tirsdag 31. mai 2011

Huset er selt

Skiltet med Til sals er teke ned. Det kom bod alt på visninga i går.
Fristen vart sett til klokka 12 i dag. Det var spennande!
Vi fekk takstpris 2.8 mill. Og det er vi godt nøgde med.
Dei nye eigarane skal truleg ta over 1. august.
I dag har eg pakka 7 flyttekassar.
Tilhengaren er pakka klar for ein ny tur til Larvik denne veka.

mandag 30. mai 2011

Blomstring på hytta

Rhododendronen sprett ut og er no på det finaste. I bakgrunnen
viser Dulka sin rhododendron. Han likte godt å bli flytta.
Eg har sett nokre få mandelpoteter og sådd blitvafrø.
Så har vi hausta rabarbraen. Han er komen i frysaren.



Nede i bakken der eg kjempa forferdeleg med einestapen i fjor, er det
forglemigei og andre sommarblomster pluss gras. Så no trur eg at eg har vunne.
Hadde på godt med kalk i fjor.

fredag 20. mai 2011

Anita Karin og Arne

Det hender at eg les kommentarar på Besta (veninne Olaug) sin blogg, og det gjorde eg i dag.
Der fann eg meldingar frå dokke. Nokså tilfeldig. Men eg har no sett det, og har lese det til Hans. Mange takk!

Hus til sals i Ørsta



I dag vart huset vårt lagt ut for sal på internett, Finn.no Eiendom.
Det kjennest litt rart å sjå det. Vi har har hatt eit godt liv i Ørsta.
Likevel er det kjekt å sjå framover og glede seg til nytt hus nærare barn og barnebarn.
Overtaking av det nye huset i Larvik skal vere neste fredag, den 27. mai.
Så er det visning her i Ørsta den 30. mai. Inni mellom pakkar vi.
I dag fekk eg ordna litt i hagen. Svallerkålen veks om det er sal eller ikkje.
Det skal bli godt å få mindre hage!

Sundagsfrukost i Ørsta. Hans fekk blomster av Åse Margrethe Leite for at han redda ho frå regnet på 17. mai då ho heldt talen ved bautaen.

tirsdag 17. mai 2011

17. mai i Ørsta



Dagen starta med sol og fint ver.
Rett nok litt tunge skyer over Nivane.
Her er vi på veg ned Prestebrauta, og som vanleg er ho fint pynta.

To sunnfjordingar har funne kvarandre.
Bjørg og Adolf Nydal frå Stongfjorden.
Han har budd i Ørsta litt lenger enn oss.

Speidarane med flaggborg.
Først i toget kom alle barnehagane. Utruleg mange born og foreldre.
Første åra vi budde i Ørsta var det ingen barnehagar i toget.
Dei utgjer no mest halve toget.



Til folketoget var vi budde på regn.
I bakgrunnen ser vi Follestaddalen hornmusikk som spelte sittande
på stolar på eit lasteplan.
Fotografen her var ingen ringare enn gamleredaktøren i Mørenytt, han Bergmann.

Folketoget i regnver.
Ordførar Gudny og leiar for 17.maikomiteen Tove, går fremst.

Åse Margrethe Leite heldt talen ved bautaen. Då vart det ei frykteleg
regnbye. Vi skimtar her Hans som gjekk fram til henne med paraply.
Han fekk mange fine kommentarar for det etterpå.
Manuskriptet kunne ha regna vekk.



mandag 16. mai 2011

50-årsjubileum for lærarskuleklassen i Bergen.

21 av elevane i klassen frå 1957 -61 kom til dette treffet.
6 hadde med ektefeller.
Sittande framme er ein av lærarane, 89 år gammal.
Han heldt eit langt og interessant foredrag om utviklinga i skulen.
Vi var 34 i klassen. Tre er døde.

Laurdag føremiddag hadde vi byvandring på Nordnes.
Bjørg som bur der og har budd der heile sitt liv, var dyktig gaid.
Her ser vi på huset der Amalie Skram budde.
Etter vandringa som hadde med Nykirken, hadde vi lunsj på
ein tapasrestaurant.

Vi to Bjørgene hadde rom i lag dei to første åra.
Første året budde vi på Mølenpris på pikeværelset. Vi måtte gå gjennom kjøkkenet
for å komme inn på rommet vårt. Det var eit stort rom.
Andre året flytta vi i lag til andre sida av Puddefjordbrua.
Framleis budde vi på same rommet. Vi var nøysomme, sa Bjørg no.

Her er tre Bjørger og ei Synnøve.
Så kjekt å treffast!
Vi hadde fin middag om laurdagskvelden i
Nordnes Bydelshus

Bursdag i Larvik

Eg var i Larvik på bursdagen min og fekk ei fin feiring.
Sunniva og Hans hadde vore i gullsmedbutikk og eg fekk fine øyredobbar i sølv.
Med familien fekk eg ei spennande bok, og med dei andre besteforeldra konfekt.

Kaker hadde vi rikeleg frå konfirmasjonen.
Men Elin var på seminar i Danmark.

Sunniva laga flotte gavekort med fine helsingar på.


mandag 9. mai 2011

Konfirmasjon i Larvik

7. mai og konfirmasjon i Larvik.
Sunniva i sin nye vestfoldbunad, den gamle typen.

Elin, Inga og Sunniva konfirmant utafor huset deira.

Johanne er i østfold sommarbunad.
Og kusine Astrid er komen frå Sola med familien.

Her har familien funne plassar i Østre Halsen kyrkje.
Det trongst tre kyrkjebenker til oss. Men alle fekk visst plass elles og.
Konfirmasjonsfesten var i Norconsult sine lokaler, der Dag har jobben sin.
Eit stort og romsleg bygg med god plass.
Konfirmanten hadde bestemt fargar og laga dekorasjonar.
Bordkorta hadde bilete av gjesten i staden for namn.
Ho heldt tale og ønskte velkommen.

Konfirmasjon på Sola.

Laurdag 30. april var vi i konfirmasjon på Sola.
Konfirmantane no deltek mykje. Astrid laga dekorasjonar til festbordet.
I festen heldt ho tale og ønskte velkommen.

Kari og konfirmanten Astrid i ny rogalandsbunad
utafor Sola kyrkje.

Festen var i Himmel og Hav på Solastranda.
Det er misjonsselskapet sin leirstad og ein flott plass.
Vi overnatta der i to netter. Fine gjesterom.
Det var fint ver. Solnedgangen om kvelden var veldig flott.