![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiawxbBlmMLk7iw05HKNSeiofUQ4jOq16xUJaAH7Qq2inga_JsPy3aygqxioBrRrKghfgfgF37Aty60coIa4E8Z3Un8cFR1B9TSYoFQ2hKXSkBFH35OkApjGv_I3d0sVDPPooEDUCTgGMw/s320/tn_DSCN0653.JPG)
Her skjer det noko kvar dag. Måndag var vi i Tananger kyrkje
om kvelden. Der fekk seks speleelevar prøve å spele på
kyrkjeorgelet. Helene var ei av dei.
I går, tysdag, var det tenkjedagsfeiring for speidarane i Sola.
Det var mange, kanskje 200 samla i Ræge kyrkje.
Og imponerande med opptakk av 11 vaksne leiarar, dei fleste menn.
Denne veka er det "Tangentveke" i Sola kulturskule.
I dag har vi vore på konserten i Lille konsertsal i kulturhuset.
20 elevar framførte pianostykke. Astrid og Helene var mellom dei.
Flott sal med "fuglefjellamfi" og stilige og flinke elevar.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEi2Jw8tDSfnTEb1zKxBL06pQ3t-MnMYRlWvODU-i2fNK95lmlEkVpzYL96bqIhl3jfk4p-fmFXZEImFR-Q1JPs5-kN-0eqjpZcEWi5QuvglV9L0he9yhqQ3aEAmzyKOsTaSuNwtcr0QnN8/s320/tn_Leiaropptaking+R%C3%A6ge+3.jpg)
Innsetting av nye speidarleiarar i Sola.