fredag 17. juli 2009

Seifiske
















Hans fekk 52 seiar. Han måtte bere på land i fleire vender. Andre stod berre og fotograferte.
Eg hadde sett ei grense på 20. No vart det ein stor jobb å lage til gryteferdig fisk.
Men då har vi mykje god mat. Det kom i frysaren i løpet av neste dag.

2 kommentarer:

Besta sa...

Nils har fiska mykje sei i år, men han har også hatt ute liner og fått lange , brosme og andre fiskeslag. I dag har han hatt ut båten igjen, tok den på land mens vi var vekke.Han fekk mykje sei, men dei var små. Sei kan brukast til mykje, men eg orkar ikkje all verdens matlaging no om sommaren. Kams har eg aldri laga, men eg har ete det. I Solund koka dei kamsen inne i brosmehovud som var reinska for tokn etc. Eg har oppskrift i ei bok som heiter FJORDAMAT. Datamaskina mi virkar ikkje så godt for tida, men over helga kjem Rasmus, så då blir det vel ordna.Gratulerer Hans med overstått fødselsdag. Flott hue!

Bjørg sa...

Eg har og boka Fjordamat. No såg eg på oppskrifta der. Ho er lik med svigermor si bortsett frå at ho brukte kveitemjøl, trur eg. Det brukte i alle fall eg no. Og kamsen eg laga no blei "normal".