onsdag 29. april 2009

Plateslepp i Måløy















Laurdag 25. april var det plateslepp i Måløy.
Den nye plata til Turid var ferdig for sal.
Gate 1 var avstengd heile dagen og på mange bord stod kanner
og muggar til sals. Turid selde av samlinga si. Ho selde og brudekjolar.
Men først og fremst var det sal av den nye plata. Og salet gjekk godt.















Turid og Grim signerer og sel plater.














Leif sørga for skikkeleg trykk på den flotte
musikken i gata.














Sverre Paul og Anne Marie var og oppmøtte
til platesleppet. Margit var der og.














Om kvelden var vi inviterte til fest på hotellet.














Mykje nydeleg sjømat som Berit hadde laga til.














Toneforfattar Grim Leivdal og tekstforfattar Turid
syng visa om "Berit i Ura" som står i midten.














Ikring 30 gjestar kosa seg med mat og musikk.
Kjellrunn og Arne.

søndag 19. april 2009

Vårarbeid på hytta.
















Laurdag var ein fin dag for vårarbeid. Vi var på hytta frå fredag til sundag og fekk raka og rydda. Eg laga ein liten kjøkenhage. Der har eg sådd frø som eg har fått av Dulka. Ho har hatt dei med frå Montenegro. Det er graskar og spinat. Spennande om det kjem noko opp!
Elles har eg sådd sukkerert, blomkarse og plukksalat. Skal så noko i Ørsta og.
Så har vi planta 4 syrinstiklingar, teke av den syrinen vi har i Ørsta. Alt har fått vatn og gjødsel.
Vi jobba ute heile dagen, så då kvelden kom, var vi ganske gåen. Sundag var kviledag. Etter preika som vi høyrde i radio ute i solveggen, gjekk vi tur til Buaneset og såg på alle dei nye
feriebustadane.















Løvetann og kusymre blomstrar no i bakken ved hytta.














Hestehov på Buaneset.














Utsyn frå Buaneset mot Blåbærøya og Nykremsholmen.
Liadalsnipa i bakgrunnen.














Utsyn mot Djuvika og hytta vår frå Buaneset.

onsdag 15. april 2009

Muslimsk gravferd















I dag har vi følgt venen vår Safet til grava.
Han vart gravlagd på Askjelhaugen kyrkjegard.
Imamen som forretta takka det norske folk
for at denne døde fekk bli gravlagd på ein
kristen kyrkjegard. Det var ein fin seremoni
som varde ein heil time på grava. Men rart at berre
menn fekk stå nær. Sonen Adis fekk stå der, men ikkje Diema, kona.
Etterpå var det minnestund i heimen med mat.














Enka stod eit stykke unna i lag med kvinnene.
Det verka rart at ho ikkje fekk stå nærare.
Imamen sa at dei muslimske kvinnene skulle
dekke seg til.














Karane jobbar med å fylle molda ned på kista.
Dei laga til grava. Skiftest på med arbeidet.














Så vart grava dekt med blomar.

søndag 12. april 2009

Påskegjestane















Frukost i Ørsta i påska. Jakob og Jonas er på
besøk hos mormor og morfar på Nes.














Mykje kjekt på datamaskina.



















Her kjem det gjestar!














Påskekaka blir pynta.














Naboane nedafor på besøk. Dei er tre - og firmenningar.














Dagstur til hytta.
Dugnad med å rydde vekk greiner og brenne dei.














Formiddagsmaten var graut, rømmegraut og
havregraut. 14 grader og fint å ete ute.














Fint å få vekk noko rusk og gamalt gras.














Elin og Hans i vårarbeidet.

søndag 5. april 2009

Misjonsforeininga Regndråpen 50 år.















Torsdag 2. april vart jubileet feira på Bedehuset
med 50 gjestar. Bjørg hadde attersyn, regionsleiaren
talte og viste lysbilete frå Madagaskar.
Leiaren i foreininga, Torbjørg fekk blomster og takk
for dei første 20 åra som leiar.














Nydeleg gulasjsuppe! Plantene blei utlodda.














Gode kaker til kaffien.














Ordførar Gudny var også innboden.