lørdag 27. september 2014

I Aleksander den stores fotspor

Vi var i mange moskear i Istanbul og Edirne.


Ved moskeen var det ofte fin park, rom for skule, bibliotek m.m.
Vi fekk sjå og høyre om mange utgravningar i Hellas og Makedonina.
Stobi har vore ein by som vart øydelagd av jordskjelv.
Vi kunne sjå at der hadde vore flott ein gong.


Store åkrar med tobakksplanter i Makedonia.
Dei blomstra med kvite blomster.
Vi såg og kor dei turka blada. Dei hang på snorer med plastduk over.
Hyggjeleg lunsj i Bitola i Makedonina.
Den dyktige gaiden vår, Elisabeth, var dansk. Her fremst til høgre,









 Byen Ohrid i  Makedonia er ein nydeleg by.
Han ligg vakkert til ved Oridsjøen. Fint sentrum med marmor gategolv i mange fine fargar.
Ohrid er perlebyen. Utruleg mange smykkebutikkar.
Eg kjøpte meg eit perlemorsmykke.
I Berat i Albania gjekk vi på steinsette gater opp til eit ikonmuseum. Mykje souvenirbutikkar langs vegen.

tirsdag 23. september 2014

Tur med Albatros til Istanbul og Edirne i Tyrkia, Tessaloniki i Hellas, Bitola og Ohrid i Makedonia og Tirana i Albania.

Utsikt over Tessaloniki.
Dei som har lese Tråden av Viktoria Hislop
kjenner att mykje her.
 Nydeleg gategolv i Ohrid.
Byen med perlene.

Vi fekk tur med robåt på ein sjø der vi kunne sjå at vatnet bobla opp frå botnen, ein oppkomesjø.
Det rann ut ei elv frå denne sjøen ut i Ohridsjøen.
Vatnet både her og i den store Ohridsjøen er utruleg klart og reint.
Ei lita kyrkje på ein knaus ved Ohridsjøen.
Vi gjekk ned der på ein fin sti i skogen.
Små robåtar rodde oss inn att til byen.
 Eit fint turistområde med restaurant.
Det var nytt i år, sa gaiden.
Her er vi i robåten på oppkomesjøen.
Flotte damer som sel handarbeid.
Eg kjøpte tre par sokkar med dei.
Dei var strikka av heimespunne garn.

Med ei anna dame kjøpte eg ein rund brodert duk.


 Og på sundag kom paven til Tirana.
Programmet vårt vart heilt skipla.
Så vi såg på paven i staden. Tett med folk som trengde rundt oss. Hans mista passet sitt. Det vart stole ut av ei glidelåslomme på bukselåret.
Det vart mykje styr for å komme ut av landet utan pass.
Vinsmaking var visst obligatorisk.
Dei dyrkar mykje druer og lagar mykje vin.

I Hellas såg vi og mykje tobakksplanter og blad som hang til turk på snorer under plasttak.
Vi hadde ein fin båttur på Bosporos då vi var i Istanbul.


 Gresk salat med store ostestykke.
Det smakte godt, men var ein stor porsjon.
Dette var lunsjen ein dag på ein uterestaurant.

Vi fekk mykje tradisjonsmat frå landa vi reiste i.