onsdag 3. februar 2010

Møte i Regndråpen

Vi var berre fem på møtet i går. Reidun og Henriette kunne ikkje komme.
Her er vi i arbeid med studiearbeidet om misjon.
Det handla om ei jente i Brasil som har lyst å bli misjonær.
Og samtaleoppgåvene var: Kvar er vårt fokus?, Kva brukar vi tid på?
og Kva er avgjerande for dei val vi gjer i livet?
Krevjande spørsmål, og svara blei vi vel ikkje ferdige med.
Vi har maten i starten av møtet. Denne gongen var det te, brød og pålegg
og så kake og kaffi.
Vi hadde elles evaluering av 13.dagsbasaren og planer framover.
Og sjølvsagt misjonsgåve.
Det er kjekt med misjonsforeining!

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg synest de er flinke som greier å tenkje så mykje på andre.Eg kjem aldri lenger enn til familie og venner, dessverre.Ønsker dokke lykke til med arbeidet.

Bjørg sa...

Takk for det, du!