tirsdag 28. juli 2009

Besøk på hytta frå Larvik
















I går kveld kom feriegjestane frå Larvik og vi serverte tomatsuppe i naustet til alle.
Solafolket ,Hans og eg hadde hatt middag tidlegare på dagen. Då var det torsk og kams på menyen. Det viste seg at denne retten fell i god smak med dei vaksne, men dei yngre sette mykje større pris på "fiskenuggets" som vi hadde nokre dagar tidlegare. Fiskenuggets er rein fisk vendt i egg og kavring og kokt i frityrolje.

To unge damer
tok i bruk gjesterommet på loftet i naustet.
Foreldra og veslesyster skal sove i nauststova innafor
spiseplassen.

fredag 24. juli 2009

Naustbustaden
















Vi lagar plass i naustet for ei av familiene. Elin seier ho vil gjerne bu i naust. Det har dei gjort i ei veke på Svenner i sommar. Det er rart kor mykje ubrukt husgeråd og innventar vi har på loftet. Berre oppvaskbaljane er nye. Dei var så fine! Eg falt for dei på Pekas.
Å lage til dette minner om då vi laga leikehus i skogen då vi var små.

lørdag 18. juli 2009

Fiskefabrikk















Hans sløyer og fileterer. Min jobb er å skjere ut
fisken så han er skinn- og beinfri. Det er seint arbeid,
men så blir han lett å ta att. Eg kokte kraft på avskjeret.
Til å koke kamsen i.

fredag 17. juli 2009

Kams















I dag har eg laga kams. Han vart heilt vellukka. Sist eg prøvde, for nokre dagar sidan, vart det fullstendig miss, berre ei suppe. Trur det var noko gale med mjølet. Eg brukte noko gammalt grynmjøl. No laga eg av kveitemjøl etter oppskrift frå svigermor. Det var av henne eg lærde å lage kams. Kams er ein mjøltjuv, sa ho. Og mykje mjøl hadde eg i pluss kulturmjølk og litt sirup.


Seifiske
















Hans fekk 52 seiar. Han måtte bere på land i fleire vender. Andre stod berre og fotograferte.
Eg hadde sett ei grense på 20. No vart det ein stor jobb å lage til gryteferdig fisk.
Men då har vi mykje god mat. Det kom i frysaren i løpet av neste dag.

mandag 13. juli 2009

Fødselsdag i huset.














I dag har vi feira bursdagen til Hans her i Ørsta.
Pål og Wenche frå Ålesund har vore på besøk.
Biletet er teke i Vegsteinen på Vega.
Der fekk han seg ny skjoldahue, laga av Hufa fabrikk
i Ålesund, kjøpt på Vega. Lua er bursdagsgåve frå Bjørg.
Gratulerer!

onsdag 8. juli 2009

Vitjing hos slekt på Dombås.















Bøndene på Dombås har no kyrne på fjellet. Då kan dei fare på ein ferietur. Elles er det vask av fjøs som er eitt av gjeremåla no. Madrassene i fjøset skal få nye "laken".















Dei har veldig lyst på Superblink, du farmor. Og opplæring trengst ikkje. Dei er svært flinke med data. Hyggjeleg frukost og prat før vi for vidare. Tusen takk for oss!















Kjekt å sjå huset no det er ferdig. Eit nydeleg fint hus har dei fått til. Graniumane blomstra i vindaugskarmen.














Vi fekk god hjelp ved avreisa.















Tre fine og kjekke jenter!

tirsdag 7. juli 2009

Campingtur til Leka, Vega, Alstahaug, Snåsa og Røros.

Vi har hatt ein kjempefin tur til Nord-Trøndelag og Helgeland i 11 dagar.
Hans har leita opp folk som hugsa han frå han var to år og budde i Årsetfjorden, tett på grensa til Nordland. På Leka fann vi ein mann som hadde hatt tante Klara til lærar under krigen og såg skulen der ho hadde vore. Ho var så snill, sa dei der.
Hans har lenge drøymt om å komme til Vega. Der er fint!! Graset er grønare, fargane sterkare enn vi er vane med. Rikt med markblomster, fine hus og hagar, store flate marker og ei uendeleg mengde med høyballar. Dei var og flinke til å vise oss det dei har av natur og folkeliv.
Eg har i nokre år hatt lyst å sjå Petter Dass-museet. Det fekk vi med no.
I Snåsa besøkte vi ikkje han mannen, men Sørsamisk senter. Vi fekk prøve å kaste lasso.
Og så tok vi med Røros. Der har dei fått opp eit flott opplevingssenter sidan sist vi var der.
Til slutt på turen besøkte vi Liv Anna og Kjell Arne på Dombås.

















Bergknappen blomstra ut over berga. Tanga har ein friskare farge.

søndag 5. juli 2009
















Edderdun er veldig lett og heng saman. Til ei dyne trengst 1 kg dun. Det er mykje arbeid å rense duna. Eg fekk prøve dunharpe som dei reinsar duna med. Ei edderdunsdyne kostar 25 000 kr.
Det er ikkje dyrt, sa dama som fortalde. For det ligg mykje arbeid bak, og så varer ho i 100 år.














Fin natur på Vega. Vi budde på campingplassen i bakgrunnen.
Midt i naturen med mykje fuglar og markblomster. Og mange turstiar.

Torghatten















Vi gjekk gjennom holet i Torghatten. Hans meinte det hadde vore
landheving sidan sist han var her, for 30 år sidan. Det var ein bratt veg opp.