onsdag 22. august 2012

Fiske og slått

                                                           Hans fileterer. Min jobb er å vaske og legge i frysaren.
                                                           Måsane kjem og ryddar på marka.


                      I dag har eg slått graset i grankvia og raka det ned til naustet. Det var ganske tungt.
                      Måtte gå rett i dusjen etterpå. Men så var vi i kaffi til Anne over vegen. Koseleg!



                                       Hans fekk 12 seiar i dag, endeleg litt sei!  Nokre makrelar var det i dag og.

2 kommentarer:

Besta sa...

Du må helse Hans og seie at han må få seg skikkelig vegn, så han slepp å filetere så små fiskar. Såg at Arne Ola hadde fått store seiar, truleg på Hølen. Den største var på 18 pund.

Bjørg sa...

I dag var vi godt nøgde med fin sei.
Eg såg biletet av den som sonen til Arne Ola hadde fått.
Eg synest ikkje dei treng vere så store.

Det var lever til kams og i dag. Den og går i frysaren. Så tek vi opp to kamsar til fiskemiddagen.