fredag 30. november 2012

Den første snømannen


Mathias og Helene sette i gong med snøballrulling
straks snøen hadde lagt seg.
Det vart nok til ein fin snømann,
Den første i vinter.

søndag 25. november 2012

Livet i november


Den første skappelgensaren er snart ferdig. Eg har vel teke meg vatn over hovudet, når eg har 7 jentebarnebarn. Det går rett nok fort og greitt å strikke. Tråden er dyr, men det får våge seg. Det er kjekt arbeid. Berre hendene held.
 Sist tysdag var vi på foredrag i Pensjonistuniversitetet i Larvik.
Det var forfattaren Jørn Lier Horst som fortalde om forfattarskapet og korleis han arbeider. Mord og mørke gjerninger var tittelen på foredraget. Veldig spennande å høyre på han! Han hadde bilete på skjermen og.
Han las mykje i barn- og ungdomen. Det var Hardyguttene, Frøken Detektiv, Fembøker, og mange fleire som vi kjenner.
Salamandergåten er den første boka i ein serie barnebøker. Han skal skrive 12 bøker på eitt år.
Og så blei det kjøpt nokre bøker med dedikasjon i .

 Eg har begynt å høyre på lydbøker. Det er fint når eg strikkar. Er begynt på den første boka til Knausgaard. Han skriv jammen godt. Eg trur eg kjem til å halde fram med dei bøkene. Elles har eg høyrt ein del av boka til Torbjørn Færøvik, Midtens rike. Utruleg at dei har drive med den fotsnøringa i 1000 år med fryktelege lidingar gjennom heile livet. Kvinnene rundt i verda har jammen hatt det vanskeleg. 



Kaktusane blomstrar. Det ser ut til at dei likar seg i Larvik. Julekaktusen står og med små  raude knoppar.


I dag fyller Astrid i Sola 16 år.
Ho er på speidartur denne helga.
Eg har sendt SMS.
Ho får klem når vi treffest snart.

På besøk i Arendal


For ei veka sidan var vi på helgabesøk i Arendal.
Det var regn og ruskever, så vi var mest innadørs.
Om sundagen køyrde vi med Asle ein tur opp i Froland. Det var interessant å sjå alle dei nye husa som kjem der oppe. Det må vere eit attraktivt område.  Vi såg Ovelandsheia og Blakstadheia. Og fine skular og idrettsanlegg. No er vi spent på kvar Børgefam. og Astrid og Geir skal busette seg.

Om laurdagkvelden laga Anne og Asle ei nydeleg kyllingsuppe.

Og Jonas laga noko godt med sjokolade.
Jakob snakkar med kameratane sine på scape.
Eili var innom, men var elles på russekro og med kjærasten.




torsdag 15. november 2012

Heimatt frå Lanzarote


Middagen siste kvelden var tapas i gamlebyen i Puerta del Carmen.  Vi fekk to fat med litt ulike rettar på deling for fire.
Kanariske poteter, paprika, calamare, kylling, reker, kjøttbollar....   Vi vart mette og det smakte veldig godt.


Og siste dagen vart det ein del shopping.







Mange fine skjerf med smykke på.
Det vart kjøpt nokre til gåver.



Så var vi heime att sist sundag. Til kaldt, fint haustver. Vi har hatt ein fin ferie alle fire.

Erteriset blomstrar framleis.
Men ein del av ertene kom i frysaren før vi reiste.

tirsdag 6. november 2012

Hans blei ny



Hans blei ny frå topp til tå. Det skjer ikkje ofte.
Nye grå sandalar, ny grå shorts, ny skjorte og ny caps.
Ikkje fin vel?

Mirador del Rio


Vi var heilt nord på øya, til Mirador del Rio. Der har dei bygd eit flott turistanlegg med kafe og souvenirbutikk inne i lavafjellet. Det viser nesten ikkje utvendig. Flott utsikt mot øya La Graciosa.

Tur til Haria



Byen Haria ligg i "Dei tusen palmers dal ".
I dag har vi vore på biltur heilt nord på øya.
Denne delen av Lanzarote er meir grøn enn området der vi bur, lenger sør, Vi har sett at dei dyrkar og får til å vekse i den svarte lavajorda.
Vi har og sett flokkar av kyr og sauer.

Smootie på torget i Haria.
Det kom ei god regnbye, men under store parasollar var det turt. Sikkert veldig bra for åkrane og anna som skal vekse.

søndag 4. november 2012

El Golfo og Papagøyestranda

I dag har vi vore på tur til El Golfo og sett på den grøne sjøen og den halve vulkanen.
Vi har varme dagar.  32 grader i dag.


Det kan hende det er kome bilete dobbelt, for eg ser ikkje alle eg har lagt inn på denne vesle maskina.
Då får eg ikkje ordna det før eg kjem heim på ei anna maskin.



Jens studerer steinane som er til sals i ein sjølvbeteningsbutikk.



Vi åt ein nydeleg fiskemiddag i El Golfo som er ein fiskarlandsby som er kjend for å servere god fisk.
Los Hervideros.
Dramatisk landskap der vatnet syder i holene i fjellet. Det er i nærleiken av El Golfo.
Og så besøkte vi Papagøyestranda dit vi måtte køyre på
ein lang dårleg grusveg. Men mange hadde funne vegen dit trass i den dårlege vegen.
Der var fin kvit sandstrand, ikkje lavasand.
                                                                                




lørdag 3. november 2012

Sjømannskyrkja og tur.


Laurdagane er det risgraut i sjømannskyrkja klokka 13. Rigmor, Jens, Hans og eg spaserte dit. Det tek ca. 10 min. Grauten kosta 5 euro med alt tilbehør. Vi sat saman med eit par frå Bergen og Rigmor tykte det var kjekt å høyre bergensmålet, ho som stammar frå Bergen.
Det har vore ein varm dag i dag. Over 30 grader.
 Rigmor og eg med utekafeen i sjømannskyrkja bak oss.

Seinare på dagen gjekk Hans og eg ein tur langs
klippestranda frå gamlebyen i Carmen.
Vi parkerte bilen ved hamna.
Det går ein fin turveg utover langs sjøen.



Eg ser på ein fikenkaktus med masse knoppar.
Den blir nok flott når han sprett ut.



Hans på veg ned den bratte bakken som er utruleg flott tillaga med steinar i fint mønster. Det er fint å komme fram her med sykkel når det er veg og ikkje trapp.



Så stoppa vi i kjøpesenteret i gamlebyen. På taket hadde dei fått på plass ein juledekorasjon.
Der var var mange fine butikkar i tre etasjer.



På taket av kjøpesenteret. I bakgrunnen er juletreet på plass. Det ser ut til at 1. november er starten på jula her.

Kunstnarhuset


Kunstnarhuset til Cesar Manrique er laga til i lavaen, noko over og noko under.
Han har laga utruleg mykje kunst på Lanzarote, og det var visst han som ville at husa der ikkje skulle vere høgare enn palmene. Så husa i alle byar er ei eller to etaser høge. Og alle er kvite med grøne eller blå eller brune listverk.
Men så døde han i ei trafikkulukke.
No er huset hans ope for besøkjande som vil sjå kunsten hans.





Under overflata av lavaen er det mange rom i holene som lavaen har skapt.
Her er det utegrill og sitteplassar.
Og basseng.







Eitt av kunstbileta hans.



Inngongen til Fundation Cesar Manrique.





Rigmor utafor inngongen.


I hovudstaden Arrecife


Etter å ha traska ei stund i gatene i Arrecife, sette vi oss på ein fortauskafe i gågata og kjøpte oss paella med sprite til.
Det var godt å sitte ned og fint å sjå på folkelivet. R og J ser også mange hundar og pratar gjerne med dei (på norsk).


Vi gjekk ein tur ned på moloen som fører ut til San Gabrielfestningen.
I bakgrunen viser det høgste huset på Lanzarote og nokre blokker. Elles er det berre toetasjes hus på øya.



Rigmor, Hans og Jens på moloen.
Her går vi bort til drosjene og får oss ei til å køyre oss oppatt til der vi har parkert bilen.