesenteret.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar