Inga og ei veninne besøkjer oss ein dag i veka. Dei kjem rett frå skulen
og gjer lekser her. I år har vi også "skulekjøkken". Dei lagar middag med litt
hjelp. Det likar dei godt og er flinke. I går hadde vi kokt pir, agurksalat og
rømme. Det smakte for alle.
Litt var det å ordne i hagen. Der var ikkje så mykje ugras,
men sukkerertene måtte bindast betre opp.
Dei var store og tunge og hadde brote ned stativet.
Ein del belgar er ferdige. Neste år vil eg prøve med tomatar.
Formiddagsmat på terrassen.
Då vi kom tilbake, var asfalten lagt. Det vart fint.
Hans har laga støtter under bærbuskene.
torsdag 30. august 2012
mandag 27. august 2012
Heimreisa til Larvik
Det regna då vi reiste frå hytta. Men då vi kom gjennom tunnelen og ut ved
Bøyabreen, skein sola og det passa fint med ein kaffirast.
Eit par kyr hadde vi og besøk av.
Turen til Larvik gjekk fint over Hemsedalsfjell og ned forbi Krøderen og treet Den Gamle mester.
Vidare ned til Drammen og så var vi framme i åttetida.
Heime i huset vårt kom Elin med fårikål til oss.
I dag har vi hatt fint sommarver her. Likevel litt haust i lufta.
Eg har ordna med potteplantene. Dei har klart seg bra i
vatningsanlegget mitt.
lørdag 25. august 2012
Takk for i år på hytta!
I går fekk vi hyggjeleg besøk av Magnhild og Knut.
Knut er Hans sin fetter. Dei har hytte i Raudvika.
Og bur i Hornindalen.
Hytteveggen på oppsida er ferdig beisa.
Og platten der og trappa ned er olja.
Det blei fint!
Knut er Hans sin fetter. Dei har hytte i Raudvika.
Og bur i Hornindalen.
Hytteveggen på oppsida er ferdig beisa.
Og platten der og trappa ned er olja.
Det blei fint!
I dag har vi vore i Ørsta. På Amfi trefte vi mange kjende ørstingar og hadde koseleg bestemortreff med Oda som var i Ørsta for å prøve bunaden sin.
Vi var på kafe. Hans besøkte også Frode.
I morgon går turen tilbake til Larvik.
torsdag 23. august 2012
Endeleg seifiske
Så langt kom eg med den boksen, Tore. Vi kjøper meir i morgen.
Eg begynte der de ser. Ikkje noko på verandaen.
Hans kjøpte ein liter beis til den fjøla han reparerte.
Då kom eg så langt med resten på veggen. Der trengs beis no.
Då Hans kom att med frå fisketuren, var floa fin for å ta båten på land.
I dag fann Hans fram til seien, djupt nede. Han fekk 20 store, fine seiar.
Og 10 - 12 pir i dag og.
Det er litt styr å få Ulven inn, men det gjekk i år og.
I dag måtte eg ta meg av sløyinga. Vanlegvis er det fiskaren som sløyer.
Etter at båten var trygt på vogna, kunne Hans ta arbeidet med
å skjere ut filetane. Eg vaska og pakka for frysaren.
Trass i at det nye ekkoloddet ikkje verka som det skulle,
vart det sei i dag. Og makrell har vi fått mykje av.
Fine seiar og mykje godt til dei som ventar på bryggja og på
nausttaket.
Unge måsar ventar på godteri.
Ulven på veg inn i naustet. Og så er festen i gong.
Eg har lagt sloget på marka. Alt av blir vekk. Kvar ein smule.
Det er utruleg kva som går ned i desse halsane. Ryggar med hovud
og spor forsvinn.
Til middag i dag hadde vi kokt sei med lever og kams.

onsdag 22. august 2012
Fiske og slått
Hans fileterer. Min jobb er å vaske og legge i frysaren.
Måsane kjem og ryddar på marka.
I dag har eg slått graset i grankvia og raka det ned til naustet. Det var ganske tungt.
Måtte gå rett i dusjen etterpå. Men så var vi i kaffi til Anne over vegen. Koseleg!
Hans fekk 12 seiar i dag, endeleg litt sei! Nokre makrelar var det i dag og.

tirsdag 21. august 2012
Besøk hos Anna og Einar
I dag køyrde vi ein tur ut i øyane, til Runde. Der fotograferte vi på kyrkjegarden til samlinga av gravminne.
Såg etter kusine Margit, men ho var ikkje heime. Kusine Anna og Einar var heime. Vi vart godt mottekne.
Anna hadde nettopp baka brød, og det lukta godt i huset av baksten. Dei smaka godt også.
Anna er veldig interessert i hagestell. Ho viste meg rundt i den flotte hagen og fortalde om plantene.

mandag 20. august 2012
Besøk i Vedelda
Frå Gjerdsvika køyrde vi til Vedelda. Hans ville fotografere gravsteinane til slektningane sine der.
Det er eit greitt kartotek å ha. Då kan ein lett finne data ein treng.
Utsikt til Vedelda frå ferja Årvik - Koparneset.
Utsikt frå Åsen der Åshild og Agnar bur.
Eggfabrikken til Paul Sindre og fleire
viser nede i skogen.
Huset til Åshild og Agnar er
påbygd.
Det nye huset på garden der familien som no er
drivarar bur.
Den unge familien som er drivarar
av garden. Mange kyr og moderne fjøs.
Og så dei vi besøkte, Pål og Ruth
attmed det fine rosebeddet.
søndag 19. august 2012
Besøk på hytta
I dag fekk vi hyggjeleg føremiddagsbesøk
på hytta av Hans si kusine Anne og Arthur.
Dei bur på Kragset.
Dei var på veg til Ulsteinvik med barnebarn som
spelar fotball.
på hytta av Hans si kusine Anne og Arthur.
Dei bur på Kragset.
Dei var på veg til Ulsteinvik med barnebarn som
spelar fotball.
Trebåtfestival i Ulsteinvik
Laurdag hadde vi oss ein tur til
Ulsteinvik for å sjå på
folkelivet.
Det aukar for kvart år.
Veret var bra.
Stor stemning med teater på scene
og mykje musikk.
Og mykje varer og ikkje minst mat til sals.
Mange fine nypussa båtar.
Vi trefte kjende og.
Her snakkar vi med Helge Runde.
Der var mange aktivitetar for borna.
Her er dei på sjøen inne i store ballongar.
Kø av dei som venta på tur
i ballongen.
Her bles dei opp ballongen
og så blir han kasta på sjøen
med passasjeren inni. Det såg
ut til å vere kjekt.
torsdag 16. august 2012
Middag hos Frode
middag hos Frode i Ørsta.
Vi fekk kjempegod mat:
kyllingfilet med erterstuing,
saus, tyttebær, poteter og gulrøter.
Desserten vart servert på
verandaen. Jordbær med
vaniljesaus (ekstra god).
Og kaffi til.
Vi har det bra om dagen!
Besøk i Ulsteinvik
I går var vi på koseleg besøk
hos Annfrid og Per.
Vi fekk nydeleg kveldsmat:
smørbrød og marsipankake.
Kjekt å prate med dei!
Sein kveld på hytta.
Blikkstilt på sjøen.
I går hadde vi ein fin dag med
sol og 20 grader.
Vi kunne ete middag på verandaen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)