lørdag 3. november 2012

Sjømannskyrkja og tur.


Laurdagane er det risgraut i sjømannskyrkja klokka 13. Rigmor, Jens, Hans og eg spaserte dit. Det tek ca. 10 min. Grauten kosta 5 euro med alt tilbehør. Vi sat saman med eit par frå Bergen og Rigmor tykte det var kjekt å høyre bergensmålet, ho som stammar frå Bergen.
Det har vore ein varm dag i dag. Over 30 grader.
 Rigmor og eg med utekafeen i sjømannskyrkja bak oss.

Seinare på dagen gjekk Hans og eg ein tur langs
klippestranda frå gamlebyen i Carmen.
Vi parkerte bilen ved hamna.
Det går ein fin turveg utover langs sjøen.



Eg ser på ein fikenkaktus med masse knoppar.
Den blir nok flott når han sprett ut.



Hans på veg ned den bratte bakken som er utruleg flott tillaga med steinar i fint mønster. Det er fint å komme fram her med sykkel når det er veg og ikkje trapp.



Så stoppa vi i kjøpesenteret i gamlebyen. På taket hadde dei fått på plass ein juledekorasjon.
Der var var mange fine butikkar i tre etasjer.



På taket av kjøpesenteret. I bakgrunnen er juletreet på plass. Det ser ut til at 1. november er starten på jula her.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg les bloggen din kvar dag, og er passelig misunnelig på varmen og fineveret. Men så aktive som de er får de oppleve mykje spennande og interessant også.God ferie vidare!